Viser innlegg med etiketten kjærleik. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten kjærleik. Vis alle innlegg

mandag 11. november 2013

Motstanderne


Arne Norlin og Andreas Palmaer: Motstanderne

Dette er første boka i serien Fans!, ein ny fotballserie for ungdom. Tove og Noel har akkurat blitt kjende med kvarandre, begge elskar fotball, men problema oppstår når det viser seg at dei heiar på ulike lag. Ikkje berre er laga ulike, men dei er erkefiendar. Dette skapar sjølvsagt vanskar for vennskapen.

Kanskje blir dette eit noko enkelt problem, iallfall for oss som ikkje er fotballnerdar, til å skapa så store konfliktar som i denne boka. Elles går boka greitt inn i sjangeren fotball-kjærleik-drama, og er det det du likar å lesa om, vil du lika denne boka.

Slutten er litt «teit» i følgje ein lesar, og det kan eg vera einig i. Dette er første boka i ein triologi, og til forskjell frå det som er vanleg i seriar, er ikkje denne  bok avsluttande. Det gjer at ein sit noko spørjande igjen og må venta på neste bok.
Anne

fredag 8. mars 2013

Ho tok av seg blusen og sa ho var bibliotekar


Bjørn Sortland: Ho tok av seg blusen og sa ho var bibliotekar

Dette er ei småmorosam bok om 40 år gamle, kristne og ugifte Ivar som har eit stort ønske i livet: å bli gift. I starten av boka seier han det slik: «-eg kunne glatt ha gifta meg med den første som ville det. Ho kan ha tre ungar med tre ulike menn, problem med både det eine og det andre, vera frå kva som helst land i Afrika, eller frå Vadsø. Den første som så vidt hadde hinta, på eitt eller anna vis, ville eg ha fridd til og støtta økonomisk og på alle vis elles».

Ivar er i tillegg forfattar, ikkje ein kjend og rik, men ein som skriv litt, men har vanleg bankjobb utanom. Men på grunn av skrivekunnskapane, blir han spurt om å ha skrivekurs for to tidlegare(?) rusavhengige jenter som nå skal starta eit nytt og betre liv og som  treng litt tidsfordriv. Det viser seg når han møter opp, at det er blitt til tre jenter. Etter kvart kjem det fram at iallfall ikkje alle tre er fri frå bindingar til fortida, og Ivar får ein god idè: Han tek dei med til feriehuset til tanta i Syden, vekk frå alt, trur han.

Det er likevel ikkje spenninga i historia som gjer denne boka lesverdig, men skildringa av hovudpersonen, Ivar. Denne naive og samtidig heilstøypte, sjølvoppofrande personen skapar ei lun, sår og humoristisk historie.

Boka er skriven på lettleseleg nynorsk og har berre 205 sider inkludert nokre sider med teikningar. Denne boka går altså fort unna.

Les gjerne òg bokmeldinga til Live Lundt i Vårt Land 06.12.12 under overskrifta: Ironiens høysang (søk opp i atekst). Ho avsluttar med:» Navnet på boka oppsummerer på ingen måte romanens tema, slik en tittel ofte gjør. Snarere setter den tonen for en kontrastfylt, varm og morsom bok: Et must for en hver moderne -bedehus-gjenger med selvironi.»

Anne

onsdag 14. november 2012

Hver dag


 David Levithan: Hver dag

 

"A" er ein person, eller kanskje meir ei sjel, som kvar dag vaknar opp til eit nytt liv i ein ny kropp. "A" er verken jente eller gut, verken fattig eller rik, og kvar dag er ein ny livssituasjon. Han har nokre få reglar: Ikkje bli for knytta og ikkje gjere om på livet til den han er i kroppen til. Likevel er det ikkje alltid så lett, og ein dag når "A" vaknar i kroppen til Justin, Justin som er kjærast med Rhiannon, som A fell for. Plutselig gjeld ikkje reglane lenger, for A vil vere med Rhiannon. Sjølv om han vaknar opp i ein ny kropp kvar dag, er det Rhiannon han tenkjer på og vil vere saman med. A er forelska.

 

Boka var veldig fin, men litt sår på ein måte. Sidene fyk fort forbi, og forfattaren har, ved hjelp av handlinga han har lagt opp til, fått utdelt ein moglegheit til å lage uvanlig mange hovudpersonar, og han har brukt heile spekteret. Kanskje han til og med har overdrive litt og at det har blitt for mange folk litt i "ytterkanten". Nokre stereotypiar. Særleg ungdomsjenter vil nok synes denne boka er fengande og romantisk. Ein må bare ikkje henge seg for mykje opp i at A er gut, for det gjorde eg. Eg såg på A som ein gut på grunn av at h*n var forelska i ei jente. Det er vanskelig, og det går fint å lese boka ved å tenke at h*n er ein gut òg.

 

Mai Lene

 

onsdag 31. oktober 2012

Før jeg faller


Lauren Oliver: Før jeg faller

Er dette noko å lesa, tenkte eg då eg fekk denne ungdomsboka i handa. Etter første kapittel  var eg fortsatt skeptisk. Her gjekk det i fyll, festing og det å planlegga å ligga med typen for første gong. Kva gjorde at eg fortsette?

Hovudpersonen Samantha Kingston høyrer til den populære gjengen på skulen, ho har alt og meiner ho fortener det. Men så døyr ho i ei ulukke. Det spesielle er at ho vaknar om morgonen og får siste dagen i livet om igjen. Dette skjer seks gonger, for kvar gong lærer ho seg sjølv og dei rundt seg betre å kjenna. Kva er viktig? Kva val har ho utover dagen? Med denne vinklinga blir dette ei bok som får lesaren til å tenkja. Eg «heia» på henne då eg tykte ho tok gode val, og gramde meg over dei dårlege vala. Boka er engasjerande og har noko ho vil seia oss om det å vera menneske. Så ja, trass i starten og ein del rølp, tykkjer eg dette er ei god bok.

Før jeg faller er skriven i ein munnleg tone og er god språkleg. Dårleg omsetjing/korrekturlesing innimellom øydelegg litt.  Boka er på 446 sider og er inndelt i dei sju dagane me følgjer Samantha.

Anne

onsdag 29. august 2012

Karitas


Baldursdóttir, Kristín Marja: Karitas

 Denne boka blei nominert til Nordisk Råds Litteraturpris i 2006, men kom ut på norsk nå i år. Boka handlar om Karitas, hennar oppvekst og liv frå 1915-1939 på Island. Karitas har eit kunstnarsinn, det forstår dei næraste rundt henne, men vilkåra for å dyrka denne evna, er ikkje den beste i miljøet ho veks opp. Mora er blitt enke og har seks barn. Ho set likevel si æra i at alle barna skal få ei utdanning, men kva skal det bli av Karitas? Karitas sjølv blir dregen mellom kjærleik og ansvar for familie på eine sida og kunsten på den andre. Boka inneheld òg mange skildringar av arbeidet og livet på Island i dette tidsrommet.

Boka er skriven i  ein slags sagastil. Det blir dvelt lite med kjensleskildringar, men me forstår mykje av det som skjer gjennom korte kommentarar og til dels sterke handlingar. Nokre kapittel er svært korte og nærast skrive som poesi, her er det Karitas som får formulera seg som den kunstnaren ho er. Eg tykkjer boka er svært god språkleg.

Steinar Sivertsen har bokmelding av Karitas i Stavanger Aftenblad 30.07.12, og eg siterer: «Fattigdom, slit og brå død, hjertes uregjerlige, kronglete tilstander, savn og svik og mørkt begjær, stor lykke og dyp sorg – her fins en rekke symbolske ledemotiv, knallsterke enkeltscener og mye av den (melo)dramatikken mange såkalte «vanlige» lesere øsnker å finne i ein episk skillingsvise av det underholdende slaget, skulle jeg tro. Så derfor: Anbefales»

Eit lite tips som eg sjølv fekk før eg skulle gå i gong med boka: Ikkje les bak på omslaget, for der blir det røpt litt vel mykje av handlinga, noko som tar vekk ein del av spenninga i boka.

Boka er på 464 sider, men desse går fort å lesa.

Anne

onsdag 22. august 2012

Smaragdgrønn

Kerstin Gier: Smaragdgrønn

Baksideteksten på boka:


Hva gjør man når man får knust hjertet sitt? Riktig, man ringer til bestevenninnen, spiser sjokolade og velter seg i ulykken i ukevis. Bare dumt at Gwendolyn, som er tidsreisende mot sin vilje, trenger energien sin til helt andre ting. Til å overleve, for eksempel. For trådene som den tvilsomme greven av Saint Germain har spunnet i fortiden, drar seg også i nåtiden sammen til et farlig nett. For å komme på sporet av hemmeligheten må Gwen – om hun har aldri så mye kjærlighetssorg -- ikke bare danse menuett sammen med Gideon på et storslått ball på 1700-tallet, men også kaste seg hodekulls ut i eventyret.Smaragdgrønn er en herlig og etterlengtet avslutning på bestselgende trilogi.
I mai var endelig den siste boka i serien om Gwendolyn og Gideon her, og ho skuffar ikkje. Heile boka startar med ein evigvaaaaaaaaarande telefonsamtale mellom Gwendolyn og veninna Leslie, etter Gideons brot med Gwendolyn. Trøystespising og tapt kjærleik er det mykje av i denne delen av boka, og Gwendolyn og Gideon har elles eit kaldt forhold til kvarandre.

Dessverre er ikkje mysteriet om Gwendolyns mystiske kusine, hennar mann og greven løyst, og det betyr at Gwendolyn og Gideon framleis må gå på ball og soarear saman, om dei vil eller ikkje. Likevel ser det ut til å kome ei opning midt i boka, og fleire løyndommar blir funne, og ikkje alle er til det beste.

Mange blir kanskje litt skuffa, for det er ikkje heilt den spennande slutten som kanskje blir forventa av ei fantasy-bok i ein triologi som dette, men boka er likevel svært velskriven og hoppar rett på der forrige bok slutta. Det er kanskje lurt å friske opp litt av det som skjedde, i og med at det har gått lang tid mellom den andre og tredje boka i serien, men det er lett å komme inni, viss du har lese bok ein og to. Anebfales ikkje å bare lese nummer tre, for det går ein raud tråd gjennom alle bøkene som det er lurt å få med seg.

Mai Lene

mandag 4. juni 2012

Sammen skal vi holde himmelen


Ellen Fjestad: Sammen skal vi holde himmelen

I ei motorsykkelulukke kolliderer Luka og Gard, og frå då av blir liva til begge to endra. Luka er 17 år og malar bilete. Gard er noko eldre og spelar trommer. Det utviklar seg eit spesielt forhold mellom dei. Gard gir Luka det frirommet ho treng, og Luka ser koss Gard eigentleg har det bak maska.

Gard har arva mykje pengar etter faren. Desse pengane skulle han bruka på noko som gjer han trygg. Etter kvart bestemmer Gard seg for kva dette eine er. Og så mykje kan eg seia, at dette er ikkje noko som eg hadde følt meg tryggare av! Sjølvsagt er dette noko som òg involverer Luka.

Litt godt å lesa ei ungdomsbok som stort sett er realistisk og utan hekser og vampyrar.

Ei spesiell og godt fortalt kjærleikshistorie på 206 sider, litt banning og eit par sexskildringar, men boka er på ingen måte spekulativ på dette området. I tillegg har boka ein tydeleg bodskap: Dersom ein skal ta vare på kjærleiken, må ein sjå den andre og ikkje bli for sjølvopptatt.

 Les gjerne meir om forfattaren og boka her: http://www.nrk.no/nyheter/kultur/litteratur/1.7674392

Anne

mandag 26. mars 2012

Blomstenes hemmelige språk


Vanessa Diffenbaugh: Blomstenes hemmelige språk 


Victoria har vore i fleire fosterheimar heile livet, men nå er ho atten og ingen er plikta til å ta seg av henne lenger. Victoria slår seg til i ein park og prøver å stelle med nokre blomar. Renata, ein blomsterdekoratør, blir imponert over Victorias kunnskaper om blomar og blomespråket og lar henne jobbe for seg. I jobben treff Victoria ein person i frå fortida, ein som ho set i samanheng med noko ho helst vil gløyme. Kva skal ho gjere?

 Boka er veldig kjekk OG ROMANTISK. Victoria er ei flott jente å bli kjent med, og sjølv om eg er laaaaangt i frå å ha grøne fingrar, var det morosamt og kjekt å høyre om korleis Victoria jobba med blomane og brukte blomsterpråket i jobben sin. I tillegg blir møtet med personen i frå fortida spennande å lese om, for dette møtet snur opp ned på heile boka og heile livet til Victoria. Denne boka anbefales på det sterkaste. Boka er på 388 sider og forlaget Aschehoug skriv nokså passelig: gå ikke glipp av årets store kjærlighetsroman. 

Nei, ikkje gå glipp av denne. Les utdrag av boka her


Mai Lene