mandag 17. februar 2014

Analfabeten som kunne regne


Jonas Jonasson: Analfabeten som kunne regne

Dette er forfattaren som stod bak den populære boka «Hundreåringen som klatret ut gjennom vinduet og forsvant».  Denne boka har ikkje fått like god omtale, og eg kan nok vera einig i at like sprelsk er ho ikkje.

Likevel, me kjenner igjen den humoristiske og lettbeinte forteljarmåten. Og som i førre bok, er hovudpersonen både intelligent og sprø, og det opnar seg difor mange moglegheiter i livet. Det er jo ganske bra tykkjer eg at det har komme ein forfattar som påstår at det går an å ha det riktig moro og spennande med høg intelligens.

Hovudpersonen i boka er Nombeko. Ho startar livet sitt i slummen i Soweto, og slik sett burde sjansane hennar til å lukkast i livet vera svært små. Fornuft og slump gjer likevel at ho endar opp i Sverige etter kvart, men vegen dit er lang. I tillegg er det ikkje slik at alt berre er bra om ein hamnar i Sverige.
 Dersom ein lèt seg riva med av denne fantasifulle forteljinga, er ho underhaldande, men ein må vera villig til å berre ta alt som det kjem utan å vurdera så veldig om dette er truverdig. Litt langdryg tykkjer eg nok sverigetida blir, men alt i alt ei underhaldande bok til å setja seg ned og  slappa av med.

Har så forfattaren ikkje noko fornuftig å melda? Jo, det har han. Under forteljinga ligg ei tydeleg stemme om likeverd mellom menneske  og at «Du skal ikkje skua hunden på håra».

Ei fin bok for vinterferien!
Anne

mandag 10. februar 2014

Disse øyeblikk


Herbjørg Wassmo: Disse øyeblikk

«Ennå ei bok frå Wassmo der ho skriv om den traumatiske barndommen sin og det strevsame livet ho har hatt», var det ein som sa. Og for så vidt er dette riktig. Boka er ikkje ein sjølvbiografi, men sjølvbiografisk roman, og det skapar rom òg for dikting. Men det er tydeleg at forfattaren brukar mykje av seg sjølv i denne boka.

Eg-personen har opplevd overgrep frå stefaren i oppveksten og slit med følgjene av det. Ho får liksom ikkje heilt kontakt med seg sjølv, og strevar i forhold til andre menneske. Etter kvart ser me at skriving blir som ei helsebot for henne, ikkje minst blir dagane lettare når ho har fått noko på trykk og seinare når ho får utgitt bøker. Den første romanen får ho ikkje skikkeleg dreis på før ho begynner å få kontakt med «den vesle jenta» frå barndommen og klarer å få ned noko av eigne opplevingar derifrå. Det kjem fram at boka handlar om Tora og overgrep, og blant anna dette gjer at boka tenderer mot sjølvbiografi.

Men Disse øyeblikk meiner eg i første rekkje handlar om vilkåra for å bli forfattar med dei krav som omverda har til kva som er kvinneleg og passande for ei mor. Når skrivinga blir det viktigaste, går ikkje det alltid like godt i lag med det å ha familie. I tillegg opponerer hovudpersonen i boka mot rollene som er tildelt menn og kvinner i samfunnet. Til dømes: Kvifor skal kvinnelege lærarar vera ulønna vikarar for mannlege lærarar som tek seg fri for å gå på jakt? Det er klart at den første kvinna som stiller slike spørsmål høgt, får motbør. Dette blir difor òg ei reise i samfunnsutviklinga frå 1960-åra og framover.

Nokre har det kan henda travelt med å finna ut kva som er sjølvbiografisk og ikkje her. Kven er personane ho «utleverer», for ingen er nemnde med namn. Dersom boka skal lesast som «sann», er dette ei svært ærleg og utleverande forteljing, men sjølv tenkjer eg at det viktigaste er å lesa boka som ein roman, utan å bry seg så mykje om det er opplevd eller oppdikta. Eg tykte boka var interessant, men det vil kanskje vera forskjell på kvinnelege og mannlege lesarar her. (Og dette vil nok ikkje Wassmo lika at eg skriv). Så det er kanskje ikkje overraskande at sitatet eg innleia med, kom frå ein mann.

Anne

tirsdag 4. februar 2014


Heidi Sævareid: Spranget

Denne boka tykkjer eg det er litt vanskeleg å omtala. Eg klarer ikkje å legga frå meg dei vaksne brillene og berre lesa ho som ei forteljing om ungdomsjenta Janne. Denne omtalen blir difor litt om historia i boka og ein del vaksenprat om temaet.

Janne går siste året på ungdomsskulen då ho blir med tvillingsøstera Anna på møte i Zion. Zion er ei kristen, karismatisk forsamling. Ho blir dregen med inn i forsamlinga både fordi det kjennes godt å bli bedt for og bli ein kristen og fordi ho ser at ho automatisk blir inkludert i ein vennegjeng. Janne har tidlegare berre hatt Anna, eller Anna og vennene hennar, men då Anna fekk seg nye venner i Zion, mista òg Janne dei «vennene» ho hadde i klassen. Nå blir Janne ein del av Anna sitt miljø igjen. Og då kunne jo alt enda bra.

Men etter kvart opplever Janne miljøet for trongt. Ho opponerer mot reglane som gjeld for oppførsel og rett/galt. Ho har spørsmål som ho ikkje får svar på eller får svært enkle svar på. Og ho opplever å få signal om at ho ikkje er bra nok, ikkje er stødig og til å stola på. Det verste er kanskje at ho føler på at dei gode, «andelege» kjenslene blir borte. Då ho prøver å snakka med ein gjesteforkynnar om dette, får ho berre beskjed om at det er ho sjølv som stenger og at ho må opna opp. Denne hendinga opplever ho som eit svik. Til slutt toppar det seg for Janne, og ho tek spranget ut av forsamlinga.

Eg tykkjer dette er ei trist forteljing, ei forteljing om kvifor ei ung jente ikkje blir verande i det kristne miljøet ho går i og i tillegg mister trua. Difor har denne boka òg noko å seia til dei som er kristne leiarar og forkynnarar rundt om i kristne forsamlingar. For det første verkar det berre som Janne har fått «ei god kjensle», og ikkje fått tak i kva det vil seia å vera ein kristen. Når då alle krava til kva ho bør gjera  og ikkje gjera blir presentert for henne, forsvinn dei gode kjenslene og dermed heile trua. Det er òg eit problem om det kristne miljøet me skapar berre har plass til ein type personlegdom og blir ein stad der alle må vera heilt like. Ikkje minst trur eg det er viktig å svara seriøst på spørsmål andre måtte ha. Det er vondt å sjå at Janne får signal om at ho ikkje er god nok. Dette blir formidla som omsorg og på ein vennleg måte, men «stikka» når inn likevel. Måten dette blir gjort på, gjer at Janne blir sint, og eg forstår henne godt. Forsamlinga er i tillegg framstilt noko ekstrem med liten plass for fornuft, så eg hadde nok slutta eg òg om det var der eg hadde gått. Eg forstår altså Janne godt, samtidig som eg tykkjer det er at trist ho forkastar heile kristentrua. Og eg håpar så inderleg at me greier å formidla noko anna enn: Bli som oss eller la ver å bli kristen.

Ei tankevekkjande ungdomsbok som eg trur passar best for litt eldre ungdommar og kanskje òg for vaksne?

Anne