onsdag 28. november 2012

Balanse


 
 
Thorvald Steen: Balanse

Me høyrer ofte om dårlege opplevingar ulike menneske har i møte med helsevesenet, ikkje minst om kva mange erfarer på sjukeheimar rundt om i landet. Denne boka fører oss på innsida av ein sjukeheim og livet der, sett med auga til eg-personen, som er yngst blant bebuarane. Han er av dei få som er heilt klar i hovudet, men som på grunn av ein muskelsjukdom må bu der. Korleis er kvardagen? Korleis opplever han personalet? Korleis opplever han å bu på dobbeltrom? Dette skriv han om i eit fiktivt brev til dottera, Selma, som bur i Cape Town.

Forfattaren lir sjølv av ein muskelsjukdom og har difor god innsikt i emnet. Dette er tredje boka han skriv om denne personen. Første boka: Vekten av snøkrystaller , handlar om då han var ung og sjukdommen blei oppdaga. Andre boka: Det lengste svevet, tar for seg den vaksne personen. Kan han som har ein kronisk sjukdom og bare vil bli verre, satsa på kjærleik og framtid? Og altså , nå i siste bok, har kroppen svikta og han er plassert på sjukeheim. Bok nummer to har eg ikkje lese ennå, men det skal eg gjera, for eg tykkjer Steen skriv på ein måte som gjer at ein kjem nært inn på eg-personen, og han  gir oss eit realistisk bilete av det å få og leva med ein kronisk sjukdom. Første boka er katalogisert som ei ungdomsroman, men som vaksen har ein stor nytte av å lesa ho. De treng likevel verken lesa bok ein eller to for å gå laus på Balanse.

Det eg tykkjer kjem godt fram i boka Balanse, er at opplevinga me har med helsevesenet handlar mykje om personen/personane me møter på. Korleis blir me møtt som menneske? Difor meiner eg dette er ei viktig bok, ikkje minst for dei som arbeider/skal arbeida i helsesektoren. Ein kan òg seia at boka handlar om menneskeverd.

Les gjerne omtalane under:
http://www.dagsavisen.no/kultur/alle-anmeldelser/bokanmeldelse/besk-humor-fra-pleiehjemmet/


Søk gjerne opp intervjuet med forfattaren som stod i Vårt Land 25.08.2012: Balansegang på tallet tre

Anne

onsdag 21. november 2012

Hundreåringen som klatret ut gjennom vinduet og forsvant


Jonas Jonasson: Hundreåringen som klatret ut gjennom vinduet og forsvant

Dersom du er på jakt etter ei bok til å slappa av med, ha det litt småmorosamt, men kanskje ikkje læra så mykje av, er dette ei fortreffeleg bok. Ein kollega tipsa meg om denne boka, og det ga meg mykje leseglede!

Boka handlar om Allan Karlsson som skal feira hundreårsdagen, men det tykkjer han ikkje er er så festleg, så han stikk av frå heile greia. Han strevar seg fram til sentralstasjonen der han møter ein lurvete kar med ein grå, stor koffert. Mannen ber Allan om å passa kofferten mens han er på do. I mellomtida kjem bussen som Allan har planar om å rømma av garde med, og han tar difor kofferten med seg på reisa. Dette er starten, og sidan blir det bare mykje verre…..

Me følgjer Allan vidare på rømmen med kofferten, samtidig som me òg får sjå heile livet hans i reprise. Det geniale er at på denne måten får me i ein rask repetisjon av viktige historiske hendingar på 1900-talet. Det er nemleg ikkje så reint lite hundreåringen har overlevd.

Boka er skriven på ein gjennomført småhumoristisk måte. Makabre ting, som det òg blir litt av, er ikkje utmalande skildra, Allan går bare vidare som om lite eller ingenting spesielt har hendt. Mottoet hans er difor: «Det går som det går», og difor bekymrar han seg lite over korleis alt skal enda. Kanskje er dette nøkkelen til eit langt liv?


Anne

onsdag 14. november 2012

Hver dag


 David Levithan: Hver dag

 

"A" er ein person, eller kanskje meir ei sjel, som kvar dag vaknar opp til eit nytt liv i ein ny kropp. "A" er verken jente eller gut, verken fattig eller rik, og kvar dag er ein ny livssituasjon. Han har nokre få reglar: Ikkje bli for knytta og ikkje gjere om på livet til den han er i kroppen til. Likevel er det ikkje alltid så lett, og ein dag når "A" vaknar i kroppen til Justin, Justin som er kjærast med Rhiannon, som A fell for. Plutselig gjeld ikkje reglane lenger, for A vil vere med Rhiannon. Sjølv om han vaknar opp i ein ny kropp kvar dag, er det Rhiannon han tenkjer på og vil vere saman med. A er forelska.

 

Boka var veldig fin, men litt sår på ein måte. Sidene fyk fort forbi, og forfattaren har, ved hjelp av handlinga han har lagt opp til, fått utdelt ein moglegheit til å lage uvanlig mange hovudpersonar, og han har brukt heile spekteret. Kanskje han til og med har overdrive litt og at det har blitt for mange folk litt i "ytterkanten". Nokre stereotypiar. Særleg ungdomsjenter vil nok synes denne boka er fengande og romantisk. Ein må bare ikkje henge seg for mykje opp i at A er gut, for det gjorde eg. Eg såg på A som ein gut på grunn av at h*n var forelska i ei jente. Det er vanskelig, og det går fint å lese boka ved å tenke at h*n er ein gut òg.

 

Mai Lene

 

onsdag 7. november 2012

Sluk


Lars Saabye Christensen: Sluk

Når eg finn meg ei bok av Saabye Christensen, ser eg alltid fram til gode stunder der eg bare skal nyta boka, både med tanke på språk og innhald. Og som alltid skriv denne forfattaren godt, men i Sluk tykkjer eg personleg at innhaldet er noko variert. Kanskje blei Sluk litt for mørk for min smak?

Boka har ei tredeling: Først ein del frå ein sommar der den seinare forfattaren Christian Funder er 15 år. Dette er den delen av boka eg likte best. Eg tykkjer Saabye Christensen er utruleg flink til å skildra barne-/ungdomssinn og til å framstilla barn og ungdom som tenkande menneske. Denne sommaren blir Christian stilt overfor val. Men han er ikkje god til å ta val, han gjer det som han trur dei andre ønskjer eller som er lettast for han sjølv. Etterpå kjem skamma. Funder blir ein person som ikkje ønskjer å finna seg sjølv, men vil finna ein annan som er lettare å leva med enn den han er sjølv.

Del to er romanen Mellommannen, som Funder har skrive. Dette blir altså ei forteljing inni forteljinga. Denne delen likte eg minst. Dette er etter mi meining, den mørkaste delen av boka. Eg kommenterte til ein som hadde lese boka før, at del to verka lausriven frå resten av boka, for eg var i tvil om eg orka lesa denne delen. Då eg hadde lese boka, var eg litt sur for at han meinte eg burde slita meg gjennom «Mellommannen». Dersom andre får det som meg, så altså: bare hopp over romanen midt i og gå over til siste del. Det går heilt fint, sjølv om det er litt geografisk og personsamsvar mellom andre og tredje del. Men dersom ein likar å lesa om nedleggingstruga harryplassar i USA, er Mellommannen nyttig lesing.

I tredje del møter me Funder igjen. Nå reiser han for å få behandling i USA. Han reiser frå behandlingsinstitusjonen og kjører på måfå rundt i landet. Til slutt hamnar han i ein avkrok, same stad som del to er lagt til. Her begynner han å skriva igjen. Me får eit innblikk i korleis livet har vore for Funder.

Dette er absolutt ei bok å ta fatt i, og medan eg ikkje likar tredelinga, er det andre som tykkjer dette fungerer bra, så les gjerne bokmeldinga på: http://www.nrk.no/nyheter/kultur/litteratur/1.8342594
 

Anne