Eldrid Johansen: Charliblogg
Det har vore mange debattar rundt
bokblogging, både på Facebook og på bloggane. Difor er det kanskje aktuelt med
ei bok som nettopp er om blogging, men på ein heilt annan måte. Bloggen i denne
boka får alle våre til å verke som konstruktive og av god kvalitet, for er det
ei som ikkje har følgt god folkeskikk, er det Charlotte i boka til Eldrid
Johansen.
Charlotte flyttar frå byen til ein utkantsstad i Noreg, og velkomsten ho får kan ein ikkje akkurat seie at er av den hyggjelege versjonen. Det er veldig typisk, når det er flytting i ungdomsromanar. Den som flyttar blir veldig sjeldan teken godt i mot i slike bøker, og eit klassisk eksempel er "stå-framfor-klassen-og-presenter-deg."

Alle stirrer undersøkende
på meg. Måler meg fra øverst til nederst. Selvfølgelig. (...) Jeg hadde
garantert gjort det samme selv. Hvem er det som kommer hit og tror hun kan bli
en av oss, tenker de sikkert. (...) Jeg mumler "hallå" og blir
stående rådvill. Med det samme jeg sier det, hører jeg hvor overdrevent
østlandsk det høres ut. Hvorfor sa jeg ikke bare "hei"?
- Vil du fortelle oss litt om deg selv, Charlotte? spør Solgunn.
- Ja begynner jeg. Stemmen min er svak. Jeg må kremte for å tvinge den på plass. - Jeg heter Charlotte Jansen, kommer fra Norge, og jeg liker å dan...
Høye stønn fra overalt i rommet. Jeg blir stående forvirret og vente. - Eh...
- Vi kommer også fra Norge, sier Solgunn, med smilende munn, men med et glimt av noe annet i øynene.

Det er sikkert mange som kjenner igjen denne scenen frå andre bøker -
og filmar - og det er ein veldig klassisk scene. Ein
forstår at Charlotte kjem til å dumme seg ut, at dei kjem til å stønne høgt og
at dette øydelegg heile inntrykket deira av henne og hennar inntrykk av dei.
Slik held det fram. Allereie første friminutt får ho kjenne på utestenging og
mobbing.
Etterkvart som Charlotte blir buande på
staden, og får merke meir av mobbinga, startar ho sin eigen blogg, Charliblogg,
kor ho disser alt og alle i bygda. Særleg er det Josefine som får gjennomgå, jenta
ho sit på sida av og som er den absolutt verste mobbaren på skulen. I tillegg
er ho dottera til inspektøren på skulen. Josefine er ein karakter eg synes
verkar veldig stereotyp. Dette gjeld òg for ein del andre personar i boka.
Likevel liker eg ideen om bloggen, og eg synes det er eit viktig tema å ta opp.
Det handlar om kva du kan legge ut på internett, og kva du ikkje kan legge ut
på internett. Johansen tar dette med
blogging litt på kornet, og Charlotte er ein interessant karakter å følgje. Det
at Charlotte både er eit mobbeoffer og ein mobbar - over nettet - gjer at boka
med eitt blir meir interessant enn kva ho kunne ha vore.
Boka er velskriven,
og eg trur denne ungdomsboka vil falle i smak, særleg hos ein del jenter.
Mai Lene
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar