mandag 26. mai 2014

The rise and fall of Gøran Trovåg


Gaute M.Sortland: The rise and fall of Gøran Trovåg

Det er ein del ungdomsbøker som handlar om ungdom som ikkje er blant dei mest populære. Dette er òg ei slik bok. Hovudpersonen Gøran, eller Stuart, som han har begynt å kalla seg sjølv, er berre trygg når vennen Eivind er saman med han. Utan Eivind blir han mobba og kjenner seg heilt aleine i verda. Me forstår òg at heime er det lite støtte å få.

Men Stuart er den oppfinnsame og initiativrike. Han elskar å planlegga og likar draumane betre enn realitetane. Saman med Jokke og Eivind startar dei band, og det er Stuart som skriv låtane.  Eivind har meldt dei på ein konsert, og alle er spente på korleis det skal gå når dei skal opptre for første gong. Utan å røpa for mykje, kan eg vel seia at tittelen på boka seier mykje om korleis det vekslar i livet til Stuart.

Sjølv om det med første augekast på bokomslaget kan sjå ut til at her er det skikkeleg hardbarka ungdom det handlar om, tek boka heller opp kor usikker ein kan vera i ungdomsskulealderen og kor viktig vennskap er. Språket er litt røft innimellom, men forfattaren har ikkje prøvd å vera «overkul « og språket verkar ikkje overdrive. Elles er boka  småhumoristisk og er skriven på lett nynorsk. Ho er berre på 108 sider og går raskt å lesa.

Anne

mandag 19. mai 2014

Jentene fra balletten


Monika N. Yndestad: Jentene fra balletten

Ei krimbok som eigentleg ikkje er krimbok likevel. Iallfall dersom ein er opptatt av at eit mysterium skal løysast. Her veit ein allereie i starten kven som er skurken, og dersom ein tenkjer spenning, må det vera om den skuldige blir tatt. Er boka då keisam? Nei, det tykkjer eg ikkje. Boka har nemleg eit anna viktig ærend enn berre underhaldning, slik eg ser det.

Jentene på balletten viser til fenomenet med ressurssterk ungdom frå ressurssterke heimar som plutseleg endrar veremåte sterkt. Boka fokuserer på at dette har ein grunn. Kvifor stiller så få spørsmål og undersøker kva som ligg bak? I tillegg får boka fram kor øydeleggjande overgrep er. Hovudpersonen i boka er Mina, ei femten år gammal jente som har livet føre seg. Plutseleg begynner ho å rasera seg sjølv og livet sitt. Lesaren får veta både kva som har skjedd og korleis ho har det, og me blir vitne til at dei rundt henne sviktar eller ikkje klarer å hjelpa henne. Men så får ho ein dag lesa førstesida i BA, ei jente har meldt ein politimann for valdtekt.

Ein høyrer ofte at media heng ut personar utan lov og dom og at media slik øydelegg uskuldige menneske. Det har nok ofte skjedd òg. I denne boka er det motsett. Avisene blir her dei svake sin talsperson og trykker på for å få saka oppklart og samarbeider med personar og hjelpeinstansar elles for å få overgriparen tatt.

Eit ekstra spark har boka til foreldre som tenker at nå er barna så store dei greier seg sjølv, og difor har det for travelt til å følgja med på kva som skjer med barna deira.

Ei gripande og underhaldande bok, men altså ikkje ei heilt vanleg krimbok.

Anne

tirsdag 6. mai 2014

Fugletribunalet


Ravatn, Agnes: Fugletribunalet (Samlaget 2013)

Boka Fugletribunalet har hausta mange positive lovord, og eg har endå til gode å sjå nokon slakte den. Etter denne bokmeldinga vil det heller ikkje vere annleis. Samlaget har vore heldige når dei har fått henne med på laget. Ho er i frå “mitt” fylke, Rogaland (Riktig nok på “feil” side av Boknafjorden) og gav ut Fugletribubnalet på Samlaget i fjor. Ho debuterte med Veke 53 i 2007.

Hovudpersonen i Fugletribunalet, Allis Hagtorn, forlét alt i livet sitt og flyttar ut på landet og byrjar som hushjelp hos Sigurd Bagge. Planen er at ho skal vere der fram til kona hans kjem tilbake, men det er ei rar stemning på garden, og eigaren oppfører seg merkeleg. Kva er det som har skjedd, og har Bagge noko i mot henne? Allis spør seg desse spørsmåla fleire gonger i løpet av romanen, og hovudhandlinga ligg ikkje i noko actionfylt drama, men heller menneskelege relasjonar og korleis ein møter kvarandre.

Det første som fekk meg til å legge merke til boka var omslaget. Det er rett og slett nydeleg. Fuglane har noko over seg som eg ikkje kan forklare. Det er enkelt, men likevel fylt av meining. Det same er språket. Ho bruker få ord for å seie mykje. Det er null hermeteikn og replikkstrekar med, men dialogane flyt lett og fint, akkurat som resten av boka. Orda rommar mykje, og eg trur det kan ha vore ein del av planen òg. Legge mykje meining bak orda for å skape stemninga og handlinga. Det er heller ikkje dei veldige sitata, og eg sat ikkje og noterte for livet for å hugse fine setningar og ord.

Boka er sår og vakker. Den får ein òg til å trekke på smilebandet på mange måtar. Mest av alt er den litt melankolsk. Noko anna spesielt med romanen er kor godt ho har isolert dei, og lesaren veit ikkje kor ein er. Tid og rom er borte. Det er byen, landet og nærbutikken. Kva by då? Kor på landet? Kva nærbutikk? Lesaren vil få ei kjensle av å bli teken bort frå den reelle verda og til staden kor Allis jobbar for Sigurd. Ho har laga nokre spennande hovudkarakterar med både feil og manglar, men som òg morer lesaren. Eg vart nysgjerrig på kva dei hadde gjort, og bit for bit røper ho kva det er som gjer at dei har trekt seg tilbake.

No har eg prøvd å få folk til å lese nynorskbøker i samband med bokbloggarprisen, men hadde denne vore dårleg hadde eg ikkje skrytt av henne. Likevel handlar det om korleis du meistrer språket. Ravatn meistrar språket. Ho meistrar nynorsk, og det gjer boka bra!
Mai Lene