Viser innlegg med etiketten politikk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten politikk. Vis alle innlegg

fredag 7. juni 2013

Himmelstormeren


Cecilie Enger: Himmelstormeren

Dette er ei biografisk roman om Ellisif Wessel. Eg sjølv hadde ikkje høyrt om denne personen før, men i si samtid var ho ei klar og ofte provoserande røyst i avisene.

Ellisif Wessel blei fødd i 1866 og vaks opp i ein overklassefamilie på Dovre. Ho var blant dei få jentene på den tida som blei sendt til Kristiania for å gå på skule. Her bur ho i same hus som syskenbarnet Andreas. Han studerer til lege. Dei blir etter kvart eit par, giftar seg og flyttar til Kirkenes.

I Kirkenes møter dei begge ein fattigdom dei før ikkje har sett. Dette gjer noko med dei. Andreas Wessel går inn i politikken, men Ellisif har ikkje denne moglegheita, ho er trass alt kvinne. Begge prøver dei å gi hjelp der nauda er størst, men særleg Ellisif ser etter kvart behov òg for systemendringar. Ho blir stadig meir radikal, lærer seg russisk og omset revolusjonær litteratur derifrå. I tillegg skriv ho artiklar og lesarinnlegg sjølv og får mange motstandarar.

Eg tykte dette var ei svært interessant bok om ei historie eg ikkje kjende til frå før. Boka gir òg eit tidsbilete av tilhøva i slutten av 1800-talet og starten på 1900-talet. I denne perioden blir det starta gruvedrift ved AS Syd-Varanger, Noreg riv seg laus frå Sverige, og den russiske revolusjonen nærmar seg. Ikkje minst får me sjå dei harde tilhøva menneske levde under.

Dette var lærerik og nyttig lesing!

Anne

fredag 20. januar 2012

Saganatt


Saganatt blir òg kalla Lunde-triologien. Ho inneheld tre ulike historier som kan lesast heilt frittståande. Likevel er det ein samanheng. Første del; Kom søndag, handlar om Arvid Lunde og jappetida på 80-talet. Andre del; I morgon er det måndag, handlar om Harold, far til Arvid, og vi får her følgja utviklinga på 90-talet.  I siste del; Den åttande dagen, er me i nåtid og son til Arvid, Robby, dukkar opp. Robby er langt frå hovudpersonen i siste del, men blir trekt inn mot slutten. Dette er likevel ikkje ei familiekrønike, men ein triologi som skildrar ei samfunnsutvikling.
 

Sjølv likte eg best del to. Harold Lunde har vore møbelhandlar, som i følgje han sjølv, gjekk konkurs på grunn av IKEA. Denne delen kan difor bli hard kost for Ikea-fans. Men Harold har ikkje bare mista arbeidet sitt, han har òg på mange måtar mista sin store kjærleik gjennom alle år, kona Marny. Ho er blitt senil og kjenner knapt Harold igjen. Kva gjer ein mann som har levd eit godt liv, men nå har mista alt? Jo, han dreg av garde til Sverige for å kidnappa Ingvar Kamprad, grunnleggaren av Ikea. Gjennom heile forteljinga får me innsyn i Harold sitt forhold til Marny og det livet dei har levd i lag. Skildringa av dette tykkjer eg er svært god.

Første del av boka er kanskje den mest humoristiske framstillinga. Men bak god humor er det alltid mykje alvor. Siste del blei for absurd for meg, med Gerhardsen og Bratteli blant dei ulevande, men denne delen tykkjer tydelegvis andre er veldig bra, (sjå link under), så det er vel ein genistrek eg ikkje har fått med meg heilt.

Frode Grytten skriv på lett tilgjengeleg nynorsk. Han har ein humoristisk stil, men språket kan innimellom vera litt røft. Heile triologien er på 443 sider.

Les gjerne omtalane på: http://marius.bokklubben.no/?p=2363 og

                                            http://www.nrk.no/nyheter/kultur/litteratur/1.7775552



Anne

fredag 13. januar 2012

Frihet, likhet, farskap


Audun Lysbakken: Frihet, likhet, farskap

Audun Lysbakken er barne- likestillings, og inkluderingsminister. Han har skrive ei  bok som argumenterer sterkt for pappapermisjon og fedrekvote. På mange måtar vil difor boka vera ei « annleis stemme» enn det ein ofte høyrer i «vårt miljø».  Slik sett er dette ei bok det er verd å lesa om ein ønskjer å forstå bakgrunnen til dei som kjempar for pappapermisjon og fars rettar.

Boka er lett å lesa, med mange kvardagsglimt og eit humoristisk blikk. Og endeleg ein politikar som kan gi ut ei bok på bare 125 sider!

Anne