fredag 30. mars 2012

Si at du lyver


Silvia Henriksdottir: Si at du lyver

Dette er ei sjølvbiografisk roman om oppveksten og livet til Silvia Henriksdottir. Ho veks opp på Færøyane og familien tilhøyrer Nardus-menigheten. Dette er ei kristen forsamling som meiner dei sjølv er dei einaste sanne kristne, sjølv om dei er få, og som blant anna har strenge krav til koss ein skal gå kledd og kva ein kan gjera og ikkje gjera. Silvia blir difor tidleg ei jente som skil seg ut både i klesdrakt og alt ho ikkje kan vera med på.

Men i tillegg har Silvia det vanskeleg på heimebane. Faren, som ho etter kvart forstår ikkje er den biologiske faren likevel, misbrukar henne, og oppfører seg innimellom slik at livet kjennest utrygt for resten av familien. Eg tar med ei lite utdrag frå koss heimturen frå møte kunne arta seg:

«Hvis han svingte til venstre, var det hjemover, og praten ville begynne. Viss han svingte til høyre, ville stillheten vare. Men han gjorde det bare når det var mørkt. Ellers var det ingen vits. Men ofte var det mørkt, og han svingte til høyre. Stillheten frøs mitt indre mens vi kjørte ned til kaien og helt ut på den ytterst piren. Piren, hvor man måtte kjøre fram og tilbake mange ganger for å kunne snu. Og det gjorde han. Kjørte fram og tilbake, og grensen mellom piren og havet var usynlig og hårfin i mørket. Fram…heeelt fram. Og så tilbake… heelt tilbake, mange ganger. Kan man kjøre ti centimeter lenger fram denne gangen, tro? Jo da, det går sikkert greit. Fraaam… lite grann mer…går det, tro? Han koste seg. Vi andre holdt pusten og priste oss lykkelige når vi endelig var på vei hjemover.»

I tillegg er mora fjern og mest opptatt av seg sjølv. Etter kvart blir det viktig for Silvia å finna ut kven ho eigentleg er, kven var faren og kva skjedde etter at han døydde? Kvifor har alt blitt halde hemmeleg for henne?

Sjølv om tema som blir tatt opp er alvorlege, er ikkje boka utan humor. Boka får godt fram forvirringa og paradoksa som Silvia opplever i oppveksten. Ho skriv sjølv til slutt: «Derfor vil jeg fortelle historien om Silvia Henrikka Hansen. Slik hun har opplevd den og fått den fortalt.» Ei personleg, interessant og gripande historie.

Boka er på 313 sider.

Anne

mandag 26. mars 2012

Blomstenes hemmelige språk


Vanessa Diffenbaugh: Blomstenes hemmelige språk 


Victoria har vore i fleire fosterheimar heile livet, men nå er ho atten og ingen er plikta til å ta seg av henne lenger. Victoria slår seg til i ein park og prøver å stelle med nokre blomar. Renata, ein blomsterdekoratør, blir imponert over Victorias kunnskaper om blomar og blomespråket og lar henne jobbe for seg. I jobben treff Victoria ein person i frå fortida, ein som ho set i samanheng med noko ho helst vil gløyme. Kva skal ho gjere?

 Boka er veldig kjekk OG ROMANTISK. Victoria er ei flott jente å bli kjent med, og sjølv om eg er laaaaangt i frå å ha grøne fingrar, var det morosamt og kjekt å høyre om korleis Victoria jobba med blomane og brukte blomsterpråket i jobben sin. I tillegg blir møtet med personen i frå fortida spennande å lese om, for dette møtet snur opp ned på heile boka og heile livet til Victoria. Denne boka anbefales på det sterkaste. Boka er på 388 sider og forlaget Aschehoug skriv nokså passelig: gå ikke glipp av årets store kjærlighetsroman. 

Nei, ikkje gå glipp av denne. Les utdrag av boka her


Mai Lene

fredag 23. mars 2012

Jeg vil leve


Marte Wexelsen Goksøyr: Jeg vil leve

 Denne boka må eg mest karakterisera som eit kampskrift, eit kampskrift for likeverd og like rettar, òg for menneske med Downs syndrom.

Goksøyr har sjølv downs og fortel om sine eigne erfaringar i møte med samfunnet. Ho har i tillegg intervjua fleire personar, bl.a. foreldra og Jens Stoltenberg. Eg tykte boka var gripande lesing, ikkje minst der foreldra fortel koss det var å få eit barn med downs.

Boka er lita, så de må sjå litt godt etter i hylla for å finna ho, for denne boka bør få mange lesarar.

mandag 19. mars 2012

Før jeg sovner


S. J. Watson Før jeg sovner



Kristine kan ikkje hugse lenger. Ho vaknar opp kvar morgon utan å hugse noko av dagen i går og har ingen minner frå dei siste tiåra. På sida av henne ligg han som hevdar han er mannen hennar. Han gjenskaper kvar dag bilete for henne av det livet ho har, at ho er godt over førti og ikkje rett over tjue som ho trur, at han er familien hennar, at ho ikkje kan hugse kva som har skjedd og var utsett for ei bilulukke. Saman med psykologen sin har Kristine bestemt seg for å skrive dagbok før ho sovner, så ho neste dag kan lese og hugse og sjå om noko dukka  opp dagen i går. For av og til hugsar ho, men ikkje alle vil at ho skal hugse alt. 


Dette er ei skremmande bok og ein god krim og psykologisk thriller. Viss du ikkje liker spenning, ikkje vil ha ei nervepirrande kjensle og ha hjartet i halsen, så ikkje les denne boka. For denne boka har alle faktorar som skal til for at hos skal bli spennande å lese. Handlinga går gjennom Kristines dagbok etter at ho les gjennom kva som har skjedd før. Eg lovar mange spennande augeblink og ein god krim og psykologisk thriller, når du les denne boka. 

Boka er på 400 sider og gitt på ut på Bazar forlag.  


Adresseavisa gav boka seksar på terningen og Bergensavisa fem. Dette er ei knakande god bok. 

 Mai Lene


fredag 9. mars 2012

To nye bøker



To nye bøker, ei for vaksne, ei for ungdom, men med same tematikk. Gutar på 12-14 år strevar med å finna seg til rette blant dei andre på skulen og i vennegjengen. I begge tilfella er det på mange måtar uvanlege/unormale foreldre som øydelegg for dei, men som dei likevel er svært lojale mot. I begge bøkene er forteljarstemma lagt til guten og me kjem tett inn på det dei slit med og tenkjer på. Kva er det då som gjer den eine til ei ungdomsbok og den andre til ei bok for vaksne? Kanskje slutten, men sjølv likte eg å lesa begge to. Her kjem ein nærare presentasjon av begge:

Sangen om en brukket nese


Arne Svingen: Sangen om en brukket nese

Bart er 12 år, blir 13 litt uti boka. Hovudpersonen skildrar seg sjølv som ein som står i den ytste ringen i skulegarden. Boka får godt fram «skulegardshierarkiet» som alle barn kjenner godt til, men som me vaksne nok ofte vel å oversjå eller bortforklara. Det er bare ein som står lenger «ute» enn han sjølv, og det er Bertram. Tenk om han blir litt meir populær, då må ein annan av dei i den ytste ringen overta hans plass. Bart fryktar at det kan bli han sjølv.
Men dette er ikkje alt, og kanskje heller ikkje det mest krevjande Bart har å stri med. Me forstår etter kvart at Bart si mor ikkje er som andre mødre. I tillegg kjenner han ikkje far sin. Mora har sagt at han heiter «John Jones», og Bart søkjer på nettet for å prøva å finna han, men det er jo ein del å ta av.
Nokre vil kanskje oppleva at det skjer litt lite i starten, men dette tar seg opp utover i boka. Vendepunktet kjem når Bart bestemmer seg for å vera ærleg om koss han har det. Som alltid skriv Svingen godt, boka er sår og humoristisk på same tid.
Anne

Ismannen


Anders Bortne: Ismannen

Marius er ein gut på 12-14 år. Han er lynande skarp, men det er jo ikkje alltid det hjelper på populariteten. Tvert om angrar han ofte på det han seier fordi det får han til å skilja seg ut, eller som om han vil framstå betre enn dei andre. Men det som framfor alt gjer situasjonen til Marius annleis, er at han har Ismannen til far. Ein far som stadig vekk skal setja nye verdsrekordar i isbading og liknande. Problemet er at dette tar heile fokuset til faren, og han blir lite far for Marius, i staden opplever Marius at han bør passa på faren. Mora har hatt kreft og det kjem fram at dette har endra henne. Det ligg som ein undertone at sjukdommen kan dukka opp igjen. Synsvinkelen ligg heile tida hjå Marius, og me får innsyn i hovudet til eit barn som får/tar på seg eit stort ansvar for å halda familien saman. Denne boka er noko «mørkare» enn Svingen si bok. Boka er på 213 sider og er etter mi meining godt skriven.
Anne

mandag 5. mars 2012

Over de hundre fjell


Reyna Grande: Over de hundre fjell

Denne boka tar oss med til Mexico. Juana Garcia er 11 år i starten av boka og familien er svært fattig. Faren dreg for å finna lukka i USA, men kjem aldri tilbake. Som 14-åring vil difor Juana dra for å finna faren. Boka vekslar mellom å følgja barnet Juana og den noko eldre utgåva.

Boka er trist, trist og meir trist i starten, men lyspunkt kjem etter kvart, så her gjeld det bare å halda ut. I og for seg har boka ei gripande forteljing om eit aktuelt emne, men ho er enkel både i handling og språk. Dette er boka for deg som tykkjer det er godt å søkka ned i ein stol med ei «ukebladnovelle». Boka er på 234 sider.
Anne

fredag 2. mars 2012

Aktuelle bøker




Frå ein lesande kollega har eg fått følgjande tilbakemelding om boka Radikal av D. Platt:
«Boka er aktuell og svært utfordrende. Anbefales.»

De kan lesa meir om boka på:
http://www.radicalthebook.com/home.html






Ei anna bok som kan nemnast er M. Lindstrøm: Dager i stillhetens historie. Lindstrøm fekk denne veka Litteraturkritikerprisen for boka og er i tillegg nominert til Nordisk råds litteraturpris. Sidan dette er ei bok som blei litt for stilleståande for meg og eg difor ikkje kan skriva bokmelding om henne, kan de i staden lesa omtale på: http://www.nrk.no/nyheter/kultur/litteratur/1.7874977