fredag 3. februar 2012

Midt imellom


Jean Kwok: Midt imellom

Kimberly Chang er 11 år då ho og mora flyttar frå Hong Kong til USA. Dette skjer rett før Hong Kong skal bli ein del av Kina. Dei skal skaffa seg ei ny og god framtid. Men det nye livet blir ikkje slik dei hadde trudd.

Mor til Kimberly har sett seg i gjeld hjå søstera og mannen og blir nærast ein slave på deira tekstilfabrikk i Brooklyn. Kimberly er skuleflink, og dette gir henne moglegheiter i USA, men samtidig må ho hjelpa mora på fabrikken om ettermiddagane og kveldane. Ho lever eit dobbeltliv, og boka gir innsyn i koss det kan vera å veksa opp mellom to kulturar.

Forfattaren har sjølv emigrert frå Hong Kong til USA, og eg tenkte medan eg les boka; kor mykje av dette er sjølvopplevd, kor mykje er realistisk? Kor ofte blir eit håp og ønske om eit nytt og betre liv i staden eit liv i fattigdom og undertrykking?

Særleg første del av boka er gripande, slutten blir kanskje litt vel oppsummerande etter min smak. Men for dei som ikkje likar opne sluttar i bøker, så får me altså her vita koss det endar.

Boka er lettlesen og på 284 sider.

Anne

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar