Viser innlegg med etiketten Israel. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Israel. Vis alle innlegg

mandag 19. august 2013

Bøker om Israel


Velkommen tilbake frå ferie.  Andreklassingane er snart klare for tur, og difor tenkte eg det var greitt å begynna med å omtala eit par bøker om Israel først i haust.

Hanne Eggen Røislien: Israelerne – kampen for å høre til

Denne boka prøver å gi svar på kven israelaren er. Røislien har vore mange gonger i Israel og har snakka med ulike israelarar for å forsøka å forstå kven dette folket er. Biletet utanpå boka viser noko av mangfaldet og difor nokre av utfordringane Israel har med ein svært brokete folkesetnad.

Fokuset her er altså israelarane som folk og mindre på konfliktane i området, sjølv om mykje av stoffet vil komma i kontakt med desse sidene òg. Det er jo ein grunn til at mange ungdommar er tre år i militærteneste. « Kva gjer dette med ungdommane?» er eitt av spørsmåla boka stiller.

Eg tykte dette var ei veldig informativ og tankevekkande bok, ho var i tillegg godt skriven. Det er mest så eg tenkjer at denne boka burde vore obligatorisk lesing for dei som skal til Israel.

 

Guy Delisle: Opptegnelser fra Jerusalem

Delisle reiser rundt i verda på ulike oppdrag og teiknar opplevingane sine. Frå før har me boka han har teikna/skrive frå Pyongyang på biblioteket. (Det er òg ei bok eg kan anbefala).

Kona skal arbeida for Leger uten grenser i Gaza, medan han skal ta seg av barn og driva på med teikneseriar så langt det går. Boka er ei blanding av dagbok og reiseskildring. Eg tykkjer det er kjekt med teikna historie, og boka har ofte eit humoristisk blikk på situasjonane som oppstår.

Denne boka får òg fram kor mangfaldig det israelske samfunnet er, men her er meir om palestinarane og konflikten israelarar-palestinarar i tillegg. Det er jo ikkje så rart sidan kona arbeider i ein organisasjon som prøver å hjelpa det palestinske folket. Forfattaren kjem difor nært på vonde og tragiske hendingar.

Les/kikk deg i gjennom denne boka, ho gir innsyn i koss det kan vera å leva å Israel.

Anne

 

mandag 16. januar 2012

For Leas skyld


Marianne Terjesen: For Leas skyld

Miriam og Peter prøver å begynna eit nytt liv i Israel etter 2.verdskrig. Peter reiste frå Europa før jødeforfølgingane tok til for fullt, Miriam overlevde krigen i Europa og kjem til Israel etter at krigen er slutt. Begge får etter kvart ein bagasje som gjer det utfordrande å gå vidare.

For mange jødar blir Israel eit håp om eit land der dei kan få leva i fred. Så enkelt blir det ikkje. Kva med dei som bur der frå før? Boka handlar òg om opprettinga av staten Israel og dei oppgåvene som landet står over for når stadig nye jødiske folkegrupper kjem til det nye heimlandet og utfordringane i forhold til nabolanda. I denne boka kjem fleire stemmer til orde. Her er ingenting svart-kvitt. Me får sjå at vald og krig bare har taparar.

Språkleg er boka midt på treet, men innhaldet gjer dette til ei bok eg kan anbefala. Boka er på 544 sider, men ho er lettlesen, så det går raskt.
Anne