mandag 27. februar 2012

Sirkelen


Mats Strandberg og Sara B. Elfgren: Sirkelen

Sirkelen er første bok i Engelsfors-triologien. Ein kjem her inn i ei verd der ungdommar er vanlege ungdommar, men der desse ungdommane blir dregne inn i ei verd av hekser og demonar. Kampen står mellom det gode og det vonde. Slik sett kan ein seia serien liknar på Harry-Potter-bøkene.

Men der Harry-Potter-bøkene appellerer til både jenter og gutar, vil nok denne serien vera ein meir typisk jente-serie. Fleire samanliknar han difor med Twilight-serien. Kva er så likt og ulikt? Twilight er vampyrar og varulvar, Engelsfors er hekser og demonar. Twilight har hovudpersonar med god seksualmoral og finsleg språk, Engelsfors-ungdommen er meir røff i begge deler. Engelfors-ungdommen må redda heile verda, men hovudpersonane i Twilight skal stort sett bare redda sitt eige kjærleiksforhold.

Sjølv tykkjer eg første bok i Twilight-serien fenga heilt frå starten, medan Sirkelen var ganske langdryg før ho kom skikkeleg i gong. Dette veit eg at andre bokmeldarar har ei anna meining om. Men eg tykkjer prosjektet blir litt stort. Det er sju 16-17-år gamle ungdommar som er hovudpersonar. I starten blir ein presentert for alle sju etter tur, ikkje bare ytre sett, men òg kva tankar dei har, altså ein allvitande synsvinkel. Dette tar sjølvsagt litt tid. Utover i boka held dette skiftet fram, snart er ein inne i hovudet til den eine, snart til den andre. Etter kvart blir likevel boka skikkeleg spennande. Desse sju ungdommane er nemleg utvalde til å kjempa mot vondskapen i verda. Det er ikkje så lett når dei i utgangspunktet er langt frå å vera venner, men likevel må begynna å samarbeida for å overleva. Personane er skildra betre og er meir »heile menneske» enn personane i Twilight.
Les gjerne òg omtalen i Vårt Land: http://www.vl.no/kultur/varens-store-ungdomsroman/
Anne

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar