Viser innlegg med etiketten sorg. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten sorg. Vis alle innlegg

tirsdag 7. januar 2014

Videre, tross alt


Per Arne Sandvold: Videre, tross alt

Mange av oss kjenner Per Arne Sandvold som «mannen til Tale». Sidan denne boka handlar nettopp om tida før og etter at han mista kona, Tale, er dette ei spesiell bok å lesa. Tale arbeidde her på Tryggheim i mange år, men døydde av kreft i 2011.

Dette er ei bok skriven ut frå og rundt dagboknotat som Sandvold har gjort seg i denne perioden.  Boka har difor blitt ei veldig ærleg og nær bok og langt frå pynta etterpåklokskap. Nettopp dette gjer at eg tykkjer boka gir eit realistisk bilete av ein sorgprosess. Sandvold skriv i tillegg dette som si oppleving og sine tankar. Dette gjer at boka ikkje framstår som noko oppskriftsbok i sorgarbeid, men  likevel har mange gode råd ein kan ta til seg. Videre, tross alt har blitt ei klok bok.

I tillegg ga boka glimt av Tale. Eg såg henne føre meg i ein del av situasjonane som mannen skildrar. Det opplevde eg  fint.

Videre, tross alt er ei lita bok på berre 70 sider, men som gir mykje. Les boka!

Anne

mandag 21. oktober 2013

Verdens ende


Ketil Bjørnstad: Verdens ende

Aslak Timbereid er aleinefar og skal følgja dottera, Emma, opp til mora til Helgeland. Planen er at Emma skal vera der i haustferien. Men det endar tragisk med at Emma blir skada på flyet og døyr. Kven si skuld er dette?

Sjølve handlinga er altså opp i dagen og raskt avklara, men kva skjer med dei som lever vidare? Boka tar opp tema som mobbing, hemn, vondskap, skuld og hat, men handlar og om forsoning og det å leva vidare etter eit stort tap.

Eg tykkjer dette er ei god bok om desse tema. Ein følgjer i første rekke hovudpersonen Aslak Timbereid ut over i romanen, men får i tillegg sjå koss mora prøver å komma vidare. Eitt av tema eg nemner over tenkjer de kanskje at ikkje passar inn med handlinga elles, nemleg mobbing. Dette er likevel fletta inn i boka på ein fin måte. Emma har på skulen blitt utestengd utan at dei vaksne har greidd å gjera noko med det. Boka får godt fram kor hjelpelaus ein som foreldre då kan kjenna seg. Koss taklar skulen at ein av elevane som er blitt mobba er død?

Eg har ikkje lese noko av Bjørnstad før, men denne boka var så god at det fekk eg lyst til å gjera.

 Boka er på 306 sider.

Anne

mandag 5. desember 2011

Hva skal vi med stjerner nå?

Espen Olafsen og Per Arne Dahl: «Hva skal vi med stjerner nå? En fortelling om kjærlighet, sorg og resten av vårt liv»

Espen Olafsen og familien er i Khao Lak i Thailand når tsunamien råkar 2.juledag 2004. Han mistar kone og dotter, men han sjølv og sonen overlever. Boka skildrar kampen for å overleva og dei første kaotiske dagane etter katastrofen. Men òg den kampen som kjem etterpå; koss leva vidare etter ei slik tragedie? Deltittelen tykkjer eg gir eit godt innsyn i kva boka handlar om, nemleg: kjærleik, sorg og det å gå vidare. Boka får godt fram kor viktig håpet er for livet vårt. Dette er ei bok til å bli klok av!

Boka er på 164 sider og er lettlest med tanke på språket, men innhaldet er ikkje lett og gir tankar å ta med seg vidare.

Anne