fredag 31. mai 2013

Vareopptelling


Erlend Loe: Vareopptelling

Skal du ha med deg ei lita bok i veska for litt tidtrøyte på reisa, er Vareopptelling ei kjekk bok. Ho er humoristisk og godt skriven, med andre ord underhaldande.

Vareopptelling handlar om lyrikaren Nina Faber som etter mange år skal gi ut ei ny lyrikksamling. Ho har vore i Istanbul på eit lengre opphald og har skrive om ulike kjensler og tankar ho har fått når ho har sett ut over Bosporus-sundet. Rykta har gått både om alkoholbruk i litt vel store mengder og om eit kjærleiksforhold i Tyrkia. Me har i litteraturgruppa nett lese Snakk til meg av Vigdis Hjort, og eg tenkte kanskje Loe har fått ideen til hovudpersonen derifrå, for det finst ein del trekk ved desse personane som er like.

Heile boka handlar om dagen lyrikksamlinga kjem ut. Det viser seg at dikta ikkje blir like godt mottatt, særleg er det nokre bokomtalar som er tunge å svelgja. Faber går grundig til verks, og utan å røpa for mykje, blir det tid for hemn. Slik sett er boka kanskje meint som ein kritikk av enkelte litteraturkritikarar.

Vareopptelling har fått alt frå slakt til gode omtalar. Les gjerne omtalen på nrk.no:


Anne

onsdag 22. mai 2013

Gode mennesker


Nir Baram: Gode mennesker

Gode mennesker er ei annleis bok frå 2.verdskrig i Europa. Me følgjer to personar i to ulike totalitære statar annakvart kapittel gjennom heile boka.

Den eine hovudpersonen er Aleksandra Weisberg i Sovjet. Ho er dottera til ein jødisk intellektuell i Leningrad. Foreldra og vennene deira blir vurdert som farlege for det kommunistiske regimet. For å redda seg sjølv og tvillingbrørne sine, går Aleksandra i teneste hjå fienden.

Den andre hovudpersonen er Thomas Heiselberg, reklamemann og glad i alt amerikansk, noko som ikkje blir populært etter kvart som nasjonalismen vinn fram i Tyskland. Han er ein person som prøver å snu kappa etter vinden, og det å gi folk det dei vil ha, er hans sterkaste kort.

Då eg las på baksida av boka, trudde eg at desse to personane ville møtast relativt raskt og at boka vidare ville handla om vegen vidare for dei i lag. Dei møtest, men ikkje før etter cirka 400 sider, så boka handlar meir om koss dei kjempar i kvar sitt land mot diktatur og undertrykkande system.

Bak på boka står det:» Gode mennesker er Nir Barams fjerde bok , og den første israelske romanen som tar for seg den andre verdenskrig sett fra overløpernes perspektiv. Den lå på bestselgerlister i seksten uker, og ble nominert til Sapir-prisen, Israels mest prestisjefylte litterære utmerkelse.» Dette er likevel ikkje ei lettlesen bok. Eg sleit med å forstå alt, blant anna blei hendingar rundt dei tolka av hovudpersonane som at nå hadde det skjedd noko alvorleg, sjølv om eg ikkje heilt fatta kvifor. Men det har vel kanskje noko med at det er vanskeleg å setja seg inn i koss det er å leva under slike regime, og at ein sjølv ikkje er vane med å tolka alt og alle rundt seg heile vegen for å finna ut om dei er med eller mot ein.

Boka er på vel  500 sider.

Søk gjerne opp i Atekst Eskil Skjeldal si bokmelding i Vårt Land: Da Europa kollapset
Anne

fredag 3. mai 2013

Det syvende barnet


Erik Valeur: Det syvende barnet

Medan eg las denne boka, tenkte eg fleire gonger: Liker eg Det syvende barnet? Er det ei bok eg kan anbefale vidare? Som bokbloggar sit ein av og til og berre leitar etter feil i bøker, særleg i bøker på over åtte hundre sider. Ein ser etter det som berre er med for å ha det der, det som eigentleg ikkje trengs, men som forfattaren har spedd på med. Ein ser etter skrivefeila eller eit lite brot i skrivestilen. Ein ser etter lekkasjar og stader der forfattaren skriv noko heilt anna enn for hundre sider sidan. Kva så når ein ikkje finn dette?

Året er 1961, året som blir mest vektlagt i Valeurs debut om Kongslund barneheim, ein barneheim i Danmark det i følgje denne boka er knytt store mysterium til. Eg elskar jo krim, og då særleg nyskapande krim som skil seg ut og greier å lage eit anna dilemma enn berre ein drepen person utan mordar. Takk og pris klarte Valeur dette, og sjølv om eg har likt å lese Läckberg og Kallentoft, vil eg seie at Valeur verkeleg scorar høgt hjå meg berre ved å tenkje nytt! For sjølve plottet dreier seg ikkje berre om kven som har drepe personen på stranda i nærleiken av barneheimen Kongslund, men saka rundt alle adopsjonane og barna som var på Kongslund i 1961. For på den tida var det sju barn på Kongslund. Forstanderinna på Kongslund, frøken Ladegaard, òg kalla Magna, gjer alt som står i hennar makt for å finne familiar til barna som er passande, men dette året skjer det noko som forandrar alt for barneheimen. Det har i lang tid gått rykte om at mange av barna på barneheimen har fedrar som er høgt oppe i samfunnet og at mødrene har blitt tvungne til å adoptere bort barna til alle sitt  beste. Magna er dyktig og gjer alt så diskret som mogleg - utan spor.

Det er mange synsvinklar i boka, men ein utmerkar seg. Magna har ei pleiedotter som ho har namngitt Inger Marie Ladegaard, men som berre blir kalla Marie. Sjølve historia blir fortalt frå hennar synsvinkel i første person mykje av tida, samstundes som det er med ein allvitande forteljar som fortel om dei andre karakterane i tredje person. Ein får tilgang på kjenslene til dei fleste, men løyndommane kjem ikkje på samlande band. Utover i boka blir kvar av karakterane si historie så smått om sen fortalt, men ein må vente på avsløringar av den store karakteren. Dette må vere Danmarks beste debut på lang tid. Han fekk prisen for Nordens beste krim i 2012.

Samstundes som boka handlar om adopsjon og ein barneheim, handlar ho òg om andre meir djupe spørsmål: Identitet, familie, universet og  Gud. Eg syntes kanskje identitet var det mest interessante. For dei som ikkje får vite at dei er adoptert, veit dei kven dei er? Er dei seg sjølv? Bør dei få vite sanninga og finne ut kven dei eigentleg er og har adopsjon noko som helst med den du blir å gjere? Marie Ladegaard i boka er for at alle adopterte barn skal få vite kven dei er. Ho skuldar foreldra for å vere løgnarar som ikkje fortel noko. For henne er opphavet noko av det viktigaste, kanskje fordi ho ikkje veit noko om sitt eige opphav.
 
Dette er heilt klart ei av dei beste bøkene eg har lese. Storleiken har ikkje noko å seie. Og som de sikkert har forstått, er svaret på mitt første spørsmål ja. Ja, eg likte boka utruleg godt.

Mai Lene