Marte
Wexelsen Goksøyr: Jeg vil leve
Denne boka må eg mest karakterisera som eit kampskrift, eit
kampskrift for likeverd og like rettar, òg for menneske med Downs syndrom.
Goksøyr har sjølv downs og fortel om sine eigne erfaringar i
møte med samfunnet. Ho har i tillegg intervjua fleire personar, bl.a. foreldra
og Jens Stoltenberg. Eg tykte boka var gripande lesing, ikkje minst der
foreldra fortel koss det var å få eit barn med downs.
Boka er lita, så de må sjå litt godt etter i hylla for å finna ho, for
denne boka bør få mange lesarar.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar