Viser innlegg med etiketten jødar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten jødar. Vis alle innlegg

mandag 28. april 2014


Morris Gleitzman:

Dette er andre boka om Felix, ein jødisk gut under 2.verdskrig. Første boka er En gang. Desse bøkene fekk eg anbefalt av ein elev på ungdomsskulen, og det er eg glad for.

Boka tar oss med til Polen og til jødeforfølgingane under andre verdskrig. Innhaldet er  realistisk og til tider fælt, men ikkje utmalande. Felix har til nå greidd å unngå å bli drepen, men han er i konstant fare. Nokre menneske er villige til å hjelpa jødane, alle er ikkje like vonde, dette gjer boka meir nyansert enn mykje anna av barne- og ungdomslitteratur.

Forteljarstilen er uvanleg. Kvart kapittel begynner med ordet så. Det er Felix som fortel historia, og han har sans for gode formuleringar og lett ironi. Sjølv om boka har ei svært alvorleg handling, er det likevel  innimellom humoristiske innslag. Boka har i tillegg ein munnleg stil og er veldig lettlest. Det er heller ikkje noko lang innleiing, her er dei første setningane i boka:

«Så løp vi for livet, jeg og Zelda, opp en bakke så fort vi kunne. Det var ikke så veldig fort. Selv om jeg holdt Zelda i hånda og hjalp henne opp skråningen.»

Boka gjer inntrykk.  Så dette er ei bok eg gjerne vil anbefala for ungdomsskuleelevar, både gutar og jenter. Ho kan i tillegg fungera godt som høgtlesingsbok.

Anne

mandag 7. april 2014

Landskaper fra dødens metropol


Otto Dov Kulka: Landskaper fra dødens metropol

Kulka er ein av dei få overlevande og gjenlevande jødane etter Auschwitz. Han er forskar og professor i historie ved Universitetet i Jerusalem og har arbeidd med jødane si historie. Heile tida har han hatt eit skarpt skilje mellom yrke og personlege opplevingar frå 2.verdskrig. Dette gjer han noko med i boka  Landskaper fra dødens metropol. Denne boka er blitt ei spesiell bok med dagboktekstar, dikt, refleksjonar og bilete frå hans eiga historie som barn i konsentrasjonsleir. Så sjølv om du har lese mange bøker om dette temaet, vil denne boka gi ny innsikt.

Otto Dov Kulka var ti år då han først blei sendt til ghettoen i Theresienstadt og seinare til Auschwitz. Han skriv om dei små grensene mellom liv og død, koss det er å leva under ein sikker dødsdom og kor tilfeldig det er at han overlevde. Men han skriv òg om kva dette har gjort med livet hans vidare. Og midt i alt som var elendig, greier han i tillegg å skildra minne om gode augneblinkar.

Dette er ei lita bok på berre 153 sider, og blant desse er ein del bilete. Likevel må ein bruka tid på boka. Det kjem tydeleg fram at Kulka er ein lærd person, og innimellom krev det noko av lesaren å følgja han i refleksjonane han gjer seg. Dette er altså ikkje ei lettlesen bok, men ei bok som er lærerik, interessant og nyttig.

Anne

tirsdag 14. januar 2014

Nærmere høst


Marianne Kaurin: Nærmere høst

Denne boka tar oss med tilbake til Oslo under 2.verdskrig. Me blir kjende med familien Stern  som er jødar. Faren, Isak er skreddar, og har fram til krigen starta klart seg bra, men nå begynner han og familien og få problem. Han og kona, Hanna, har tre døtre: Sonja, Ilse og Miriam. Ilse er vel hovudpersonen i boka, sjølv om me kjem på innsida av faren og Sonja òg.

Ilse er den mest «ustyrlege» i familien. Ho er 15 år og småforelska i naboguten Herman. Skulen fungerer ikkje lenger på grunn av krigen, og ho sit stort sett i butikken til faren og les og drøymer seg bort om dagane. Håpet er at krigen snart er slutt og at Herman og ho kan bli eit par.

Boka får godt fram ei uhyggeleg stemning. Me kjenner på oss at noko vondt kjem til å skje. Kanskje blir det litt lenge å venta før noko faktisk skjer? Eg tykkjer nok Kaurin vil ha med seg for mykje. Etter mi meining ville boka blitt betre om forfattaren hadde halde seg  i Ilse sin synsvinkel heile tida. Det blir i meste laget, særleg i starten, å følgja fire personar, (Ilse, faren, Sonja og Herman). Det gjer òg at første del av boka blir for langdryg. Siste halvdel av boka tar seg opp.

Likevel, dette er ei bok vel verdt å lesa. Ho får godt fram historiske fakta om situasjonen for jødane under andre verdkrigen. På grunn av måten boka er oppbygd og skriven på, kan ho bli noko vanskeleg for dei yngste ungdommane, sjølv om dette er meint å vera ei ungdomsbok.

Anne

tirsdag 1. oktober 2013

Hele livet på en dag


Alyson Richman: Hele livet på en dag

Boka startar i Praha på 1930-talet. Studentane Lenka og Josef møter einannan og forelskar seg. Etter kvart blir det problematisk for dei å leva der sidan begge er jødar. Dei giftar seg, men vegane blir skilde då krigen og jødeforfølgjingane startar for fullt.

Mange år seinare møtest dei tilfeldig igjen i eit bryllaup der dei begge er gjester.  Boka blir nærast eit tilbakeblikk på den tida dei har levd kvar for seg. Spenninga ligg altså ikkje i om dei møtest att, men kva som skjer med dei i mellomtida. Særleg Lenka si historie er sterk. Gjennom henne får me innsyn i kva som skjedde med jødane i Praha. Me følgjer henne til ulike leirar og då ho etter kvart skal stabla livet sitt på beina igjen. Dette er inga lettvindt bok, men ei svært lærerik bok med mykje historisk stoff.

Omtrent samtidig med denne boka, fekk me òg inn Fortellingen i fiolinen. Ho handlar òg om andre verdskrig og jødane sin situasjon. Her følgjer me ei jødisk jente som klarer å komma seg ut frå Wien og blir tenestejente i England. Denne boka har ikkje dei same kvalitetane som Hele livet på en dag. Dersom du berre skal lesa ei av desse, vil eg anbefala Hele livet på en dag.
 
Anne

onsdag 26. september 2012

Gertrudas løfte


Ram Oren: Gertrudas løfte

Dette er ei utruleg, men sann historie om den katolske barnejenta Gertruda som tar ansvar for å berga den jødiske guten Michael frå jødeutryddinga i Polen under 2.verdskrig. For meg er det nettopp dette som blei sterkast; at dette er ei sann historie. Innimellom måtte eg tenka: Dersom dette hadde vore ei oppdikta forteljing, hadde eg oppfatta henne som litt i overkant med fantastiske hendingar og samantreff.  

Frå omtalen bak på boka: «Michael Stolowitzky, eneste barn i en velstående jødisk familie i Polen, er bare tre år da andre verdenskrig bryter ut og familien mister alt. Faren reiser til Frankrike i et desperat forsøk på å redde familieformuen. Lille Michael blir igjen hos moren og Gertruda Babilinska, familiens katolske barnepike. Da Michaels mor rammes av slag, lover Gertruda den døende kvinnen å ta gutten med til Palestina og være som en mor for ham»

Dette er ikkje ei skjønnlitterær bok, så det er kanskje ikkje lagt så mykje vekt på det språklege. Likevel meiner eg boka hadde styrkt seg på å vera betre arbeidd med språkleg. Men la ikkje dette vera til hinder for å lesa boka.
 
Anne

fredag 10. februar 2012

Den usynlige broen


Den usynlige broen av Julie Orringer

Ei flott bok som gir deg ei veldig god leseoppleving, og faren for å sitje klistra til denne boka er veldig stor. Jødiske Andras, ein 22 år gammal mann, reiser til Paris frå Budapest for å studere arkitektur, som den første av brørne å studere utanlands. Med til Paris har han sine eigne eigendeler, ein stor kasse som skal leverast og eit brev til ein mystisk C. Morgenstern. Etter ei stund innleier Andras eit forhold til adressaten av brevet, som viser seg å vere ei dame.

Byrjinga av boka foregår i 1937 og utover i boka blir me dratt med til Ungarn og får vite mykje om korleis jødane hadde det der. Ikkje bare er boka god til å fortelje og viser eit godt innblikk i korleis jødane hadde det under andre verdskrig, ho er òg fullt med spenning, romantikk og syn på religionar. Frå å vere i Budapest, til Paris og så tilbake i Budapest igjen der det blir skikkelig spenning, blir me dratt med i ei historie om tre brør, ei mystisk ballettdanserinne og eit land under andre verdskrig.

Storarta litteratur der 712 sider absolutt ikkje var for mykje å lese.

Mai Lene