Viser innlegg med etiketten mobbing. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten mobbing. Vis alle innlegg

mandag 21. oktober 2013

Verdens ende


Ketil Bjørnstad: Verdens ende

Aslak Timbereid er aleinefar og skal følgja dottera, Emma, opp til mora til Helgeland. Planen er at Emma skal vera der i haustferien. Men det endar tragisk med at Emma blir skada på flyet og døyr. Kven si skuld er dette?

Sjølve handlinga er altså opp i dagen og raskt avklara, men kva skjer med dei som lever vidare? Boka tar opp tema som mobbing, hemn, vondskap, skuld og hat, men handlar og om forsoning og det å leva vidare etter eit stort tap.

Eg tykkjer dette er ei god bok om desse tema. Ein følgjer i første rekke hovudpersonen Aslak Timbereid ut over i romanen, men får i tillegg sjå koss mora prøver å komma vidare. Eitt av tema eg nemner over tenkjer de kanskje at ikkje passar inn med handlinga elles, nemleg mobbing. Dette er likevel fletta inn i boka på ein fin måte. Emma har på skulen blitt utestengd utan at dei vaksne har greidd å gjera noko med det. Boka får godt fram kor hjelpelaus ein som foreldre då kan kjenna seg. Koss taklar skulen at ein av elevane som er blitt mobba er død?

Eg har ikkje lese noko av Bjørnstad før, men denne boka var så god at det fekk eg lyst til å gjera.

 Boka er på 306 sider.

Anne

tirsdag 15. oktober 2013

Charliblogg


Eldrid Johansen: Charliblogg

 

Det har vore mange debattar rundt bokblogging, både på Facebook og på bloggane. Difor er det kanskje aktuelt med ei bok som nettopp er om blogging, men på ein heilt annan måte. Bloggen i denne boka får alle våre til å verke som konstruktive og av god kvalitet, for er det ei som ikkje har følgt god folkeskikk, er det Charlotte i boka til Eldrid Johansen.

Charlotte flyttar frå byen til ein utkantsstad i Noreg, og velkomsten ho får kan ein ikkje akkurat seie at er av den hyggjelege versjonen. Det er veldig typisk, når det er flytting i ungdomsromanar. Den som flyttar blir veldig sjeldan teken godt i mot i slike bøker, og eit klassisk eksempel er "stå-framfor-klassen-og-presenter-deg."

 

Alle stirrer undersøkende på meg. Måler meg fra øverst til nederst. Selvfølgelig. (...) Jeg hadde garantert gjort det samme selv. Hvem er det som kommer hit og tror hun kan bli en av oss, tenker de sikkert. (...) Jeg mumler "hallå" og blir stående rådvill. Med det samme jeg sier det, hører jeg hvor overdrevent østlandsk det høres ut. Hvorfor sa jeg ikke bare "hei"?
- Vil du fortelle oss litt om deg selv, Charlotte? spør Solgunn.
- Ja begynner jeg. Stemmen min er svak. Jeg må kremte for å tvinge den på plass. - Jeg heter Charlotte Jansen, kommer fra Norge, og jeg liker å dan...
Høye stønn fra overalt i rommet. Jeg blir stående forvirret og vente. - Eh...
- Vi kommer også fra
Norge, sier Solgunn, med smilende munn, men med et glimt av noe annet i øynene.

 

Det er sikkert mange som kjenner igjen denne scenen frå andre bøker - og filmar - og det er ein veldig klassisk scene. Ein forstår at Charlotte kjem til å dumme seg ut, at dei kjem til å stønne høgt og at dette øydelegg heile inntrykket deira av henne og hennar inntrykk av dei. Slik held det fram. Allereie første friminutt får ho kjenne på utestenging og mobbing.

 

 Etterkvart som Charlotte blir buande på staden, og får merke meir av mobbinga, startar ho sin eigen blogg, Charliblogg, kor ho disser alt og alle i bygda. Særleg er det Josefine som får gjennomgå, jenta ho sit på sida av og som er den absolutt verste mobbaren på skulen. I tillegg er ho dottera til inspektøren på skulen. Josefine er ein karakter eg synes verkar veldig stereotyp. Dette gjeld òg for ein del andre personar i boka. Likevel liker eg ideen om bloggen, og eg synes det er eit viktig tema å ta opp. Det handlar om kva du kan legge ut på internett, og kva du ikkje kan legge ut på internett.  Johansen tar dette med blogging litt på kornet, og Charlotte er ein interessant karakter å følgje. Det at Charlotte både er eit mobbeoffer og ein mobbar - over nettet - gjer at boka med eitt blir meir interessant enn kva ho kunne ha vore.

 

Boka er velskriven, og eg trur denne ungdomsboka vil falle i smak, særleg hos ein del jenter.

Mai Lene

søndag 8. januar 2012

Andre sida av Paris

Rønnaug Kleiva: Andre sida av Paris
Susi går siste året på ungdomsskulen. Boka handlar om Susi sine opplevingar i klassen og heime dette året. Me får kjennskap til eit usunt og rått klassemiljø. Hadde mora og ho bare budd i Paris, kunne dei ha flytta til andre sida av byen og ho kunne ha gått på skule der, men byen ho bur i er for liten til det. Ryktet vil følgja henne på vegen. Kva kan ein då stilla opp med når ein blir mobba?

Boka følgjer tankane Susi gjer seg om det som hender. Språket er enkelt og prega av understatement og ironi. Dei korte setningane og ein god nynorsk, gjer boka lettlesen. Ho er delt inn i korte kapittel og heile boka er på 90 sider.

Eg håpar at boka skildrar ei verd som er noko meir rå og brutal enn det dei fleste kjenner seg igjen i. Men måten jenteintrigar og utestenging føregår på, er kanskje ikkje like ukjent?

Ei grundingare bokmelding finn de på:

Anne