mandag 13. februar 2012

Jeg er Zlatan


Zlatan Ibrahimovic fortalt til David Lagercrantz: Jeg er Zlatan

Eg skal innrømma at dette er ei bok eg bestemte meg for å lesa for å få litt breidde i bokomtalane på denne sida. Eg er ikkje fotballinteressert, og det eg visste om Zlatan frå før, var at han er svensk proffspelar i fotball og var med i eit VM. Men nå veit eg altså mykje meir.

Først litt om stilen i boka. Som overskrifta viser, har Zlatan fortalt og Lagercrantz skrive ned slik han fortel det. Skrivemåten er difor svært munnleg og subjektiv. Me får vita kven Zlatan meiner er idiotar og kven han tykkjer er fantastisk flotte personar. (Han har ein litt annan språkbruk enn meg, altså.) Dette gjer boka veldig personleg og til dels utleverande om andre personar, men han er forsiktig med å skriva for detaljert om eigen familie. Det forstår eg godt, men sidan eg i utgangspunktet ikkje er så fotballinteressert, kunne eg  tenkt meg litt meir familiestoff. Så eg ventar bare på boka frå kona Helena om: Mitt liv med Zlatan.

«Man kan ta gutten fra Rosengård, men man kan ikke ta Rosengård fra gutten». Dette sitatet frå boka er kanskje den viktigaste bodskapen. Oppveksten i Rosengård er noko Zlatan har med seg heile livet. Det har gjort han til den han er, og han har måtta kjempa meir enn andre for å komma der han er i dag. Opplevinga av å vera annleis er noko han får godt fram. I tillegg får me eit innsyn i fotballkarrieren, spel og taktikk om overgangar, mediejaget og presset til alltid å skulla lukkast. Eg har difor lært ganske mykje, og veit nå blant anna kva klubbar Zlatan har spelt i. Informasjonen om ein del av enkeltkampane og opp og nedturar til klubbar, har nok ikkje festa seg hjå meg. Men for dei som er interesserte og har følgd med, ikkje minst i italiensk fotball, vil det sikkert vera augneblinkar å kjenna igjen.

Koss  var det å lesa fotballbok utan å vera fotballinteressert? Det var faktisk ganske interessant, men boka er nok hakket meir fengande for dei som er fotballnerdar. Minuset med boka er at Zlatan gjentar seg litt mykje. Slik sett burde Lagercrantz ha stramma inn teksten meir. Boka er på 379 sider, men dei første 43 sidene er bilete.

Ei følgje av å ha lese boka, er at eg før helga snappa opp at Zlatan nå er utvist i tre kampar for å ha slått til ein motspelar. Så historia om Zlatan er nok ikkje ferdig med denne boka.

Les gjerne òg omtalen av boka på: http://nrk.no/nyheter/kultur/litteratur/1.7902833

Anne

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar