fredag 3. mai 2013

Det syvende barnet


Erik Valeur: Det syvende barnet

Medan eg las denne boka, tenkte eg fleire gonger: Liker eg Det syvende barnet? Er det ei bok eg kan anbefale vidare? Som bokbloggar sit ein av og til og berre leitar etter feil i bøker, særleg i bøker på over åtte hundre sider. Ein ser etter det som berre er med for å ha det der, det som eigentleg ikkje trengs, men som forfattaren har spedd på med. Ein ser etter skrivefeila eller eit lite brot i skrivestilen. Ein ser etter lekkasjar og stader der forfattaren skriv noko heilt anna enn for hundre sider sidan. Kva så når ein ikkje finn dette?

Året er 1961, året som blir mest vektlagt i Valeurs debut om Kongslund barneheim, ein barneheim i Danmark det i følgje denne boka er knytt store mysterium til. Eg elskar jo krim, og då særleg nyskapande krim som skil seg ut og greier å lage eit anna dilemma enn berre ein drepen person utan mordar. Takk og pris klarte Valeur dette, og sjølv om eg har likt å lese Läckberg og Kallentoft, vil eg seie at Valeur verkeleg scorar høgt hjå meg berre ved å tenkje nytt! For sjølve plottet dreier seg ikkje berre om kven som har drepe personen på stranda i nærleiken av barneheimen Kongslund, men saka rundt alle adopsjonane og barna som var på Kongslund i 1961. For på den tida var det sju barn på Kongslund. Forstanderinna på Kongslund, frøken Ladegaard, òg kalla Magna, gjer alt som står i hennar makt for å finne familiar til barna som er passande, men dette året skjer det noko som forandrar alt for barneheimen. Det har i lang tid gått rykte om at mange av barna på barneheimen har fedrar som er høgt oppe i samfunnet og at mødrene har blitt tvungne til å adoptere bort barna til alle sitt  beste. Magna er dyktig og gjer alt så diskret som mogleg - utan spor.

Det er mange synsvinklar i boka, men ein utmerkar seg. Magna har ei pleiedotter som ho har namngitt Inger Marie Ladegaard, men som berre blir kalla Marie. Sjølve historia blir fortalt frå hennar synsvinkel i første person mykje av tida, samstundes som det er med ein allvitande forteljar som fortel om dei andre karakterane i tredje person. Ein får tilgang på kjenslene til dei fleste, men løyndommane kjem ikkje på samlande band. Utover i boka blir kvar av karakterane si historie så smått om sen fortalt, men ein må vente på avsløringar av den store karakteren. Dette må vere Danmarks beste debut på lang tid. Han fekk prisen for Nordens beste krim i 2012.

Samstundes som boka handlar om adopsjon og ein barneheim, handlar ho òg om andre meir djupe spørsmål: Identitet, familie, universet og  Gud. Eg syntes kanskje identitet var det mest interessante. For dei som ikkje får vite at dei er adoptert, veit dei kven dei er? Er dei seg sjølv? Bør dei få vite sanninga og finne ut kven dei eigentleg er og har adopsjon noko som helst med den du blir å gjere? Marie Ladegaard i boka er for at alle adopterte barn skal få vite kven dei er. Ho skuldar foreldra for å vere løgnarar som ikkje fortel noko. For henne er opphavet noko av det viktigaste, kanskje fordi ho ikkje veit noko om sitt eige opphav.
 
Dette er heilt klart ei av dei beste bøkene eg har lese. Storleiken har ikkje noko å seie. Og som de sikkert har forstått, er svaret på mitt første spørsmål ja. Ja, eg likte boka utruleg godt.

Mai Lene

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar