Reyna
Grande: Over de hundre fjell
Denne
boka tar oss med til Mexico. Juana Garcia er 11 år i starten av boka og
familien er svært fattig. Faren dreg for å finna lukka i USA, men kjem aldri
tilbake. Som 14-åring vil difor Juana dra for å finna faren. Boka vekslar
mellom å følgja barnet Juana og den noko eldre utgåva.
Boka er trist, trist og meir trist i starten, men lyspunkt
kjem etter kvart, så her gjeld det bare å halda ut. I og for seg har boka ei
gripande forteljing om eit aktuelt emne, men ho er enkel både i handling og
språk. Dette er boka for deg som tykkjer det er godt å søkka ned i ein stol med
ei «ukebladnovelle». Boka er på 234 sider.
Anne
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar