Viser innlegg med etiketten psykisk sjukdom. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten psykisk sjukdom. Vis alle innlegg

mandag 27. januar 2014

Over det kinesiske hav


Gaute Heivoll: Over det kinesiske hav

Igjen skriv Heivoll ei bok med utgangspunkt i historiske hendingar. Denne gongen er det om eit ektepar som bygger ein stor heim i ei bygd i Vest-Agder der dei vil ta imot psykisk utviklingshemma og psykisk sjuke menneske. Dei ønskte å bruka heimen til å gi pleie i «Kristi kjærlighets ånd». Me følgjer dei frå 2.verdkrig og fram til 1973.

Det blir etter kvart ei temmeleg samansett forsamaling i dette huset. I tillegg til familien på fire, er det ein eldre onkel av mora; Josef som syng så fint, Matiassen som hadde vore innesperra i ei gruve i Amerika og ikkje blitt heilt seg sjølv etterpå, Christian Jensen som skulle ha blitt prest, men var i «overkant begava» og fem søsken frå Stavanger. Dei yngste av søskena var på alder med sonen i huset, eg-personen i boka, og dei leikar og er ein del i lag. Den eine av søskena, Ingrid, får hovudpersonen eit spesielt nært forhold til.

Me følgjer desse personane gjennom mindre og større hendingar, og boka blir kanskje noko langdryg. Likevel er boka interessant fordi ho gir eit realistisk bilete av behandlinga av og synet på psykisk sjuke og psykisk utviklingshemma  på denne tida. Ikkje minst stiller boka spørsmålet: Kva er eit menneske? Og gjennom dei fine skildringane av kvar av bebuarane i heimen, er boka eit innlegg i kampen for menneskeverd. Me ser òg at ordningane samfunnet har for denne gruppa, er blitt annleis. Då foreldra slutta å ha omsorga for desse fem søskena, får dei plass på Nærland. Dette er på den tida eit typisk «institusjonsbygg». Mot slutten av boka fortel eg-personen om eit besøk han tar til dei på Nærland, og då har dei fått eiga leilegheit og bur igjen i lag som ein familie.

Ei bok vel verd å lesa!

Anne

fredag 25. mai 2012

Historien om Fru Berg


Ingvild H.Rishøi: Historien om Fru Berg

Dette er ei novellesamling med fem noveller. Til forskjell frå mange andre novellesamlingar, inneheld denne samlinga gode noveller som det går an å få noko ut av utan å vera litteraturmeldar. Dersom ein tek seg tid til å lesa lengre noveller i klasserommet, vil fleire av dei kunna fungera godt til det, etter mi meining. Dette er ei tynn, lita bok som òg vil vera kjekk å ha med seg på reise.

Novellene handlar om menneske som slit anten med problem dei har sjølv, eller med relasjonar til andre i familien som slit. Eit par av novellene er fortalt gjennom barneauge, der barnet er tilskodar til ei mor eller ein bror som har psykiske problem. Novellene er veldig godt fortalt, og ein kan nærast kjenna på det såre og hjelpelause.

Novellesamlinga var nominert til Brage-prisen i 2011.

Les gjerne bokmeldinga på: http://www.nrk.no/nyheter/kultur/litteratur/1.7481281  i tillegg.

Anne

fredag 20. april 2012

Tegn


Anne Ch. Østby: Tegn

Sofie er ei jente på 14 år som spelar fotball, går på skule, sit barnevakt og er forelska. Alt dette er jo ganske vanleg. Det som er vanskeleg i livet hennar, er at broren, Espen, er blitt så rar. Eller har han kanskje alltid vore litt spesiell? Iallfall ser Sofie at ikkje alt er som det skal vera, men kven kan ho seia dette til? Kven kan hjelpa? Me får òg innsyn i Espen sine tankar og forstår at han er i ei heilt anna verkelegheit inne i hovudet sitt enn det som er den vanlege verda.

I tillegg blir me presenterte for 2-3 andre ungdommar som òg slit med eitt eller anna. Det blir etter mi meining litt mykje å halda styr på, og problema til desse andre ungdommane blir på mange måtar bare tidtrøyte. Kan henda er dette tatt med for å gi ei skildring av at ungdommar er overlatt til seg sjølv utan nokon å gå til. For det er nettopp dette som skjer i boka. Dei vaksne er passive og fjerne og ikkje aktuelle samtalepartnarar for ungdommane som slit. Det er jo ikkje så uvanleg i ungdomsbøker å framstilla vaksne som ubrukelege og fjerne, men eg tykkjer dette blir i overkant.

Boka er likevel engasjerande og hovudforteljinga, altså den om Sofie og Espen, er fin og tar i tillegg opp eit vanskeleg tema. Kva når nokon rundt deg blir «sjuk i hovudet»?

Forfattaren skildrar i tillegg jentefotballmiljø og gutefotballmiljø og forskjellen i ressursar og haldningar mellom desse. Blant anna er språket til gutetrenaren og fotballgutane  råare og inneheld ein del banning.

Boka er på 187 sider.

Anne