mandag 9. januar 2012

Mo Yan: Store bryster og brede hofter


Mo Yan: Store bryster og brede hofter
Boka handlar om Shangguan Lu, ei kinesisk kvinne på 1900-talet, og sonen hennar Jintong. Men boka handlar òg om det kinesiske samfunnet og dei skiftande forholda for menneska i Kina  på 1900-talet. Det som gjer mest inntrykk, er å sjå kor lite eit menneskeliv er verd og kor utrygt samfunnet er. I ein augneblink er dei  blant dei respekterte og har det greitt med mat og det dei treng, i neste blir dei hundsa og svelt. Me får òg innsyn i fleire kvinneliv og dei tøffe forholda mange må leva under med undertrykking og vald. Ikkje minst blir me kjent med mora Shangguan Lu. Ho får først sju jenter  før ho til sist får tvillingar , ein gut og ei jente.  Hennar plikt i ekteskapet var nettopp å skaffa ein mannleg arving, og for kvar jente som kjem, blir ho dårlegare behandla av svigerfamilien.  Innsynet me får i samfunnsforhold og familieforhold, tykkjer eg er den interessante sida av boka.

Det er eit stort persongalleri i boka, og det å halda styr på alle personane, kan vera eit problem. Til og med forlaget har gått i surr på omslaget og omtalar hovudpersonen som Shangguan Lü i staden for Shangguan Lu. Shangguan Lü er svigermora. Boka gir oss litt hjelp med å ha eit oversyn over personane i starten. Sjølv måtte eg ty til dette ein del gonger. Personane blir detaljert skildra, og me får blant anna òg sjå koss menneska ofte får namn/kallenamn etter skavankar og svake sider. Det er elles mykje direkte skildring av vald, fattigdom og skit.  I tillegg var det ganske mange puppeskildringar som eg gjekk litt lei av etter kvart. Alle puppeskildringane har samanheng med at sonen, Jintong, hadde store problem med å slutta å bli amma, så difor blei han altså ganske puppefiksert heile livet…….

Boka er på 573 sider.  Ei interessant bok, men ikkje direkte lettlesen.
Anne

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar