mandag 24. mars 2014

Divergent


Veronica Roth: Divergent

Dette er første boka i trilogien Divergent. Me er i eit framtidig Chicago. Samfunnet er delt inn i fem fraksjonar. Det er personlegdomen til innbyggarane som avgjer i kva fraksjon dei hamnar. Ein test blir utført når dei er 16 år, og dei gjer valet ut frå denne testen. Målet er at alle skal hamna i den fraksjonen dei passar best til, og slik vil samfunnet fungera best og bli harmonisk.

Sjølvsagt blir harmonien øydelagt, alle passar ikkje inn, og nokre menneske vil vel alltid ønska meir makt enn dei har fått. Spesielt problematisk er det å vera divergent, altså ein avvikar, fordi då passar personen ikkje berre inn i ein fraksjon, men i fleire. For dei som styrer og kjempar om makta, er dette ein trussel.

Dette er bakteppet for handlinga. Hovudpersonen i boka er Beatrice Prior. Ho har vakse opp hjå dei «uselviske», men merkar at ho slit med å tilpassa seg. Men kor passar ho då inn? Før testen som skal fortelja henne det, er ho svært nervøs. Dette blir ikkje betre etter testen då ho får veta at ho er divergent. Kva fraksjon skal ho då velja? Boka handlar vidare om hennar kamp for å bli tatt opp i fraksjonen ho vel og for å halda hemmeleg at ho er divergent. I tillegg bygger det seg opp spenningar mellom fraksjonane, og kva vil dette føra til? Kven er venn og kven er fiende? Og sjølvsagt er det òg litt kjærleik inne i biletet.

Eg brukar ikkje å lesa science fiction eller fantasy-litteratur. Det er ikkje heilt mi greia, så vurderinga under  får de ta med ei klype salt.

Boka har eit relativt godt og finsleg språk. Ho er spanande, men eg tykte skildringane av opptakstida i fraksjonen blir noko langdryg. Noko av det som skjer, blir i tillegg litt ulogisk, sjølv om ein tar sjangeren på alvor. Divergent kjem som film nå i vår. Eg skal ikkje sjå filmen, for det skjer ganske mykje fælt og ekkelt, så for meg var boka nok.

Anne

mandag 17. mars 2014

Villa Europa


K.Bjørnstad: Villa Europa

«Morsomt. Velskrevet. Dødsens alvorlig», skal boka vera i følgje Ingvar Ambjørnsen. Eg er einig i at ho er velskriven og alvorleg, men morosam er ho ikkje. Etter mi meining blir me i staden presentert for mange tragiske hendingar og personar.

Bakteppet for romanen er historiske hendingar og samfunnsutviklinga frå 1892 og fram til 1991. Midt i denne samfunnsutviklinga følgjer me fire generasjonar av menn og kvinner med utgangspunkt i eit hus som blir kalla Villa Europa. Det er stemmene til fire menn og fire kvinner me møter, men der sluttar òg likskapen. Mennene er stort sett drittsekkar, medan kvinnene stort sett er svært oppegåande, men må lida for menn sine dårlege handlingar. Blir dette noko skjematisk? Eg tykkjer nok at personane blir noko stereotypiske, sjølv om det hjå enkelte av dei kan sporast ei endring og større innsikt med åra. I tillegg blir det vel mykje at skjebnar går i arv.

Likevel, boka er interessant fordi ho følgjer fire generasjonar gjennom 1900-talet og samtidig drøftar mennesket si stilling mellom å vera fri og avhengig i forhold til andre personar. Eg tykkjer òg boka får fram at det som gjer livet meining som held, er å finna noko større enn berre seg sjølv og eigen framgang å kjempa for.

Boka er på 525 sider. Bjørnstad har eit godt språk, men forlaget har slurva med korrekturen i denne pocketutgåva. Mange trykkfeil irriterer!


Anne

mandag 10. mars 2014

Stjålet


Lucy Christopher: Stjålet – Et brev til han som kidnappet meg

Dette var ei bok som greip meg. Sjølve handlinga er kanskje ikkje så original, og ein kan nok stilla spørsmålet om alt er like realistisk, men boka er svært godt skriven.

Kva som er hovudtema, røper jo undertittelen: Ei jente, Gemma, blir kidnappa  på flyplassen i Bangkok og tatt med til eit aude område i Australia. Etter kvart blir ein godt kjent med både Gemma og kidnapparen, den noko eldre Ty.

Det som gjer boka så god og som gjer at iallfall eg blei riven med, er at verken Gemma eller kidnapparen berre er gode eller vonde.  Me blir med inn i dei forvirra tankane og kjenslene til Gemma, me ser kampen hennar for å sleppa fri og hatet ho har til han, samtidig som at han forsiktig prøver å nærma seg henne og få henne til å stola på seg.

Altså, ei svært god ungdomsbok, men kan henda mest for jenter.

Anne

mandag 3. mars 2014

Det siste du skal se er et ansikt av kjærlighet


Eiving Hofstad Evjemo: Det siste du skal se er et ansikt av kjærlighet

Det er sagt om denne boka at ho skildrar kommune-Noreg, ja rett og slett er ei kommuneroman. Det er noko eg kan vera einig i. Me blir kjent med nokre personar i ein kommune i Noreg, arbeidet dei har og delvis privatlivet deira. I tillegg er det mange skildringar av utviklinga i kommunen, politiske vedtak, nye tiltak for å skaffa fleire innbyggjarar og større trivsel, som mange kan kjenna seg igjen i. Det er kvardagen til folk som blir skildra, og Evjemo skriv godt og ofte ganske humoristisk!
Likevel må eg seia at eg gjennom dei 488 sidene var noko ambivalent til heile boka. Lika eg henne eller gjorde eg ikkje? Eg lika språket og dei gjenkjennelege skildringane av ein middels stor kommune, men elles tykte eg boka langt på veg skreiv om det meiningslause livet. Små detaljar og små tankar om kvardagen, og menneske som har kjørt seg fast i livet eller gitt opp. Her er ingen store tankar eller noko djupare meining.

For meg som er svært glad i gode kvardagar, blei det vanskeleg å vera med på hovudtankane i boka, nemleg at «folk flest» har meiningslause liv. Eg håpar det ikkje er slik, og eg tykte boka skildra mennesket for smått. Nokre har samanlikna skrivemåten med Knausgård sin skrivestil. Det kan til dels vera sant, i og med at begge tar tak i små detaljar som dei kan skildra grundig og kreativt. Men hjå Knausgård er personane skildra med større nyansar og dei har  større filosoferingar over livet.
Boka har elles fått gode omtalar, så les gjerne boka og sjå kva du tykkjer sjølv.

Anne