mandag 12. desember 2011

Himmelarkivet

Gaute Heivoll: Himmelarkivet

Denne boka hadde me i litteraturgruppa, og dei fleste tykte dette var ei interessant bok. Iallfall hadde me mykje å ta tak i då me skulle prata om denne boka. Boka handlar både om forfattaren sjølv og den prosessen det er for han å skriva denne boka, og ho handlar om Louis Hogganvik som tok sjølvmord på Arkivet i Kristiansand ni dagar etter at han blei arrestert under 2. verdskrigen.

Bak på boka står det: »Himmelarkivet handler om glemsel, om livets sårbarhet, og om skammen som gjør det så vanskelig å nærme seg tilværelsens smertefulle sider. Romanen løfter fram en tragisk menneskeskjebne, og viser at tiden ikke alltid makter å lege alle sår.»

Heivoll er dyktig til å skildra menneskelagnadar på ein var måte og med eit nærast poetisk språk. Boka er på 253 sider.

Ei grundigare melding av boka har Sofie Braut skrive: http://www.aftenbladet.no/kultur/bok/Les-denne-2555784.html

Anne


mandag 5. desember 2011

Hva skal vi med stjerner nå?

Espen Olafsen og Per Arne Dahl: «Hva skal vi med stjerner nå? En fortelling om kjærlighet, sorg og resten av vårt liv»

Espen Olafsen og familien er i Khao Lak i Thailand når tsunamien råkar 2.juledag 2004. Han mistar kone og dotter, men han sjølv og sonen overlever. Boka skildrar kampen for å overleva og dei første kaotiske dagane etter katastrofen. Men òg den kampen som kjem etterpå; koss leva vidare etter ei slik tragedie? Deltittelen tykkjer eg gir eit godt innsyn i kva boka handlar om, nemleg: kjærleik, sorg og det å gå vidare. Boka får godt fram kor viktig håpet er for livet vårt. Dette er ei bok til å bli klok av!

Boka er på 164 sider og er lettlest med tanke på språket, men innhaldet er ikkje lett og gir tankar å ta med seg vidare.

Anne