Viser innlegg med etiketten kristenliv. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten kristenliv. Vis alle innlegg

tirsdag 22. april 2014

Hvorfor skriver ikke Gud på himmelen?


Espen Ottosen: Hvorfor skriver ikke Gud på himmelen?

Boka har undertittelen: Litt om min tvil Mest om min tro. Og undertittelen får klarare fram at dette kanskje mest er ei apologetisk bok. Ja, utgangspunktet er tvil og spørsmål mange kan stilla seg sjølv eller bli stilt av andre, men svara har tydeleg forankring i kristen tru.

Boka tar opp spørsmål som finst det ein Gud? Kva med forholdet mellom skapingsforteljingane i Bibelen og moderne vitskap? Dersom Gud vil at alle skal bli frelst, kvifor gjer han ikkje då slik at alle blir frelst? Og til slutt: Kvifor skriv ikkje Gud på himmelen slik at alle kan sjå at han finst?

Eg tykkjer Ottosen er flink til å bruka eit enkelt språk, men samtidig drøfta emna grundig og fagleg. Dette er det ikkje alle som greier, og difor meiner eg boka kan og bør få ei breiare lesargruppe enn det andre bøker med same tematikk får. Eg sjølv tykte spesielt del III, «Et signert skaperverk», var interessant og godt drøfta. Der eg tykkjer svaret blir minst godt, er nok på spørsmålet om kvifor Gud ikkje gir alle (iallfall alle som ønskjer det) ei tru, når trua er ei gåve. Det er vel mykje å forlanga at ein skal få gode svar på alle spørsmål av denne typen i ei bok, og kva som er gode og mindre gode svar, vil nok òg avhenga av utgangspunktet til oss som les.
 Sjå gjerne òg Atle Ottesen Søvik sin kommentar på: http://www.verdidebatt.no/debatt/cat12/subcat14/thread11489637/#post_11489637

og følg gjerne debatten vidare, men dette er absolutt ei bok du bør lesa!

Anne

tirsdag 4. februar 2014


Heidi Sævareid: Spranget

Denne boka tykkjer eg det er litt vanskeleg å omtala. Eg klarer ikkje å legga frå meg dei vaksne brillene og berre lesa ho som ei forteljing om ungdomsjenta Janne. Denne omtalen blir difor litt om historia i boka og ein del vaksenprat om temaet.

Janne går siste året på ungdomsskulen då ho blir med tvillingsøstera Anna på møte i Zion. Zion er ei kristen, karismatisk forsamling. Ho blir dregen med inn i forsamlinga både fordi det kjennes godt å bli bedt for og bli ein kristen og fordi ho ser at ho automatisk blir inkludert i ein vennegjeng. Janne har tidlegare berre hatt Anna, eller Anna og vennene hennar, men då Anna fekk seg nye venner i Zion, mista òg Janne dei «vennene» ho hadde i klassen. Nå blir Janne ein del av Anna sitt miljø igjen. Og då kunne jo alt enda bra.

Men etter kvart opplever Janne miljøet for trongt. Ho opponerer mot reglane som gjeld for oppførsel og rett/galt. Ho har spørsmål som ho ikkje får svar på eller får svært enkle svar på. Og ho opplever å få signal om at ho ikkje er bra nok, ikkje er stødig og til å stola på. Det verste er kanskje at ho føler på at dei gode, «andelege» kjenslene blir borte. Då ho prøver å snakka med ein gjesteforkynnar om dette, får ho berre beskjed om at det er ho sjølv som stenger og at ho må opna opp. Denne hendinga opplever ho som eit svik. Til slutt toppar det seg for Janne, og ho tek spranget ut av forsamlinga.

Eg tykkjer dette er ei trist forteljing, ei forteljing om kvifor ei ung jente ikkje blir verande i det kristne miljøet ho går i og i tillegg mister trua. Difor har denne boka òg noko å seia til dei som er kristne leiarar og forkynnarar rundt om i kristne forsamlingar. For det første verkar det berre som Janne har fått «ei god kjensle», og ikkje fått tak i kva det vil seia å vera ein kristen. Når då alle krava til kva ho bør gjera  og ikkje gjera blir presentert for henne, forsvinn dei gode kjenslene og dermed heile trua. Det er òg eit problem om det kristne miljøet me skapar berre har plass til ein type personlegdom og blir ein stad der alle må vera heilt like. Ikkje minst trur eg det er viktig å svara seriøst på spørsmål andre måtte ha. Det er vondt å sjå at Janne får signal om at ho ikkje er god nok. Dette blir formidla som omsorg og på ein vennleg måte, men «stikka» når inn likevel. Måten dette blir gjort på, gjer at Janne blir sint, og eg forstår henne godt. Forsamlinga er i tillegg framstilt noko ekstrem med liten plass for fornuft, så eg hadde nok slutta eg òg om det var der eg hadde gått. Eg forstår altså Janne godt, samtidig som eg tykkjer det er at trist ho forkastar heile kristentrua. Og eg håpar så inderleg at me greier å formidla noko anna enn: Bli som oss eller la ver å bli kristen.

Ei tankevekkjande ungdomsbok som eg trur passar best for litt eldre ungdommar og kanskje òg for vaksne?

Anne

mandag 18. november 2013

Tusen ulevde liv


Tomas Sjödin: Tusen ulevde liv

Sjödin er ein forfattar som har skrive mange bøker om det kristne livet, ikkje minst om det å vera kristen i møte med sorg og smerte. Eg var difor litt spent på koss han klarte seg over i romansjangeren. Og konklusjonen min er nok litt slik både og.

Boka handlar om pastor Bengt Erikson som «rømmer» frå kyrkjelyden sin. Etter at kona døydde har han slite meir og meir og nådd det punktet der noko må skje, noko må bli endra. Denne hemmelege ferien han nå tar, der han har tenkt å vera aleine og blant anna skriva, er noko han kjenner på som nærast livsnødvendig.

Så går det slik det ofte går, nemleg ikkje heilt etter planen, men i dette tilfellet faktisk i positiv retning. Sjølve romanforteljinga, ramma rundt, er på mange måtar heilt grei med humoristiske og varme skildringar, men ho forsvinn litt i forfattarens store og eigentlege prosjekt: å skriva om Birger Norman og livsvisdommen i forfattarskapen hans. Dette blir etter mi meining same fella som mange «kristne» romanforfattarar går i. Det teologiske prosjektet blir så viktig at det stel historia. Kvifor ikkje heller gi ut ei fagbok?

Norman sine tankar er sitert på svensk og er i tillegg av eit slag som krev tid og mogning. Eg tykte mykje var bra og interessant, men i romanform  tykte eg dette blei litt tungt. Dette går på forventningar ein har til ei bok. Eg sette meg ned for å lesa ei roman, men burde hatt tid og ro på meg som om eg las ei oppbyggeleg bok. Difor må du setja av tid dersom du skal lesa denne boka, då er det mykje godt innhald å få med seg. Men er du ute etter ei god roman, så vel heller ei anna bok.

Språkleg er boka god samanlikna med andre bøker i same sjanger.

Anne

fredag 12. april 2013

Fresh


Krish Kandiah: Fresh – ressursbok for ferske studenter

Skal du studera til hausten? Då bør du investera i denne boka. Fresh gir konkrete råd til deg som ønskjer å vera ein kristen og samtidig skal starta livet som student.

Fordelen med denne boka, er at ho er så målretta. Boka tar for seg ulike sider ved studentliv og kristenliv, kva moglegheiter og utfordringar du kan møta på. Forfattaren kjenner studentlivet og kva val ein kan bli stilt overfor, og her finst mange gode råd. Ønsket er at du òg som student skal vera deg  bevisst at du er ein kristen.

Eg les eigentleg denne boka på feil måte,( for  raskare å kunna omtala henne her), for eg brukte 2-3 ettermiddagar, men opplegget er at du skal bruka fem veker og lesa eitt stykke kvar dag i starten av studentlivet. Slik sett har eg nok ikkje dvelt lenge nok med alt, men eg har fått med meg nok til å anbefala boka.

Og til dykk som er foreldre eller venner av nokon som skal begynna på studiar til hausten: send gjerne med dei mors kjøttkaker og nye gardiner, men legg  med denne boka òg!

Til slutt må eg kommentera språket. Alle slurvefeila  irriterte meg  frykteleg. Har forlaget slutta å lesa korrektur? Dette er for dårleg Lunde! Det er å håpa at andre lesarar blir mindre frustrerte over dette enn meg.

Anne

fredag 5. april 2013

Røverens siste seks timer


Willi R.Garvi: Røverens siste seks timer

Denne boka fekk me tilsendt rett før påske. Det tykte eg passa bra, og tok ho med heim i ferien som ei «meditasjonsbok».  Bak på omslaget står det:» Røverens siste seks timer er en historie om røveren som ble omvendt da han var korsfestet på Golgata sammen med Jesus. Forfatteren tenker seg hvordan han kan ha opplevd Jesus.» Dette tykte eg var eit annleis og interessant utgangspunkt, men må nok dessverre seia at for meg blei ikkje dette ei gripande bok.

Boka inneheld mange flotte illustrasjonar. På venstresidene står det om tilhøva i Israel på den tida eller andre forklarande opplysningar. Slik blir dette ei lett tilgjengeleg bok for alle. På høgre sida er det tankane til røvaren som kjem fram. Denne vekslinga tykkjer eg likevel øydelegg noko av opplevinga med å lesa om røvaren på korset. Boka er kort, så eg les ho ein gong til, då berre høgresidene, og tykte det fungerte noko betre. Likevel, eg saknar å komma nærare inn på denne røvaren. Eg meiner forfattaren skapar avstand ved språklege val som han gjer, blant anna med å skildra i fortid det som kunne vore skildra i nåtid, til dømes: «Jesus hadde vært taus hele tiden, men så bryter han stillheten og sier: «Far, tilgi dem, for de vet ikke hva de gjør.» Noe så utrolig! Jeg kom til å tenke på hva profeten Jesaja sa om Herrens tjener.» Første gongen eg las blei eg i tillegg forvirra over alle namna på personar forfattaren omtalar, og eg lurer på kvifor han har valt å kalla desse personane Judas Bartimeus, Jakob Barnabas og Jesus Barabbas. Men kanskje er det som skurrar mest dei lange tankerekkene og filosoferingane medan han heng på krossen. Er dette truverdig? Dette står i sterk kontrast til Bibelen si framstilling av Jesus. Lidinga er stor og me forstår det òg gjennom dei korte, ordknappe setningane. Jesus seier ikkje eitt ord for mykje.

Likevel, ta gjerne med deg boka og les ho. Ho er kort, 58 sider med lite tekst på kvar side, og me er jo ikkje like, så du kan oppleva henne annleis enn meg.
Anne

onsdag 12. desember 2012

Et brustent halleluja


Tomas Sjödin: Et brustent halleluja

Ein noko uvanleg tittel, som iallfall gjorde meg interessert i denne boka. Sjödin presenterer her eit djupare innhald i ordet halleluja enn det eg har lagt i dette ordet frå før. Eg likar bøker som kan fornye og gi meg noko å tenkja vidare på. Det gjorde denne boka.

Elles kan ein vel seia at boka spring ut av to personlege erfaringar. Sjödin har nett mista sitt andre barn i sjukdom og han har ei sterk oppleving ein sundag han er ute i byen og høyrer kyrkjeklokkene ringa. Kvifor blir han så sterkt bevega av kyrkjeklokkene? Kva skjedde? Dette vil han finna ut av. Boka blir difor òg ei bok om kyrkjeklokker, men der dette blir flette inn i og brukt som illustrasjonar på det kristne livet. Sjølvsagt har boka òg med seg den mørke klangbotn etter å ha mista to barn, men boka er ikkje dvelande ved sorg og sakn, men gir meir tankar om det å leva det kristne livet, midt i både det gode og vonde som livet kan by på.

Eg er nok innimellom ikkje heilt med på fascinasjonen og interessa for kyrkjeklokker, men boka har andre sider som absolutt gjer ho verdt å lesa. Sjødin skriv i tillegg lett og godt.

Anne

fredag 14. september 2012

Himmelen er på or'ntlig


Todd Burpo: Himmelen er på or’ntli

I utgangspunktet var eg svært skeptisk til denne boka. Eg hadde lese to ganske negative omtalar om boka frå før, i tillegg til at eg nok tykte dette høyrdest ut som ei amerikansk sensasjonsbok. Kva gjorde at eg likevel gjekk i gong med denne boka? Jo, fleire ungdommar var interesserte i å lesa ho, og dei anbefalte henne til andre etterpå. Dette var ungdom heilt ned i ungdomsskulealder. Kva er det med denne boka, tenkte eg?

Burpo, som er prest i ei metodistkyrkje, skriv her om sonen på fire år. Guten blei alvorleg sjuk, dei trudde dei kom til å mista han, men han overlevde. I tida etter begynte Colton, som guten heiter, å fortelja om himmelen. Det er desse glimta frå himmelen som er poenget med boka, men faren skriv òg om korleis det var for familien då Colton blei sjuk, om forbøn, om undringa over alt dei fekk høyra og han prøver å trekkja parallellar mellom det guten har sett og det som står i Bibelen om himmelen.

Ein må lesa boka som det ho er; eit vitnesbyrd frå eit barn og ein far. Me får ikkje ei samanhengande teologisk utgreiing om livet etter døden. Men dette var ei bok det var godt å lesa, så eg forstår ungdommane som skrytte av ho. Her får ein ikkje minst eit bilete av ein uendeleg kjærleg Gud, ein får sjå at Gud lyttar òg til dei fortvila klageropa og himmelen blir skildra på ein enkel måte som ein god og trygg stad der ein møter både Jesus og sine eigne igjen. På denne måten gir boka trøst til alle som har mista nokon, også dei som har mista barn dei ikkje fekk lov å bli kjende med.

I vår kristne kvardag er kanskje tanken på og forkynninga om himmelen blitt litt borte. Denne boka er med på å setja fokus på himmelen igjen, det trur eg me treng.

Himmelen er på or’ntlig er på 178 sider og har eit enkelt og forståeleg språk. I forhold til mange andre bøker i denne kategorien, er ho relativt godt skriven.

Anne

mandag 14. mai 2012

Gjøre alle ting nye


Henri J.M. Nouwen: Gjøre alle ting nye

Ei lita bok som ein fort les, men som er skriven for å gjera oss meir bevisste som kristne. Kva vil det seia å leva eit åndeleg liv? Det er ikkje mindre enn dette forfattaren prøver å gi oss svar  på med ei bok på bare 72 sider.

Forfattaren prøver å peika på ein veg der ein frigjer seg frå dei daglege bekymringane, og heller lar seg prega av at ein tilhøyrer Guds rike. For meg som eigentleg lever etter mottoet:» Ingenting er så lite at ein ikkje kan bekymra seg over det», var dette ei utfordrande bok. Det eg sette pris på med boka, var at her er verken lettvinte løysingar eller oppskrifter med så tronge rammer at det bare kan passa for få personar. Dette gjer boka truverdig. Mot slutten kjem forfattaren med konkrete råd, men viser samtidig koss ein sjølv må ta utgangspunkt i eige liv. Dette er absolutt ei bok det er vel verdt å lesa.

Det som eg likevel kjenner irriterer meg litt med denne boka, og som ho har til felles med ein del andre kristne bøker, er eit gammalmodig språk. Boka er utgitt i 2002, då meiner eg t.d. ord som «efter» ikkje er naturleg å bruka.  I tillegg burde ein del setningar vore skrivne om.


Anne

fredag 27. april 2012

Den doble gleden


Odd J.Eidner: Den doble gleden

I 2006 ga Eidner ut boka Den doble sorgen. Her skriv han om koss det er å mista to barn og i tillegg mista trua på Gud. Dette er ei svært gripande og ærleg bok. Denne boka er eit bakteppe for boka som kom ut i 2010: Den doble gleden. Den doble gleda er både kone og dotter, som han kan gle seg over å ha. I tillegg spelar tittelen på gleda over dei små og store gledene i livet i tillegg til gleda over å høyra Gud til.

Boka inneheld små reflekterande stykke om livet og livsglede. Stykka handlar om ulike tema, men følgjer på sett og vis kalenderåret. Dette er difor ei bok å ha liggande litt og lesa eit stykke, (40 til saman), nå og då. Likevel må eg nok seia at eg ikkje blir like fanga av denne boka som av sist bok. Det er kanskje naturleg at tragediar og truskriser grip djupare og sterkare enn småstykke om livet. Men eg trur òg det har med at når det er dei små gledene i livet det handlar om, så er identifikasjon viktig. For meg blir ein del av det han omtalar frå sitt liv i Bodø, (som for eksempel isbading), litt langt frå det eg gler meg over, og difor er det ikkje alle stykka som «snakkar til meg». Andre stykke gir meg noko å tenkja vidare over. Og ikkje minst kan det vera nyttig å bli minna om kor mykje ein faktisk har å vera takknemleg og glad over.

Anne