mandag 27. januar 2014

Over det kinesiske hav


Gaute Heivoll: Over det kinesiske hav

Igjen skriv Heivoll ei bok med utgangspunkt i historiske hendingar. Denne gongen er det om eit ektepar som bygger ein stor heim i ei bygd i Vest-Agder der dei vil ta imot psykisk utviklingshemma og psykisk sjuke menneske. Dei ønskte å bruka heimen til å gi pleie i «Kristi kjærlighets ånd». Me følgjer dei frå 2.verdkrig og fram til 1973.

Det blir etter kvart ei temmeleg samansett forsamaling i dette huset. I tillegg til familien på fire, er det ein eldre onkel av mora; Josef som syng så fint, Matiassen som hadde vore innesperra i ei gruve i Amerika og ikkje blitt heilt seg sjølv etterpå, Christian Jensen som skulle ha blitt prest, men var i «overkant begava» og fem søsken frå Stavanger. Dei yngste av søskena var på alder med sonen i huset, eg-personen i boka, og dei leikar og er ein del i lag. Den eine av søskena, Ingrid, får hovudpersonen eit spesielt nært forhold til.

Me følgjer desse personane gjennom mindre og større hendingar, og boka blir kanskje noko langdryg. Likevel er boka interessant fordi ho gir eit realistisk bilete av behandlinga av og synet på psykisk sjuke og psykisk utviklingshemma  på denne tida. Ikkje minst stiller boka spørsmålet: Kva er eit menneske? Og gjennom dei fine skildringane av kvar av bebuarane i heimen, er boka eit innlegg i kampen for menneskeverd. Me ser òg at ordningane samfunnet har for denne gruppa, er blitt annleis. Då foreldra slutta å ha omsorga for desse fem søskena, får dei plass på Nærland. Dette er på den tida eit typisk «institusjonsbygg». Mot slutten av boka fortel eg-personen om eit besøk han tar til dei på Nærland, og då har dei fått eiga leilegheit og bur igjen i lag som ein familie.

Ei bok vel verd å lesa!

Anne

mandag 20. januar 2014

Dandy


Jan Guillou: Dandy

Eg har tidlegare omtalt boka Brobyggerne her på bloggen. Brobyggerne er første boka og Dandy andre boka i den historiske serien Det store århundet, som strekkjer seg frå slutten av 1800-talet og framover. Begge dei to første bøkene sluttar rett etter 1.verdskrig.

Eg tykkjer likevel det er svært stor forskjell på desse to bøkene. Brobyggerne var interessant med mykje historisk stoff om 1.verdskrig i Afrika og bygging av Bergensbanen. Dandy blir etter mi meining keisam og til tider teit i forhold. Kanskje er Dandy ei like god bok berre du er over gjennomsnittet interessert i tilhøva for homofile i England rundt 1900 og i kunsthistorie?

Sverre, som er tredjemann av brørne Lauritzen, blir under studiane i Tyskland forelska i ein rikmannsson frå England. I staden for å vera med tilbake til Noreg for å bygga Bergensbanen, slik planen var, følgjer han med kjærasten tilbake til England. Her må dei sjølvsagt streva for å leva ut kjærleiken sin, sjølv om det går relativt greitt sidan dei er så rike. Dette endrar seg når 1.verdskrig startar. I tillegg handlar boka om at Sverre etter kvart utviklar seg til å bli ein veldig dyktig malar. Det som dessverre er synd for Sverre og krinsen rundt han, er at engelskmenn er gammaldagse og lite nytenkjande og verken forstår seg på homofile kjensler eller moderne kunst.

Les gjerne dei tre siste kapitla, så har du overgangen til neste bok. Elles vil eg rå til å gå direkte over til neste bok i serien: Mellom rødt og svart. Ut frå omtale av denne boka andre stader, reknar eg med at ho blir ein opptur.
Anne

tirsdag 14. januar 2014

Nærmere høst


Marianne Kaurin: Nærmere høst

Denne boka tar oss med tilbake til Oslo under 2.verdskrig. Me blir kjende med familien Stern  som er jødar. Faren, Isak er skreddar, og har fram til krigen starta klart seg bra, men nå begynner han og familien og få problem. Han og kona, Hanna, har tre døtre: Sonja, Ilse og Miriam. Ilse er vel hovudpersonen i boka, sjølv om me kjem på innsida av faren og Sonja òg.

Ilse er den mest «ustyrlege» i familien. Ho er 15 år og småforelska i naboguten Herman. Skulen fungerer ikkje lenger på grunn av krigen, og ho sit stort sett i butikken til faren og les og drøymer seg bort om dagane. Håpet er at krigen snart er slutt og at Herman og ho kan bli eit par.

Boka får godt fram ei uhyggeleg stemning. Me kjenner på oss at noko vondt kjem til å skje. Kanskje blir det litt lenge å venta før noko faktisk skjer? Eg tykkjer nok Kaurin vil ha med seg for mykje. Etter mi meining ville boka blitt betre om forfattaren hadde halde seg  i Ilse sin synsvinkel heile tida. Det blir i meste laget, særleg i starten, å følgja fire personar, (Ilse, faren, Sonja og Herman). Det gjer òg at første del av boka blir for langdryg. Siste halvdel av boka tar seg opp.

Likevel, dette er ei bok vel verdt å lesa. Ho får godt fram historiske fakta om situasjonen for jødane under andre verdkrigen. På grunn av måten boka er oppbygd og skriven på, kan ho bli noko vanskeleg for dei yngste ungdommane, sjølv om dette er meint å vera ei ungdomsbok.

Anne

tirsdag 7. januar 2014

Videre, tross alt


Per Arne Sandvold: Videre, tross alt

Mange av oss kjenner Per Arne Sandvold som «mannen til Tale». Sidan denne boka handlar nettopp om tida før og etter at han mista kona, Tale, er dette ei spesiell bok å lesa. Tale arbeidde her på Tryggheim i mange år, men døydde av kreft i 2011.

Dette er ei bok skriven ut frå og rundt dagboknotat som Sandvold har gjort seg i denne perioden.  Boka har difor blitt ei veldig ærleg og nær bok og langt frå pynta etterpåklokskap. Nettopp dette gjer at eg tykkjer boka gir eit realistisk bilete av ein sorgprosess. Sandvold skriv i tillegg dette som si oppleving og sine tankar. Dette gjer at boka ikkje framstår som noko oppskriftsbok i sorgarbeid, men  likevel har mange gode råd ein kan ta til seg. Videre, tross alt har blitt ei klok bok.

I tillegg ga boka glimt av Tale. Eg såg henne føre meg i ein del av situasjonane som mannen skildrar. Det opplevde eg  fint.

Videre, tross alt er ei lita bok på berre 70 sider, men som gir mykje. Les boka!

Anne