Viser innlegg med etiketten vaksen. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten vaksen. Vis alle innlegg

onsdag 22. mai 2013

Gode mennesker


Nir Baram: Gode mennesker

Gode mennesker er ei annleis bok frå 2.verdskrig i Europa. Me følgjer to personar i to ulike totalitære statar annakvart kapittel gjennom heile boka.

Den eine hovudpersonen er Aleksandra Weisberg i Sovjet. Ho er dottera til ein jødisk intellektuell i Leningrad. Foreldra og vennene deira blir vurdert som farlege for det kommunistiske regimet. For å redda seg sjølv og tvillingbrørne sine, går Aleksandra i teneste hjå fienden.

Den andre hovudpersonen er Thomas Heiselberg, reklamemann og glad i alt amerikansk, noko som ikkje blir populært etter kvart som nasjonalismen vinn fram i Tyskland. Han er ein person som prøver å snu kappa etter vinden, og det å gi folk det dei vil ha, er hans sterkaste kort.

Då eg las på baksida av boka, trudde eg at desse to personane ville møtast relativt raskt og at boka vidare ville handla om vegen vidare for dei i lag. Dei møtest, men ikkje før etter cirka 400 sider, så boka handlar meir om koss dei kjempar i kvar sitt land mot diktatur og undertrykkande system.

Bak på boka står det:» Gode mennesker er Nir Barams fjerde bok , og den første israelske romanen som tar for seg den andre verdenskrig sett fra overløpernes perspektiv. Den lå på bestselgerlister i seksten uker, og ble nominert til Sapir-prisen, Israels mest prestisjefylte litterære utmerkelse.» Dette er likevel ikkje ei lettlesen bok. Eg sleit med å forstå alt, blant anna blei hendingar rundt dei tolka av hovudpersonane som at nå hadde det skjedd noko alvorleg, sjølv om eg ikkje heilt fatta kvifor. Men det har vel kanskje noko med at det er vanskeleg å setja seg inn i koss det er å leva under slike regime, og at ein sjølv ikkje er vane med å tolka alt og alle rundt seg heile vegen for å finna ut om dei er med eller mot ein.

Boka er på vel  500 sider.

Søk gjerne opp i Atekst Eskil Skjeldal si bokmelding i Vårt Land: Da Europa kollapset
Anne

fredag 26. april 2013

Lengsel etter frihet


Chai Ling: Lengsel etter frihet

I 1989 leier Chai Ling studentopprøret på Den himmelske freds plass i Kina. Ho er ein av dei som overlever,  og ho greier å flykta frå Kina og endar etter kvart opp i USA. Over tjue år etter fortel Chai Ling si historie.

Boka handlar både om oppvekst i Kina og om det å vera overlevande etter ein massakre, men òg om å finna nytt håp og meining i livet. Igjen får me sjå inn i eit samfunn der enkeltpersonar har lite å seia. Eg tykkjer Chai Ling får godt fram koss alt blir bestemt for deg og at både samfunn og foreldre forventar svært mykje. Men me blir òg kjent med ei jente som etter kvart begynner å stilla seg spørsmål og som ser baksidene ved eit lukka og autoritært samfunn. I tillegg tykkjer eg boka viser at det er store utfordringar å arbeida for demokrati og å begynna å tenkja sjølv i eit slikt samfunn. Koss organiserer me oss  og  kjem fram til felles standpunkt i ein organisasjon når me alltid har blitt fortalt kva me skal gjera?

Andre del av boka handlar om livet i USA. Chai Ling blir tillagt meiningar om at ho ønska eit blodbad på Den himmelske freds plass. Opposisjonen til kinesiske styresmakter i utlandet er splitta. Sjølv slit ho med skuldkjensle og skam. Likevel klarer ho å etablera eit tilsynelatande vellukka liv, men noko manglar. Til slutt blir ho kristen, og me får sjå kor frigjerande dette er for henne, men òg at dette gir ho eit nytt, stort oppdrag: kampen for det ufødde liv i Kina.

Eit interessant vitnesbyrd.

Me har òg denne boka på engelsk.

Anne

 

fredag 19. april 2013

Mamma er en countrysang


Cathrine Evelid: Mamma er en countrysang

Dette er ei roman frå Stavanger på 80-talet. Det gjorde at eg i første omgang fann boka interessant. Me blir kjende med ein liten familie: Mor Gry, far Terje og sonen Stig. Sjølv ønskjer dei å sjå på seg som ein moderne familie. Gry er likevel ikkje meir fri og moderne enn at ho fortsatt bryr seg om kva familien heime på Ogna meiner, og der er livet noko heilt anna enn moderne.  Den store draumen for Gry er å bli songstjerne, men medan ho ventar på «gjennombrotet», arbeider ho på Grillen som servitør. Terje er nordsjødykkar, barsk og uredd. Han er veldig interessert i musikk, kan teksten på alle låtane og alle strofene av Terje Vigen. Midt i dette lever Stig. Han er nært knytt til Gry og «les» henne for å finna ut kva sinnsstemning ho er i. Livet er enklast og kjekkast når Gry er glad. Faren er han meir halvredd for. Terje kan for eksempel få for seg at nå er det på tide at Stig lærer å symja, og då veit Stig at det nyttar ikkje å protestera. Samtidig er Terje den som gjer livet trygt. Han kan ordna opp i alt.

 Det er stort sett tankane og livet til Stig me får sjå alt gjennom. Han har ein livlig fantasi og er samtidig ein vàr gut. Kanskje er tankegodset innimellom noko over middels avansert for ein gutunge, men skildringane er likevel gode. Utover i boka får nemleg Stig meir og meir å tenkja på. Gry drøymer om songtilbod i radioen hjå ein mindre tiltalande mann, noko Terje ikkje likar. Og er arbeidet til faren farleg? Og kvifor er forholdet mellom mora og familien på Ogna så vanskeleg?

Ei interessant og godt skriven bok på 188 sider! Men eg tykkjer  miljøet på Ogna er skildra vel gammaldags til å vera på 80-talet. Eg hugsar jo dette tiåret sjølv, men kan ikkje seia at eg kjenner meg igjen. Nå var Ryfylke staden eg vaks opp, så det var kanskje annleis på Jæren? Forfattaren har nok tenkt å gi eit tidsbilete av 80-talet, men blir til dels for urealistisk og noko klisjèprega.
Anne

fredag 1. mars 2013

Den tomme stolen


J.K.Rowling: Den tomme stolen


Rowling er kjent som forfattaren bak fantasy-serien Harry Potter. I denne boka skriv ho realisme for vaksne.  Me er i ein småby/tettstad i England(Pagford), men avstanden til byen(Yarvil) er ikkje stor. Midt mellom her ligg fattigområdet, Fields. Desse menneska som lever her, har Pagfordfolka fått ufrivillig tett innpå seg. Barna går på skule i Pagford, og det er i tillegg ein rusklinikk i «deira» bygg. I det siste er det likevel krefter, òg i Yarvil, for å få Fields inn under Yarvil sitt ansvarsområde. Dette og utleige av bygg til rusklinikken skal soknerådet uttala seg om, men før dei kjem så langt, døyr ein markert person i soknerådet: Barry Fairbrother. Kven skal ta plassen etter han? Det er blitt ein tom stol.

Ut over i romanen ser me at Barry Fairbrother ha vore ein svært spesiell person. Det er mange som opplever at det forsvinn noko grunnleggande i livet deira når han døyr.  Me får innsyn i fleire heimar og mange liv. Rowling nyttar ein allvitande forteljarmåte og me blir kjent med mange, særleg kvinner, sine tankar og draumar. Det er mykje trist i denne boka, mange som opplever at livet ikkje blei slik dei håpa på. Alt er ikkje slik det ser ut frå utsida. Og det er kanskje her Rowling sitt forteljartalent er, ho viser at livet ikkje er svart/kvitt. I tillegg tykkjer eg ho minner oss på det ansvaret me har som enkeltmenneske.

I starten av boka er det mange namn og det tar litt tid å få oversikt og å komma inn i boka, men Rowling skriv godt og er dyktig i menneskeskildringane.  Mykje av handlinga er lagt til røffe miljø, og språket ber preg av det. Men eg likar å lesa bøker der forfattaren ønskjer å seia oss noko ut over å underhalda,  så dette er absolutt ei bok eg kan anbefala.

Anne

onsdag 6. februar 2013

Extremely loud and incredibly close


Jonathan Safran Foer: Extremely loud and incredibly close

 

Hendingane i denne boka foregår i storbyen New York. Det er Oskar som er hovudpersonen, ein gut på åtte eller ni år som mista faren sin i terrorhandlingane 11. september 2001. I ettertid har Oskar slite og han bruker metaforar som "wear heavy boots" og "white clothes" for å skildre korleis han har det, men på andre område er han ein unormal, oppvakt gut, og eg vil seie at han er ei miniatyrform for rektor Humlesnurr i Harry Potter. Oskar skriv brev til Stephen Hawking utan særleg hell (og alle svara er like). Han skriv brev til andre og spør om å få vere assistenten deira i diverse forsking, og han finn opp diverse nye ting før han sovnar. I tillegg er han glad i å snakke fransk og lese i faktabøker om forskjellige rare fenomen. Oskar er ateist, men han er òg i mot banning, noko som kan gi utruleg mange rare ord når han er sint. 

 

Plottet i boka dreier seg om ein nøkkel Oskar fann i faren sine saker, og det går ikkje lenge før han knyter etternamnet Black opp til nøkkelen. Nå er det likevel slik at det i New York er 162 millionar stader der denne nøkkelen kan passe, men "heldigvis" er det bare 417 personar i byen som heiter Black til etternamn. Kvar søndag reiser Oskar ut på eventyr for å snakke med alle personane med Black som etternamn, og etter kvart får han seg òg ein medhjelpar.

 

Parallelt med historia om Oskar får me følgje bestemora, mora til faren, og den lenge sakna bestefaren til Oskar. Begge skriv brev og dagbok om tidligare hendingar, bestemora til Oskar og bestefaren til faren til Oskar. Dette gjer at lesaren heile tida sit med litt meir informasjon enn hovudpersonane. Boka er fenomenal og plottet er fantastisk. Eg plar å seie at hadde eg vore ti år yngre hadde eg vore forelska i denne guten. Trass i at faren er død, er han på mange måtar livsglad, sjølv om han er ein pessimist. Boka er kjempebra skriven, og den manglar faktisk ein del avsnitt, men det gir ein effekt som gjer at me forstår meir korleis samtalar utspelar seg. 

Det er òg heile sider med teikningar eller bilete i boka, så for dei som liker dette, kan dette vere ei morosam, men bra bok.

 

Bare sånn heilt til slutt, slik ser standarsvaret ut som Oskar får tilbake fire gonger frå Stephen Hawking

Thank you for your letter. Because of the large
volume of mail I receive, I am unable to write
personal responses. Nevertheless, know that I
read and save every letter, with the hope of one
day being able to give each the proper answer it
deserves. Until that day,
Most sincerely,
Stephen Hawking

 

Men til slutt...

 

Mai Lene

 

onsdag 30. januar 2013

Natten drømmer om dagen


Ingvar Ambjørnsen: Natten drømmer om dagen

Sune er ein mann som ikkje finn seg til rette blant andre menneske. Han trivst best aleine på vandring frå hytte til hytte i fjellheimen. Her lever han av det han fangar og finn ute i naturen, eller av det andre har sett igjen på hyttene sine. Det er eigentleg utruleg at ein mann som sit i ein storby som Hamburg og sjølv er avgrensa i frå større fysisk aktivitet på grunn av kols, kan skriva så detaljert og nært om naturopplevingar i den norske fjellheimen. Sjølv seier han i eit intervju: «Nå har du skrevet en hel bok om alt det du selv ikke lenger kan gjøre».

Men Sune klarer ikkje heilt å unngå menneska rundt seg. Han har kjente som forventar tenester av han, og som han òg sjølv treng for å ha litt pengar å rutta med. Etter kvart dukkar det òg opp ei ung kvinne. Har han ansvar for henne? Sune blir med andre ord dregen mellom trongen til aleineliv og banda han har til menneska rundt seg. Denne sære personen og menneske som er annleis, er Ambjørnsen veldig dyktig til å skildra. Språkleg er dette ei bok å nyta.

Les gjerne òg intervju med forfattaren på: http://www.nrk.no/nyheter/kultur/litteratur/1.8330877

Anne

fredag 18. januar 2013

Alene sammen


Abraham Verghese: Alene sammen

Alene sammen er ei stor bok. Det er ei bok for dei som er interesserte i kirurgi, for alle som er interesserte i Etiopisk historie, ei bok for dei som har misjonærbakgrunn og ikkje minst ei bok for alle oss som likar ei god og lang familiehistorie. Boka er stor, òg i omfang, med 776 sider.

Verghese har tidlegare utgitt fagbøker, og fagmennesket skin godt igjennom i denne boka. Eg må nok innrømma at eg las litt fort over detaljerte kirurgiske opplysningar,  men det ga eit lite innsyn i eit ukjent miljø for meg. Heilt bak i boka har forfattaren i tillegg skrive ned kva som er faktiske hendingar og personar og kva som er oppdikta.

Men i første rekkje er dette ein roman om tvillingane Shiva og Marion og deira oppvekst på eit misjonssjukehus i Addis. Dei er einegga tvillingar, men relativt ulike likevel. Mora døyr under fødselen og faren stikk av. To medarbeidarar av foreldra på sjukehuset tar over foreldreansvaret. Tvillingane er frå starten av svært avhengige av kvarandre og opptrer ofte som ein person. Det at tvillingane både er like og samtidig forskjellige, skapar etter kvart konfliktar.  Men kanskje er dei fortsatt meir avhengige av kvarandre enn dei i utgangspunktet trur sjølv? Ei roman om store kjensler og dramatiske hendingar.

Boka er ikkje inne på biblioteket ennå, men er bestilt.

Anne

onsdag 9. januar 2013

Maleren fra Shanghai


Godt nytt år!

Då er me i gong med nytt leseår. Ta gjerne ein kikk på sida over nye bøker for å sjå kva me har fått inn etter jul.


Dessverre blir det utan bilete av boka , fordi dette ikkje fungerte i dag.
Jennifer Cody Epstein: Maleren fra Shanghai

Pan Yuliang, «Maleren fra Shanghai», blei fødd i Kina i 1899 og døydde i Paris i 1977. Foreldra døydde tidleg, og ho vaks opp hjå ein opiumrøykande onkel. Onkelen kom i stor gjeld og selde henne til eit bordell då ho var 14 år gammal. Etter ei stund blei ho berga derifrå av Pan Zanhua. Han gifta seg med henne og ho blei  andrekona hans. Det viste seg at Pan Yuliang hadde talent for maling, og ho blei ikkje minst kjent for aktmaleria sine, som ofte er sjølvportrett. Desse maleria skapte stor debatt i Kina og etter kvart blei det umogleg for henne å arbeida der. Ho reiste til Frankrike i 1937 og budde der resten av livet. Dette er altså faktaopplysningar om Pan Yuliang. Boka bygger på desse, men er elles fri fantasi, i følgje forfattaren sjølv.

Som de forstår, er dette ei veldig spesiell historie. Ei historie som både er grusom og fin på same tid. Det som er fint å lesa om, er måten Pan Yuliang blir berga ut frå eit øydeleggjande, fornedrande og håplaust liv og til eit liv med meining. Boka kjem i tillegg inn på kampen for å vera ein «fri» malar. Eg tykkjer òg det er interessant å lesa om brytningane politisk og samfunnsforholda i Kina på denne tida.
Anne

 

onsdag 19. desember 2012

God jul

Då vil me ønska dykk ei riktig god jul! Kom gjerne innom og lån med noko godt lesestoff til juleferien. Siste bokomtale for i år, er ei krimbok:


 Johan Theorin: Nattefokk

 Hovudpersonen i Nattefokk er Joakim Westin. Saman med kone og barn har han flytta til garden Åludden på Öland, og planane for den gamle garden er mange. Likevel går nesten aldri planar slik du vil, og aller minst i bøker. Spenninga i boka heilt frå første side, og Theorins vage hinting om at noko skal skje, gjer at her forstår ein at noko skal gå gale. Ein dag når Joakim reiser til Stockholm for å hente eit gammalt arvestykke, skjer det utenkelege. Politiet slår på tråden.

"Jeg er i Stockholm," sa han. "Eller på vei herfra... jeg er utenfor Södertälje."
"Så du er på vei ned til Öland?"
"Ja," sa han. "Jeg har med meg det siste flyttelasset fra huset vårt i Stockholm." Han ville virke klar og tydelig og få politikvinnene til å begynne å svare på spørsmål. "Kan du fortelle hva som har skjedd? Er det noen av..."
"Nei, avbrøt hun. "Jeg kan ikke si noe. Men det hadde vært fint om du kom hit så fort som mulig."
"Er det..."
"Hold fartsgrensen," sa politikvinnen og brøt forbindelsen.


Dette er bare ein av to samtalar i bilen, og Joakim får livet snudd opp ned. Kona er død, han har to ungar som skal følgjast opp utan Katrine, og sjølv er han knust av sorg. Planane for garden blir lagt til side, og mykje av tida går med til å finne ut kvifor Katrine gjekk ut på steinane den dagen ho drukna.

Gerlof Davidson, som me får bli godt kjent med i første boka til Theorin, er sjølvsagt òg med, og han prøver så godt han kan å fortelje politikvinna, som han er grandonkel til, om farfaren hennar, samstundes som han tenkjer på dødsfallet til Katrine Westin. Parallelt med denne historia får me òg lese Mirja Rambe, mor til Katrine, si historie, og historiene som går om at det spøker på Åludden, skaper rykte på Öland. Til og med Joakim får kjenne på dette, og typiske ting som hemmelege rom  og at låste dører plutseleg er opne er ingrediensar i denne boka. Ein kan nesten ta og føle på heile stemninga.

Den tredje gruppa med personar i denne historia er tjuvane Henrik, Freddy og Tommy. Freddy og Tommy oppsøker Henrik for å få han med på nokre tjuveri som i utgangspunktet skal vere ufarlege. Öland blir nok ein stad kor tjuvar herjar, og menneske blir skada i jakta på verdisaker. Den natta når fokket kjem inn over Öland, natta til julaftan, møtes alle personane i boka i ein blodig samanstøyt. Nattefokk er fantastisk spennande og til å få mareritt av.

Theorin sine bøker gjer at ein sit og tenkjer: "Korleis skal han få alt dette til å gå saman? Kor vil han hen?" Likevel er det noko som driv ein vidare gjennom sidene og bøkene. Språket er ikkje avansert, men veldig bra, og ein les ikkje om Öland, ein er på Öland i desse bøkene. Han har heller ikkje mange stereotype karakterar slik som mange andre krimromanar og krimseriar har. Det er få av desse, og ein forfattar som klarer å skape karakterar som er realistiske i ei historie som er på grensa til urealistisk, er bra. Nå seier eg ikkje at Theorin skriv innanfor fantasysjangaren, men han skriv litt urealistisk etter mi meining, og han har med litt overnaturlege faktorar, som spøkelse, i bøkene sine. Likevel kjenner me oss igjen i karakterane og får eit sterkt ønske om å møte dei "face to face".

Personleg liker eg best Gerlof Davidson, den gamle mannen som hjelper til med mysterium og har mange historier å kome med om det meste. 

Mai Lene

onsdag 12. desember 2012

Et brustent halleluja


Tomas Sjödin: Et brustent halleluja

Ein noko uvanleg tittel, som iallfall gjorde meg interessert i denne boka. Sjödin presenterer her eit djupare innhald i ordet halleluja enn det eg har lagt i dette ordet frå før. Eg likar bøker som kan fornye og gi meg noko å tenkja vidare på. Det gjorde denne boka.

Elles kan ein vel seia at boka spring ut av to personlege erfaringar. Sjödin har nett mista sitt andre barn i sjukdom og han har ei sterk oppleving ein sundag han er ute i byen og høyrer kyrkjeklokkene ringa. Kvifor blir han så sterkt bevega av kyrkjeklokkene? Kva skjedde? Dette vil han finna ut av. Boka blir difor òg ei bok om kyrkjeklokker, men der dette blir flette inn i og brukt som illustrasjonar på det kristne livet. Sjølvsagt har boka òg med seg den mørke klangbotn etter å ha mista to barn, men boka er ikkje dvelande ved sorg og sakn, men gir meir tankar om det å leva det kristne livet, midt i både det gode og vonde som livet kan by på.

Eg er nok innimellom ikkje heilt med på fascinasjonen og interessa for kyrkjeklokker, men boka har andre sider som absolutt gjer ho verdt å lesa. Sjødin skriv i tillegg lett og godt.

Anne

onsdag 28. november 2012

Balanse


 
 
Thorvald Steen: Balanse

Me høyrer ofte om dårlege opplevingar ulike menneske har i møte med helsevesenet, ikkje minst om kva mange erfarer på sjukeheimar rundt om i landet. Denne boka fører oss på innsida av ein sjukeheim og livet der, sett med auga til eg-personen, som er yngst blant bebuarane. Han er av dei få som er heilt klar i hovudet, men som på grunn av ein muskelsjukdom må bu der. Korleis er kvardagen? Korleis opplever han personalet? Korleis opplever han å bu på dobbeltrom? Dette skriv han om i eit fiktivt brev til dottera, Selma, som bur i Cape Town.

Forfattaren lir sjølv av ein muskelsjukdom og har difor god innsikt i emnet. Dette er tredje boka han skriv om denne personen. Første boka: Vekten av snøkrystaller , handlar om då han var ung og sjukdommen blei oppdaga. Andre boka: Det lengste svevet, tar for seg den vaksne personen. Kan han som har ein kronisk sjukdom og bare vil bli verre, satsa på kjærleik og framtid? Og altså , nå i siste bok, har kroppen svikta og han er plassert på sjukeheim. Bok nummer to har eg ikkje lese ennå, men det skal eg gjera, for eg tykkjer Steen skriv på ein måte som gjer at ein kjem nært inn på eg-personen, og han  gir oss eit realistisk bilete av det å få og leva med ein kronisk sjukdom. Første boka er katalogisert som ei ungdomsroman, men som vaksen har ein stor nytte av å lesa ho. De treng likevel verken lesa bok ein eller to for å gå laus på Balanse.

Det eg tykkjer kjem godt fram i boka Balanse, er at opplevinga me har med helsevesenet handlar mykje om personen/personane me møter på. Korleis blir me møtt som menneske? Difor meiner eg dette er ei viktig bok, ikkje minst for dei som arbeider/skal arbeida i helsesektoren. Ein kan òg seia at boka handlar om menneskeverd.

Les gjerne omtalane under:
http://www.dagsavisen.no/kultur/alle-anmeldelser/bokanmeldelse/besk-humor-fra-pleiehjemmet/


Søk gjerne opp intervjuet med forfattaren som stod i Vårt Land 25.08.2012: Balansegang på tallet tre

Anne

onsdag 21. november 2012

Hundreåringen som klatret ut gjennom vinduet og forsvant


Jonas Jonasson: Hundreåringen som klatret ut gjennom vinduet og forsvant

Dersom du er på jakt etter ei bok til å slappa av med, ha det litt småmorosamt, men kanskje ikkje læra så mykje av, er dette ei fortreffeleg bok. Ein kollega tipsa meg om denne boka, og det ga meg mykje leseglede!

Boka handlar om Allan Karlsson som skal feira hundreårsdagen, men det tykkjer han ikkje er er så festleg, så han stikk av frå heile greia. Han strevar seg fram til sentralstasjonen der han møter ein lurvete kar med ein grå, stor koffert. Mannen ber Allan om å passa kofferten mens han er på do. I mellomtida kjem bussen som Allan har planar om å rømma av garde med, og han tar difor kofferten med seg på reisa. Dette er starten, og sidan blir det bare mykje verre…..

Me følgjer Allan vidare på rømmen med kofferten, samtidig som me òg får sjå heile livet hans i reprise. Det geniale er at på denne måten får me i ein rask repetisjon av viktige historiske hendingar på 1900-talet. Det er nemleg ikkje så reint lite hundreåringen har overlevd.

Boka er skriven på ein gjennomført småhumoristisk måte. Makabre ting, som det òg blir litt av, er ikkje utmalande skildra, Allan går bare vidare som om lite eller ingenting spesielt har hendt. Mottoet hans er difor: «Det går som det går», og difor bekymrar han seg lite over korleis alt skal enda. Kanskje er dette nøkkelen til eit langt liv?


Anne

onsdag 7. november 2012

Sluk


Lars Saabye Christensen: Sluk

Når eg finn meg ei bok av Saabye Christensen, ser eg alltid fram til gode stunder der eg bare skal nyta boka, både med tanke på språk og innhald. Og som alltid skriv denne forfattaren godt, men i Sluk tykkjer eg personleg at innhaldet er noko variert. Kanskje blei Sluk litt for mørk for min smak?

Boka har ei tredeling: Først ein del frå ein sommar der den seinare forfattaren Christian Funder er 15 år. Dette er den delen av boka eg likte best. Eg tykkjer Saabye Christensen er utruleg flink til å skildra barne-/ungdomssinn og til å framstilla barn og ungdom som tenkande menneske. Denne sommaren blir Christian stilt overfor val. Men han er ikkje god til å ta val, han gjer det som han trur dei andre ønskjer eller som er lettast for han sjølv. Etterpå kjem skamma. Funder blir ein person som ikkje ønskjer å finna seg sjølv, men vil finna ein annan som er lettare å leva med enn den han er sjølv.

Del to er romanen Mellommannen, som Funder har skrive. Dette blir altså ei forteljing inni forteljinga. Denne delen likte eg minst. Dette er etter mi meining, den mørkaste delen av boka. Eg kommenterte til ein som hadde lese boka før, at del to verka lausriven frå resten av boka, for eg var i tvil om eg orka lesa denne delen. Då eg hadde lese boka, var eg litt sur for at han meinte eg burde slita meg gjennom «Mellommannen». Dersom andre får det som meg, så altså: bare hopp over romanen midt i og gå over til siste del. Det går heilt fint, sjølv om det er litt geografisk og personsamsvar mellom andre og tredje del. Men dersom ein likar å lesa om nedleggingstruga harryplassar i USA, er Mellommannen nyttig lesing.

I tredje del møter me Funder igjen. Nå reiser han for å få behandling i USA. Han reiser frå behandlingsinstitusjonen og kjører på måfå rundt i landet. Til slutt hamnar han i ein avkrok, same stad som del to er lagt til. Her begynner han å skriva igjen. Me får eit innblikk i korleis livet har vore for Funder.

Dette er absolutt ei bok å ta fatt i, og medan eg ikkje likar tredelinga, er det andre som tykkjer dette fungerer bra, så les gjerne bokmeldinga på: http://www.nrk.no/nyheter/kultur/litteratur/1.8342594
 

Anne

onsdag 17. oktober 2012

Jeg var et barn, det var krig


Edin Kadribegovic: Jeg var et barn, det var krig

Denne boka er ein sjølvbiografi. Edin Karibegovic veks opp i Bosnia-Hercegovina, men må etter kvart flykta på grunn av krigane på Balkan på 1990-talet. Han skriv om koss det gradvis blir vanskelegare å leva i Bosnia, om flukta til Kroatia og seinare Noreg. Kadribegovic er ein av dei som reiser frå krigen, men som likevel alltid vil bera han med seg.

Eg har alltid opplevd det som vanskeleg å få noko god oversikt over kva som eigentleg skjedde i tidlegare Jugoslavia, kven var fiendar og kven var venner. Då eg las denne boka, forsto eg kvifor. Her får ein innsyn i avtalar og svik grupperingar imellom og ikkje minst det utrulege at dei som alltid hadde vore gode naboar, plutseleg er fiende. Ikkje minst får boka fram koss religion blir brukt for å laga skilje mellom folk.

Boka er i tillegg interessant med tanke på koss det kan vera å komma ny til Noreg. Koss er det å komma frå ein krig som opptar alle tankane dine, og til eit land der desse krigane til dels er lite framme i media, og iallfall ikkje har med den informasjonen ein sjølv er interessert i? Elles får arbeidet til Thorvald Stoltenberg som fredsmeklar ein annan presentasjon her enn i norske media.

Dersom du er interessert i historie og/eller innvandringsspørsmål er dette ei bok du godt kan låna med deg. Ho er på 198 sider og er lett å lesa.

Anne

 

fredag 5. oktober 2012

Indias datter


Shilpi Somaya Gowda: Indias datter

To historier blir fletta saman i denne boka. I India opplever Kavita at ektemannen drep det første barnet fordi det blei ei jente. Då neste barn òg blir ei jente, leverer ho barnet til ein barneheim. I USA strever Somer og hennar indiskfødde mann Krishnan, med å få barn. Til slutt vel dei å adoptera ei jente frå India, dottera til Kavita.

Ein blir i Indias datter kjent med dei verste og beste sidene med India, dette er  gjort på ein realistisk måte og er etter mi meining den beste delen av boka. I tillegg tykkjer eg boka i starten er gripande når ho skildrar Somer sitt sterke ønske om å få barn og nederlaga når dette mislukkast. Då Somer og Krishnan til slutt bestemmer seg for å adoptera, skulle ein tru at alt blir bra, men slik blir det ikkje. Somer fryktar at Krishnan og familien hans i India skal opplevast nærare for barnet enn ho sjølv er, fordi dei har indisk bakgrunn.  For å halda på barnet, gjer Somer ein del val som ikkje nødvendigvis er like smarte. I innhald tykkjer eg difor det er mykje bra med Indias datter, men mot slutten blir ho for enkel. Nå har ikkje eg drive noko med yoga sjølv, men er det slik at alle problem kan løysast med yoga, så burde vel nokon kvar prøva det ut.

Det blir brukt ein del indiske ord i teksten. Desse er forklart bak i boka. Språkleg er ikkje boka nokon genistrek, men dei 365 sidene går raskt unna.

 Anne

onsdag 26. september 2012

Gertrudas løfte


Ram Oren: Gertrudas løfte

Dette er ei utruleg, men sann historie om den katolske barnejenta Gertruda som tar ansvar for å berga den jødiske guten Michael frå jødeutryddinga i Polen under 2.verdskrig. For meg er det nettopp dette som blei sterkast; at dette er ei sann historie. Innimellom måtte eg tenka: Dersom dette hadde vore ei oppdikta forteljing, hadde eg oppfatta henne som litt i overkant med fantastiske hendingar og samantreff.  

Frå omtalen bak på boka: «Michael Stolowitzky, eneste barn i en velstående jødisk familie i Polen, er bare tre år da andre verdenskrig bryter ut og familien mister alt. Faren reiser til Frankrike i et desperat forsøk på å redde familieformuen. Lille Michael blir igjen hos moren og Gertruda Babilinska, familiens katolske barnepike. Da Michaels mor rammes av slag, lover Gertruda den døende kvinnen å ta gutten med til Palestina og være som en mor for ham»

Dette er ikkje ei skjønnlitterær bok, så det er kanskje ikkje lagt så mykje vekt på det språklege. Likevel meiner eg boka hadde styrkt seg på å vera betre arbeidd med språkleg. Men la ikkje dette vera til hinder for å lesa boka.
 
Anne

fredag 21. september 2012

På stedet løp


Dag O Hessen og Thomas Hylland Eriksen: På stedet løp

Dersom du såg Nytt på nytt sist veke, fekk du med deg at Hessen og Eriksen hadde gitt ut bok i lag om konkurranse. Dette er ei bok som eg fekk i gåve fordi eg hadde vore så flink til å svara på ei undersøking om læreverk i religion. Eg trur kanskje ikkje eg hadde kjøpt ho inn til biblioteket eller komme på at dette var ei bok eg måtte lese slik av meg sjølv. Men ei gåve må ein jo iallfall prøva ut før ein avviser.

 Boka tar for seg det paradokset at det er konkurranse som driv oss framover, men samtidig når ein eit punkt der vidare konkurranse ofte vil vera øydeleggjande. Me får fleire døme på dette både frå plante- og dyreverda og frå menneskelivet.

Boka er skriven i eit lett språk og er til tider ganske underhaldande og humoristisk. Eg tykte likevel at ho gjentok for mykje, så ein treng ikkje lesa heile boka for å få med seg hovudpoenget. Ei fagbok for litt avkopling.


Anne

fredag 14. september 2012

Himmelen er på or'ntlig


Todd Burpo: Himmelen er på or’ntli

I utgangspunktet var eg svært skeptisk til denne boka. Eg hadde lese to ganske negative omtalar om boka frå før, i tillegg til at eg nok tykte dette høyrdest ut som ei amerikansk sensasjonsbok. Kva gjorde at eg likevel gjekk i gong med denne boka? Jo, fleire ungdommar var interesserte i å lesa ho, og dei anbefalte henne til andre etterpå. Dette var ungdom heilt ned i ungdomsskulealder. Kva er det med denne boka, tenkte eg?

Burpo, som er prest i ei metodistkyrkje, skriv her om sonen på fire år. Guten blei alvorleg sjuk, dei trudde dei kom til å mista han, men han overlevde. I tida etter begynte Colton, som guten heiter, å fortelja om himmelen. Det er desse glimta frå himmelen som er poenget med boka, men faren skriv òg om korleis det var for familien då Colton blei sjuk, om forbøn, om undringa over alt dei fekk høyra og han prøver å trekkja parallellar mellom det guten har sett og det som står i Bibelen om himmelen.

Ein må lesa boka som det ho er; eit vitnesbyrd frå eit barn og ein far. Me får ikkje ei samanhengande teologisk utgreiing om livet etter døden. Men dette var ei bok det var godt å lesa, så eg forstår ungdommane som skrytte av ho. Her får ein ikkje minst eit bilete av ein uendeleg kjærleg Gud, ein får sjå at Gud lyttar òg til dei fortvila klageropa og himmelen blir skildra på ein enkel måte som ein god og trygg stad der ein møter både Jesus og sine eigne igjen. På denne måten gir boka trøst til alle som har mista nokon, også dei som har mista barn dei ikkje fekk lov å bli kjende med.

I vår kristne kvardag er kanskje tanken på og forkynninga om himmelen blitt litt borte. Denne boka er med på å setja fokus på himmelen igjen, det trur eg me treng.

Himmelen er på or’ntlig er på 178 sider og har eit enkelt og forståeleg språk. I forhold til mange andre bøker i denne kategorien, er ho relativt godt skriven.

Anne

onsdag 5. september 2012

Det dyrebare


Linn Ullmann: Det dyrebare

Denne boka les eg på slutten av sommaren, og det gjorde nok leseopplevinga spesiell. Boka handlar om familien Dreyer Brodal; faren Jon Dreyer, mora Siri Dreyer-Brodal, barna Liv og Alma, mormora Jenny og om barnepassaren Mille, som blir borte. Dette blir både ei slags familiekrønike og ei bok om den forsvunne jenta. Å lesa om Mille samtidig med «Sigrid-saka», gjorde inntrykk. Ein får innsyn i koss forsvinninga pregar personane rundt.

 Samtidig handlar «Det dyrebare» om familierelasjonar. Personane er svært godt skildra. Dei er kompliserte, ingen er bare god eller bare vond, men hemmeleghald og dårleg kommunikasjon påverkar forholda dei har til kvarandre.

 «Det dyrebare» er skrive på ein litt pratande måte, med innskotne setningar og forklaringar i parentes. Men Ullmann sitt språk er ikkje lettvindt, eg opplever at her ligg mykje mellom linjene. Eit eksempel er Jon Dreyer som skildrar mange jenter/damer på same måte. Er det ein samanheng mellom dette og skrivesperra han har som forfattar?

Etter mi meining er dette ei veldig god bok, og dei 390 sidene går fort unna.

Anne

tirsdag 19. juni 2012

Englemakersken

Camilla Läckberg: Englemakersken


Baksidetekst på omslaget:
 
Påsken 1974. En familie forsvinner sporløst fra øya Valö utenfor Fjällbacka. Middagsbordet er sirlig dekket, men alle, bortsett fra ettåringen Ebba, er borte. Er de ofre for en forbrytelse, eller har de forsvunnet frivillig?

Gåten blir aldri løst.

Mange år senere kommer Ebba tilbake til øya og huset der hennes far med jernhånd har ledet en internatskole. Hun og mannen hennes, Mårten, har nettopp mistet sin tre år gamle sønn, og i et forsøk på å komme over sorgen har de bestemt seg for å pusse opp det gamle huset og starte en liten Bed and Breakfast.

Men nesten før de får etablert seg, er det noen som forsøker å tenne på huset. Og da de begynner å fjerne gulvplankene i spisestuen, finner de størknet blod under...
(Tekst henta frå Gyldendal.no)
 

Camilla Läckberg blir kalla krimdronninga i Sverige, og i denne boka viser ho det til fulle. Erica og Patrik er to personar som har følgt oss heilt sidan Isprinsessen (eller Predikanten som blei utgitt først på norsk) og fram til den åttande, men forhåpentligvis ikkje siste boka i serien: Englemakersken. Alle ingrediensar er putta inn i dette dramaet, og det er rett og slett nervepirrande å lese om Ebba og Mårten ut på ei øy heilt aleine, om Erica som prøver å løyse det utan at Patrik veit noko, og om Patrik sjølvsagt som er leiar for etterforskinga av det som har skjedd. 
 
I boka er det òg fleire tilbakeblikk der me blir kjent med jenta Dagmar som har eit nokså komplisert liv. Det skal snart visast at livet til Dagmar, saka i 1974 og det som skjer i nåtida er knytta til kvarandre. Patrik, Gösta og Martin må saman med dei andre på politistasjonen løyse opp i gamle trådar og gamle saker for å løyse saka. 

 Løyndommar ligg og skurrar under overflata, og i mens er Ebba og Mårten i fare ut på Valö. Tidspresset kvilar tungt på Tanumshede politistasjon. 
Elles er boka veldig god. I og med at dette var første boka eg las av Läckberg syntes eg ho var den beste, kanskje fordi du går litt lei når du har lese om dei same personane gjennom alle bøkene. Derfor er det forståelig at folk ikkje har rosa denne opp i skyene i omtalane sine. Nokre meiner at privatlivet til Patrik og Erica er meir som ein såpeserie enn før, og mange synes at fleire tidligare personar går igjen i denne boka. I dei fleste bøkene til Läckberg er personane ganske stereotype. Alkoholikarane, aleinemødrene, valdelige menn, kvinner som slit med traumer og ulukkelege par finnes i kvar einaste bok, bare under forskjellige namn. Dette gjer at for mange som har lese dei tidligare bøkene kan dette vere litt kopi av dei andre bøkene, og derfor er det nok den uventa løysinga alt fekk på slutten og sjølve saka som tiltalar folk mest. 

Uansett, svensk krim er ekstremt bra, og dette er nok ei av dei betre til Läckberg synes eg, som har lese alle i feil rekjefølgje og kan vurdere meir ut i frå bare denne boka enn heile serien. Viss du ikkje ser denne boka i tilknytting til resten av serien og tar med deg dei i lesinga, går dette som ei veldig god bok, som fort kunne vore ei enkeltståande bok og ikkje ei seriebok, viss det ikkje hadde vore sju før. 
For deg som ikkje har lese Läckberg før, anbefaler eg denne boka uansett. Veldig spennande og gripande, og du treng ikkje å ha lese dei andre bøkene for å kome inn i denne. Anbefaler rett og slett å lese denne først, sidan dette kanskje er den beste boka i serien etter mi meining. Då ser du henne ikkje i forhold til dei andre. 

Mai Lene