Viser innlegg med etiketten spenning. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten spenning. Vis alle innlegg

fredag 22. mars 2013

Apollomannen


Anne Mette Sannes og Knut Jørgen Røed Ødegaard: Apollomannen

Er du over middels interessert i romfart og astrologi og i tillegg drøymer deg vekk i framtidsscenario? Då er dette boka for deg. Sannes og Røed Ødegaard har gitt ut første boka i ein triologi: Ad Astra-triologien.

Handlinga er lagt til 2222, og menneska skal for første gong reisa til eit anna solsystem. Det er lagt opp til ein tur som vil ta 23 år og relativt mange folk blir med på turen. Romferja  er eigentleg  eit skikkeleg lite samfunn med fleire familiar. Det kunne jo blitt berre fest og gaman, men det viser seg at alt ikkje går som det skal. Er det nokon som ikkje burde vore med på turen, har dei fått med ein sabotør?

Forfattarane har gjort det noko vanskeleg for seg. Her skal dei laga tre bøker frå ei ukjent tid, med eit svært avgrensa rom og har nok samtidig lyst å driva opplysningsarbeid. Dette fører til at me blir presentert for eit stort persongalleri, og sjølv om me stort sett følgjer ein hovudperson, 15 år gamle Steve, blir det vanskeleg å få heilt oversikt over alle. I tillegg får me altfor mange detaljar om koss alt fungerer og ser ut. Sidan me blir ført inn i ein heilt ny setting, er det mykje som skal formidlast. På denne romferda skal barna/ungdommane i tillegg gå på skule og læra om verdsrommet. Det blir atter nye opplysningar. Dersom du er interessert i verdsrommet og klarer å leva deg inn i denne framtidsverda, er dette sikkert kjekt og spennande, men sjølve handlinga i boka forsvinn litt. Det skjer nemleg ganske mykje spennande og dramatisk, så idèen er god, men oppbygginga mot desse hendingane og skildringane av dei, blir for enkle og raske. Det skin for tydeleg gjennom at det ikkje er forteljinga som er det viktigaste. Det tykkjer eg er dumt, men eg er kanskje ikkje i målgruppa?

Anne

onsdag 22. august 2012

Smaragdgrønn

Kerstin Gier: Smaragdgrønn

Baksideteksten på boka:


Hva gjør man når man får knust hjertet sitt? Riktig, man ringer til bestevenninnen, spiser sjokolade og velter seg i ulykken i ukevis. Bare dumt at Gwendolyn, som er tidsreisende mot sin vilje, trenger energien sin til helt andre ting. Til å overleve, for eksempel. For trådene som den tvilsomme greven av Saint Germain har spunnet i fortiden, drar seg også i nåtiden sammen til et farlig nett. For å komme på sporet av hemmeligheten må Gwen – om hun har aldri så mye kjærlighetssorg -- ikke bare danse menuett sammen med Gideon på et storslått ball på 1700-tallet, men også kaste seg hodekulls ut i eventyret.Smaragdgrønn er en herlig og etterlengtet avslutning på bestselgende trilogi.
I mai var endelig den siste boka i serien om Gwendolyn og Gideon her, og ho skuffar ikkje. Heile boka startar med ein evigvaaaaaaaaarande telefonsamtale mellom Gwendolyn og veninna Leslie, etter Gideons brot med Gwendolyn. Trøystespising og tapt kjærleik er det mykje av i denne delen av boka, og Gwendolyn og Gideon har elles eit kaldt forhold til kvarandre.

Dessverre er ikkje mysteriet om Gwendolyns mystiske kusine, hennar mann og greven løyst, og det betyr at Gwendolyn og Gideon framleis må gå på ball og soarear saman, om dei vil eller ikkje. Likevel ser det ut til å kome ei opning midt i boka, og fleire løyndommar blir funne, og ikkje alle er til det beste.

Mange blir kanskje litt skuffa, for det er ikkje heilt den spennande slutten som kanskje blir forventa av ei fantasy-bok i ein triologi som dette, men boka er likevel svært velskriven og hoppar rett på der forrige bok slutta. Det er kanskje lurt å friske opp litt av det som skjedde, i og med at det har gått lang tid mellom den andre og tredje boka i serien, men det er lett å komme inni, viss du har lese bok ein og to. Anebfales ikkje å bare lese nummer tre, for det går ein raud tråd gjennom alle bøkene som det er lurt å få med seg.

Mai Lene

mandag 27. februar 2012

Sirkelen


Mats Strandberg og Sara B. Elfgren: Sirkelen

Sirkelen er første bok i Engelsfors-triologien. Ein kjem her inn i ei verd der ungdommar er vanlege ungdommar, men der desse ungdommane blir dregne inn i ei verd av hekser og demonar. Kampen står mellom det gode og det vonde. Slik sett kan ein seia serien liknar på Harry-Potter-bøkene.

Men der Harry-Potter-bøkene appellerer til både jenter og gutar, vil nok denne serien vera ein meir typisk jente-serie. Fleire samanliknar han difor med Twilight-serien. Kva er så likt og ulikt? Twilight er vampyrar og varulvar, Engelsfors er hekser og demonar. Twilight har hovudpersonar med god seksualmoral og finsleg språk, Engelsfors-ungdommen er meir røff i begge deler. Engelfors-ungdommen må redda heile verda, men hovudpersonane i Twilight skal stort sett bare redda sitt eige kjærleiksforhold.

Sjølv tykkjer eg første bok i Twilight-serien fenga heilt frå starten, medan Sirkelen var ganske langdryg før ho kom skikkeleg i gong. Dette veit eg at andre bokmeldarar har ei anna meining om. Men eg tykkjer prosjektet blir litt stort. Det er sju 16-17-år gamle ungdommar som er hovudpersonar. I starten blir ein presentert for alle sju etter tur, ikkje bare ytre sett, men òg kva tankar dei har, altså ein allvitande synsvinkel. Dette tar sjølvsagt litt tid. Utover i boka held dette skiftet fram, snart er ein inne i hovudet til den eine, snart til den andre. Etter kvart blir likevel boka skikkeleg spennande. Desse sju ungdommane er nemleg utvalde til å kjempa mot vondskapen i verda. Det er ikkje så lett når dei i utgangspunktet er langt frå å vera venner, men likevel må begynna å samarbeida for å overleva. Personane er skildra betre og er meir »heile menneske» enn personane i Twilight.
Les gjerne òg omtalen i Vårt Land: http://www.vl.no/kultur/varens-store-ungdomsroman/
Anne

mandag 23. januar 2012

Skumring-serien


Skumring-serien

To nye bøker i Skumring-serien er komme inn til biblioteket. Skumringserien er ein spenning/krim-serie for ungdom. Begge bøkene er lettlesne og er kanskje i første rekkje skrivne for unge gutar.

Widar Aspeli: Psyko

Boka handlar om ein gut, (eg-personen), som er forelska i Pia, men Pia er ikkje interessert i han i det heile. Eg-personen er utanfor ungdomsgjengen, han blir ikkje rekna med. Koss skal han få Pia til å forstå at det må bli dei? Pia og bestevenninna, Jenny, tykkjer at eg-personen er både ekkel og psyko. Det er nok Jenny som øydelegg, tenkjer eg-personen. Bare eg får bort henne, vil nok Pia bli mi. Men har eg-personen oppfatta verda slik ho er?

 Me får heile tida vita kva eg-personen tenkjer og gjer. Boka er på 60 lettlesne sider. Ein del står «mellom linjene», så slik sett krev boka litt av lesaren.



Tor Arve Røssland: Gamer

Denne boka handlar om ein gutegjeng og ei jente som blir hekta på eit nytt dataspel. For eg-personen og resten av gjengen held spelinga på å ta over heile livet. Til slutt får òg spelinga følgjer inn i den verkelege verda. Men kven er venn og kven er fiende? Er alle den som dei utgjer seg for å vera?

Eg likte Gamer betre enn Psyko. Historia fanga betre og ho var godt fortalt. Minuset er ein del ureint språk. 128 lettlesne sider gjekk raskt unna.

Anne



fredag 13. januar 2012

Forførende ondskap


 Rebecca James: Forførende ondskap

 Kathrine er klar til å flytte i frå foreldra og inn til tanta, ikkje bare for å kome seg vekk i frå byen, men òg for å kome vekk frå den forferdelige tragedien med litlesøstera. Etter det som skjedde har Kathrine vanskelig for å binde seg til andre, men når Alice, ei populær og nesten uimotståelig jente, uventa dukkar opp i Kathrines liv, blir livet gradvis forandra. Dei to jentene binder seg snart til kvarandre, men Kathrine ser snart at under den sikre og perfekte overflata gøymer det seg ei heilt anna Alice, ei som liker å ha kontroll.

Boka er ein spennande psykologisk thriller, som ikkje bare er fengande, men òg visar kor mykje eit menneske kan gjere for å oppnå det det vil. Heilt i frå første side fengar boka lesaren og det held ho fram med til siste side. Me får ikkje bare eit innblikk i kva som skjer når ho møter Alice, men òg av framtida og fortida. Mange gonger i boka får me ei kjensle av å kunne sjå kva som skjer, men utover i boka kjem det mange overraskingar og uventa hendingar. Handlinga passar verkeleg til tittelen.

Boka er kanskje ikkje mest berekna på gutar, men eg har høyrt at det er ikkje bare jenter som har lese denne boka. Begge kjønn kan lese denne boka, som ikkje bare er ei vanlig ungdomsbok om veninner kjærastar og kropp, men òg om meir viktige ting. Litt stygt språk av og til, men ikkje i overkant.

Boka er på 366 sider og det anbefalast å lese ho.

Mai Lene