mandag 30. januar 2012

Rubinrød og Safirblå


Kerstin Gier: Rubinrød
 

Gwendolyn har vakse opp i ein uvanlig familie og er vant med løyndommar, særleg rundt det veldig sjeldne tidsreisegenet til søskenbarnet, Charlotte. Det er heilt uventa når ho plutselig ein dag finn seg sjølv i si eiga gate i ei heilt anna tid, og det er ikkje bare gode ting som kan forbindast med den nye tilværelsen med å reise gjennom tid og rom heile tida. Bare det å vite at ho ikkje har noko opplæring som Charlotte om korleis ho skal oppføre seg og snakke, gjer alt mykje vanskeligare for alle, men til slutt må dei innsjå at det er Gwendolyn som har fått genet.
 
Ei veldig morosam, men òg spennande bok om jenta Gwendolyn. Ho er langt i frå skulens mest populære og langt i frå så "perfekt" som kusina, men likevel er det ho som må møte den mykje omsnakka greven og reise tilbake i tid kvar dag. Det er rekna som ei fantasybok, men eg vil seie at det er mykje meir enn det. Det er ei bok med personar du kan kjenne deg igjen i, i skule, kjærleik og den store betydninga vener kan ha for ein person.
 
Boka passar for dei fleste. Ho er lettlesen, har ei spennande handling og gir inntrykk av at forfattaren veit kva ho skriv om. Det er ikkje bare det at ho beskriv tidsreisegenet, men òg alle beskrivingane av antrekk i frå dei høgare klassane på rundt 1700-talet og dei nøyaktige skildringane av selskapa. Ingen av dei historiske personane i boka har levd på ekte, men alle tinga som skjer rundt er forholdsvis kjent for dei som liker historie
 
Boka er på 348 sider, men i ei bok som denne tar det ikkje lang tid å lese.
  
 

Kerstin Gier: Safirblå
 

Dette er ein spennande etterfølgjar etter boka Rubinrød. Gwendolyn er framleis ikkje vant med det nye livet det er å kvar dag tilbringe tid med folk som snakkar om henne og genet og store møter med greven. I denne boka må ho lære seg å snakke danna, oppføre seg i eit selskap på 1700-talet og danse pardans. Alt er ikkje bare lett med å reise tilbake i tida, og det faktum at den guten ho er forelska i (som har same genet) ofte skal vere med henne og hjelpe, men oppfører seg som ein overlegen storebror, gjer henne ikkje mindre nervøs.
 
Veldig god oppfølgjar med spennande scenar, men òg mange morosamme. Gwendolyn er i ferd med å tilpasse seg livet, og det ventar på både oppturar og nedturar. Som i Rubinrød  er det gode skildringar og forfattaren veit korleis ho skal skrive. Serien held fram med å vere morosam. Det er ikkje like godt å kjenne seg igjen i denne boka som i den andre, men ho er likevel svært god.

Bok er på 382 sider, og det er verdt å pløye seg gjennom dei.

Mai Lene

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar