mandag 16. juni 2014

Skapelse og/eller evolusjon


Andreas Årikstad, Jogeir Lianes og Johan Samuel Årikstad-Nielsen: Skapelse og/eller evolusjon

Det er rart å få inn ei bok til biblioteket som i forordet hyllar det ikkje-faglege og det å vera ikkje-lærd. Elles brukar fagbøkene me får inn å vera opptatt av at kunnskap er eit gode. Her er 1.Kor 1,26 trekt inn for å «rettferdiggjera» at boka er skriven meir på trass av utdanning, enn på grunn av utdanning. Skal ein ta eit oppgjer med gjeldande vitskaplege oppfatningar, er dette eit noko snodig utgangspunkt. Les ein bibelverset i samanhengen, ser ein at det her gjeld Jesu frelsesverk, og ikkje det at ein ikkje  skal bruka menneskelege evner elles. Men allereie her ser ein noko av det eg er kritisk til med boka: Korte bibelsitat blir litt for ofte tatt ut av samanhengen og brukt til å underbygga det forfattarane vil ha fram.

Det største problemet er likevel påstanden om at alle som ikkje er einige i at jorda er 6000 år gammal, eigentleg ønskjer ein liten Gud for å unngå å forplikta seg på noko som helst i Bibelen. Dei som ikkje trur som forfattarane, spottar Gud. Det er altså ingen mellomting mellom deira ståstad og rein ateisme. Då eg las boka, opplevde eg difor boka som ureieleg. Skal ein gå imot andre syn, bør det vera eit mål, òg for kristne, å gjengi andre sitt syn på ein mest mogleg riktig måte. Dette tykkjer eg ikkje boka gjer. Òg i konservative krinsar har det vore tradisjon for at ein kan tenka ulikt om kor gammal jorda er. Det nye her er eit krav til å tenka som forfattarane for å kunna vera sanne kristne. Eg kan ikkje sjå at eit slikt standpunkt kan føra til noko godt blant truande.

Eg skal ikkje gå inn på forklaringane boka gir for ei ung jord, men eg likar ikkje måten seriøse forskarar og vitskapsfolk blir framstilt på. Det blir gitt inntrykk av at desse eigentleg veit at det dei seier ikkje stemmer, men så må dei halda på gamle og usanne  teoriar likevel fordi dei ikkje trur på Gud. Dersom det er slik, kvifor er det då fleire ateistiske vitskapsmenn som etter at dei har blitt kristne, ikkje forkastar det dei har forska på og lært t.d. innan feltet biologi, men heller set kunnskapen inn i ein større samanheng? Les gjerne Alister Mc Grath: Surprised by Meaning; Science, Faith and How We Make Sense of Things.



Men boka treng de ikkje å lesa.

Anne

tirsdag 10. juni 2014

Dette er mine gamle dager


Tore Renberg: Dette er mine gamle dager

Dette er ei god bok! Jarle Klepp har nå blitt vaksen og familiemann. Han har ei kone han er glad i og to flotte barn, dottera Åshild og sonen Sven. Men fortida klarer han ikkje heilt å legga bak seg. Dersom du har følgt hovudpersonen, Jarle, gjennom tidlegare år, veit du at han vaks opp med ein far som var alkoholikar. Faren er nå død, og sjølv om Jarle ønskjer å legga dette bak seg, kjem hendingar frå fortida inn i livet nå og mørklegg det.

Det er skildringane som gjer denne boka til ei flott bok. Forfattaren er ein tydeleg observatør. Dette er i første rekke ei bok som handlar om relasjonar. Familien er omtala med varme og kjærleik, og barna får komma fram som dei ulike individa dei er. Jarle har blitt ein stolt far. Men fortsatt slit han altså med øydelagde relasjonar til faren. Det påverkar òg familielivet han nå lever. Ei truverdig og lærerik bok.

Anne

tirsdag 3. juni 2014

Alligatorvannet


Lynne Bryant: Alligatorvannet

Me er i sørstatane, nærare bestemt i Mississipi rundt år 2000. Avery Pritchett tar med seg dottera Celi heim på besøk etter ti år i Colorado. Broren Mark skal gifta seg og ønskjer at Celi skal vera blomsterpike og Avery brudepike.

Men det er ein viktig grunn til at Avery ikkje har vore heime på lang tid. Ho rømte derifrå for å begynna livet på nytt etter at ho vart gravid med Aaron, ein mørkhuda gut. I Mississipi er det fortsatt viktig å halda kvite og svarte skilt. Koss vil det vera å komma tilbake med ei dotter som ikkje er kvit?

I tillegg har Avery eit spørsmål ho gjerne skulle hatt svar på. Celi har sigdcelleanemi. Dette er ein recessiv sjukdom som i første rekkje rammar svarte, men sidan sjukdomen er recessiv, må ho ha fått gen for denne sjukdommen frå begge foreldra. Koss kan Avery vera berar av dette genet? Samtidig som me følgjer Avery og Celi sitt møte med Greendale i Mississipi rundt år 2000, får me mange tilbakeblikk på hendingar frå 1940 og framover.

Språk og oppbygging er enkel. Kapitla vekslar mellom å vera stemma til Avery, Marion – mor til Avery og Willadean – mormor til Avery. Det er gjennom desse kvinnene historia blir fortalt. Boka har blitt samanlikna med Barnepiken, og tematikken: raseskilje, er lik, men litterært er Barnepiken nokre hakk betre etter mi meining.

Likevel, ei interessant og underhaldande bok. Det er rart å lesa om hendingar frå 1990-2000 som du tenkte var eit tilbakelagt stadium for lenge sidan.

Anne