mandag 27. februar 2012

Sirkelen


Mats Strandberg og Sara B. Elfgren: Sirkelen

Sirkelen er første bok i Engelsfors-triologien. Ein kjem her inn i ei verd der ungdommar er vanlege ungdommar, men der desse ungdommane blir dregne inn i ei verd av hekser og demonar. Kampen står mellom det gode og det vonde. Slik sett kan ein seia serien liknar på Harry-Potter-bøkene.

Men der Harry-Potter-bøkene appellerer til både jenter og gutar, vil nok denne serien vera ein meir typisk jente-serie. Fleire samanliknar han difor med Twilight-serien. Kva er så likt og ulikt? Twilight er vampyrar og varulvar, Engelsfors er hekser og demonar. Twilight har hovudpersonar med god seksualmoral og finsleg språk, Engelsfors-ungdommen er meir røff i begge deler. Engelfors-ungdommen må redda heile verda, men hovudpersonane i Twilight skal stort sett bare redda sitt eige kjærleiksforhold.

Sjølv tykkjer eg første bok i Twilight-serien fenga heilt frå starten, medan Sirkelen var ganske langdryg før ho kom skikkeleg i gong. Dette veit eg at andre bokmeldarar har ei anna meining om. Men eg tykkjer prosjektet blir litt stort. Det er sju 16-17-år gamle ungdommar som er hovudpersonar. I starten blir ein presentert for alle sju etter tur, ikkje bare ytre sett, men òg kva tankar dei har, altså ein allvitande synsvinkel. Dette tar sjølvsagt litt tid. Utover i boka held dette skiftet fram, snart er ein inne i hovudet til den eine, snart til den andre. Etter kvart blir likevel boka skikkeleg spennande. Desse sju ungdommane er nemleg utvalde til å kjempa mot vondskapen i verda. Det er ikkje så lett når dei i utgangspunktet er langt frå å vera venner, men likevel må begynna å samarbeida for å overleva. Personane er skildra betre og er meir »heile menneske» enn personane i Twilight.
Les gjerne òg omtalen i Vårt Land: http://www.vl.no/kultur/varens-store-ungdomsroman/
Anne

fredag 17. februar 2012

Huset du elsket


Huset du elsket av Tatiana de Rosnay

Liker du bøker i 2. person og bøker forma som brev? Dette er boka for deg. Her skriv Rose til sin døde ektemann om minner, venner, fortid og framtid. Viktigaste punktet i alt ho skriv er om kampen for å bevare huset som ho og mannen elska, huset som har vore i familien til mannen i generasjonar. Nå er rivinga av huset ein del av planen om å fornye Paris sin gamle fasade, noko Rose ikkje liker tanken på og som ho skal kjempe i mot om ho så må døy.

Både spennande og godt lesestoff, ikkje bare om kampen for å behalde eit hus, men òg om godt bevarte løyndommar, Paris på 1800-talet, bortgøymte minne og ein familie. Boka er ikkje lang og det er lett å bli hekta på å lese vidare vidare vidare. Då seier det seg nesten sjølv at dei 171 sidene går fort å lese. Dette er ei bok som du kan kose deg med mens du les.

Mai Lene

mandag 13. februar 2012

Jeg er Zlatan


Zlatan Ibrahimovic fortalt til David Lagercrantz: Jeg er Zlatan

Eg skal innrømma at dette er ei bok eg bestemte meg for å lesa for å få litt breidde i bokomtalane på denne sida. Eg er ikkje fotballinteressert, og det eg visste om Zlatan frå før, var at han er svensk proffspelar i fotball og var med i eit VM. Men nå veit eg altså mykje meir.

Først litt om stilen i boka. Som overskrifta viser, har Zlatan fortalt og Lagercrantz skrive ned slik han fortel det. Skrivemåten er difor svært munnleg og subjektiv. Me får vita kven Zlatan meiner er idiotar og kven han tykkjer er fantastisk flotte personar. (Han har ein litt annan språkbruk enn meg, altså.) Dette gjer boka veldig personleg og til dels utleverande om andre personar, men han er forsiktig med å skriva for detaljert om eigen familie. Det forstår eg godt, men sidan eg i utgangspunktet ikkje er så fotballinteressert, kunne eg  tenkt meg litt meir familiestoff. Så eg ventar bare på boka frå kona Helena om: Mitt liv med Zlatan.

«Man kan ta gutten fra Rosengård, men man kan ikke ta Rosengård fra gutten». Dette sitatet frå boka er kanskje den viktigaste bodskapen. Oppveksten i Rosengård er noko Zlatan har med seg heile livet. Det har gjort han til den han er, og han har måtta kjempa meir enn andre for å komma der han er i dag. Opplevinga av å vera annleis er noko han får godt fram. I tillegg får me eit innsyn i fotballkarrieren, spel og taktikk om overgangar, mediejaget og presset til alltid å skulla lukkast. Eg har difor lært ganske mykje, og veit nå blant anna kva klubbar Zlatan har spelt i. Informasjonen om ein del av enkeltkampane og opp og nedturar til klubbar, har nok ikkje festa seg hjå meg. Men for dei som er interesserte og har følgd med, ikkje minst i italiensk fotball, vil det sikkert vera augneblinkar å kjenna igjen.

Koss  var det å lesa fotballbok utan å vera fotballinteressert? Det var faktisk ganske interessant, men boka er nok hakket meir fengande for dei som er fotballnerdar. Minuset med boka er at Zlatan gjentar seg litt mykje. Slik sett burde Lagercrantz ha stramma inn teksten meir. Boka er på 379 sider, men dei første 43 sidene er bilete.

Ei følgje av å ha lese boka, er at eg før helga snappa opp at Zlatan nå er utvist i tre kampar for å ha slått til ein motspelar. Så historia om Zlatan er nok ikkje ferdig med denne boka.

Les gjerne òg omtalen av boka på: http://nrk.no/nyheter/kultur/litteratur/1.7902833

Anne

fredag 10. februar 2012

Den usynlige broen


Den usynlige broen av Julie Orringer

Ei flott bok som gir deg ei veldig god leseoppleving, og faren for å sitje klistra til denne boka er veldig stor. Jødiske Andras, ein 22 år gammal mann, reiser til Paris frå Budapest for å studere arkitektur, som den første av brørne å studere utanlands. Med til Paris har han sine eigne eigendeler, ein stor kasse som skal leverast og eit brev til ein mystisk C. Morgenstern. Etter ei stund innleier Andras eit forhold til adressaten av brevet, som viser seg å vere ei dame.

Byrjinga av boka foregår i 1937 og utover i boka blir me dratt med til Ungarn og får vite mykje om korleis jødane hadde det der. Ikkje bare er boka god til å fortelje og viser eit godt innblikk i korleis jødane hadde det under andre verdskrig, ho er òg fullt med spenning, romantikk og syn på religionar. Frå å vere i Budapest, til Paris og så tilbake i Budapest igjen der det blir skikkelig spenning, blir me dratt med i ei historie om tre brør, ei mystisk ballettdanserinne og eit land under andre verdskrig.

Storarta litteratur der 712 sider absolutt ikkje var for mykje å lese.

Mai Lene

mandag 6. februar 2012

Menneskets del


Kari Hotakainen: Menneskets del

Nå har eg lese ei snodig bok. Denne boka er veldig finsk, eg veit ikkje kva adjektiv som elles er dekkande. Dersom eg skal prøva å skildra ho, må det bli noko slikt som humoristisk, rar, tragisk, samfunnskritisk.

Salme Malmikunna møter ein forfattar på ei messe. Forfattaren slit med skrivesperre og treng ei god historie. Han oppdagar at Salme er ein dyktig forteljar og tilbyr henne pengar for livshistoria hennar. Salme treng pengar og går med på dette. Etter kvart får me innsyn i livet til heile familien, mannen og dei tre barna til Salme. Me forstår gradvis at noko alvorleg har hendt som har påverka heile familien og dette har noko med kvifor ho treng desse pengane så sårt at ho vil utlevera seg sjølv.

Eg fekk aldri heilt tak på kronologien i denne romanen, men til slutt oppdagar me den store samanhengen, så om noko kjem litt hulter til bulter, slik det ofte gjer når eit menneske fortel, så er rådet mitt å ikkje henga seg opp i tidsperpektiva undervegs i lesinga. Skrivemåten er òg særeigen på ein annan måte. Då eg las dei første sidene, kjendest det som om eg høyrde «jabbinga» til Salme, og eg tenkte at dette får eg gnagsår i øyrene av. Språket er altså svært munnleg, særleg i starten, eller så var det bare det at eg blei van med stilen etter kvart, for utover i boka opplevde eg ikkje språket som noko problem.

Boka er på 271 sider.


Anne

fredag 3. februar 2012

Midt imellom


Jean Kwok: Midt imellom

Kimberly Chang er 11 år då ho og mora flyttar frå Hong Kong til USA. Dette skjer rett før Hong Kong skal bli ein del av Kina. Dei skal skaffa seg ei ny og god framtid. Men det nye livet blir ikkje slik dei hadde trudd.

Mor til Kimberly har sett seg i gjeld hjå søstera og mannen og blir nærast ein slave på deira tekstilfabrikk i Brooklyn. Kimberly er skuleflink, og dette gir henne moglegheiter i USA, men samtidig må ho hjelpa mora på fabrikken om ettermiddagane og kveldane. Ho lever eit dobbeltliv, og boka gir innsyn i koss det kan vera å veksa opp mellom to kulturar.

Forfattaren har sjølv emigrert frå Hong Kong til USA, og eg tenkte medan eg les boka; kor mykje av dette er sjølvopplevd, kor mykje er realistisk? Kor ofte blir eit håp og ønske om eit nytt og betre liv i staden eit liv i fattigdom og undertrykking?

Særleg første del av boka er gripande, slutten blir kanskje litt vel oppsummerande etter min smak. Men for dei som ikkje likar opne sluttar i bøker, så får me altså her vita koss det endar.

Boka er lettlesen og på 284 sider.

Anne