Viser innlegg med etiketten sjølvbiografi. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten sjølvbiografi. Vis alle innlegg

mandag 23. april 2012

Skyggeferden


Sara Azmeh Rasmussen: Skyggeferden

Eg hadde nok i utgangspunktet nokre fordommar til denne boka. Dette er trass alt dama som offentleg sette fyr på ein hijab og som elles òg har vore aktiv i mange debattar om blant anna religion og samfunn. Eg såg vel difor for meg ei markert debattbok.

Men dette er ein biografisk roman om livet hennar i Syria og ein del av åra i Noreg. Ho seier sjølv at dette er ein biografi, men han er skriven på ein måte som gjer at forlaget ville gi det ut som ein roman. Og Rasmussen skriv livet sitt, og ho gjer det godt! Eg tykte denne boka var veldig interessant. Ein får både kjennskap til oppvekstvilkår i Syria og koss det er å komma som innvandrar til Noreg. Blant anna får dei som hevdar at det blir mindre kroppsfiksering i muslimske miljø fordi ein går meir påkledd/tildekka, noko å tenkja på. Dette er òg ei bok som skildrar kor øydeleggjande tronge rammer og fastsette roller er for enkeltindivid som ikkje passar inn i desse gitte «boksane». Ein blir bare ein skugge av seg sjølv. Slik sett blir boka ei sterk stemme for fridom til å vera den du er.

Boka fortel ikkje om dei siste åra av Rasmussen sitt liv. Eg forstår at det kan vera gode grunna til det, for eksempel omsyn til familie, men eg saknar noko om kva som fekk livet hennar til å snu. Kva er det som har gjort at ho i dag er ein kjent skribent og kommentator i det norske samfunnet? Dette skulle eg gjerne hatt svar på.

Boka er på 428 sider.

Anne

fredag 30. mars 2012

Si at du lyver


Silvia Henriksdottir: Si at du lyver

Dette er ei sjølvbiografisk roman om oppveksten og livet til Silvia Henriksdottir. Ho veks opp på Færøyane og familien tilhøyrer Nardus-menigheten. Dette er ei kristen forsamling som meiner dei sjølv er dei einaste sanne kristne, sjølv om dei er få, og som blant anna har strenge krav til koss ein skal gå kledd og kva ein kan gjera og ikkje gjera. Silvia blir difor tidleg ei jente som skil seg ut både i klesdrakt og alt ho ikkje kan vera med på.

Men i tillegg har Silvia det vanskeleg på heimebane. Faren, som ho etter kvart forstår ikkje er den biologiske faren likevel, misbrukar henne, og oppfører seg innimellom slik at livet kjennest utrygt for resten av familien. Eg tar med ei lite utdrag frå koss heimturen frå møte kunne arta seg:

«Hvis han svingte til venstre, var det hjemover, og praten ville begynne. Viss han svingte til høyre, ville stillheten vare. Men han gjorde det bare når det var mørkt. Ellers var det ingen vits. Men ofte var det mørkt, og han svingte til høyre. Stillheten frøs mitt indre mens vi kjørte ned til kaien og helt ut på den ytterst piren. Piren, hvor man måtte kjøre fram og tilbake mange ganger for å kunne snu. Og det gjorde han. Kjørte fram og tilbake, og grensen mellom piren og havet var usynlig og hårfin i mørket. Fram…heeelt fram. Og så tilbake… heelt tilbake, mange ganger. Kan man kjøre ti centimeter lenger fram denne gangen, tro? Jo da, det går sikkert greit. Fraaam… lite grann mer…går det, tro? Han koste seg. Vi andre holdt pusten og priste oss lykkelige når vi endelig var på vei hjemover.»

I tillegg er mora fjern og mest opptatt av seg sjølv. Etter kvart blir det viktig for Silvia å finna ut kven ho eigentleg er, kven var faren og kva skjedde etter at han døydde? Kvifor har alt blitt halde hemmeleg for henne?

Sjølv om tema som blir tatt opp er alvorlege, er ikkje boka utan humor. Boka får godt fram forvirringa og paradoksa som Silvia opplever i oppveksten. Ho skriv sjølv til slutt: «Derfor vil jeg fortelle historien om Silvia Henrikka Hansen. Slik hun har opplevd den og fått den fortalt.» Ei personleg, interessant og gripande historie.

Boka er på 313 sider.

Anne

mandag 9. januar 2012

3096 dager

Natascha Kampusch: 3096 dager
Natasch Kampusch blei kidnappa då ho var ti år. I åtte år blei ho halden som fange i ein kjellar før ho til slutt klarte å rømma. I boka fortel ho om bortføringa og tida i fangenskap.

Kva gjorde at ho trass alt overlevde? Er nokre menneske bare vonde, eller har alle menneske moglegheiter både til det gode og det vonde? Er menneske som kan gjera slike uhyrlege handlingar eit "ikkje-menneske", totalt ulik alle andre i samfunnet, eller er det noko med samfunnsstruktur  og oppvektsforhold som kan skapa eit slikt "monster"?

Eg tykkjer Kampusch både greier  å få fram det forferdelege fangenskapet ho levde under og  å stilla nokre viktige spørsmål.
Les gjerne òg bokmeldinga i Dagbladet: http://www.dagbladet.no/2011/03/03/kultur/litteratur/bok/anmeldelser/litteraturanmeldelser/14339565/

Anne