mandag 30. januar 2012

Rubinrød og Safirblå


Kerstin Gier: Rubinrød
 

Gwendolyn har vakse opp i ein uvanlig familie og er vant med løyndommar, særleg rundt det veldig sjeldne tidsreisegenet til søskenbarnet, Charlotte. Det er heilt uventa når ho plutselig ein dag finn seg sjølv i si eiga gate i ei heilt anna tid, og det er ikkje bare gode ting som kan forbindast med den nye tilværelsen med å reise gjennom tid og rom heile tida. Bare det å vite at ho ikkje har noko opplæring som Charlotte om korleis ho skal oppføre seg og snakke, gjer alt mykje vanskeligare for alle, men til slutt må dei innsjå at det er Gwendolyn som har fått genet.
 
Ei veldig morosam, men òg spennande bok om jenta Gwendolyn. Ho er langt i frå skulens mest populære og langt i frå så "perfekt" som kusina, men likevel er det ho som må møte den mykje omsnakka greven og reise tilbake i tid kvar dag. Det er rekna som ei fantasybok, men eg vil seie at det er mykje meir enn det. Det er ei bok med personar du kan kjenne deg igjen i, i skule, kjærleik og den store betydninga vener kan ha for ein person.
 
Boka passar for dei fleste. Ho er lettlesen, har ei spennande handling og gir inntrykk av at forfattaren veit kva ho skriv om. Det er ikkje bare det at ho beskriv tidsreisegenet, men òg alle beskrivingane av antrekk i frå dei høgare klassane på rundt 1700-talet og dei nøyaktige skildringane av selskapa. Ingen av dei historiske personane i boka har levd på ekte, men alle tinga som skjer rundt er forholdsvis kjent for dei som liker historie
 
Boka er på 348 sider, men i ei bok som denne tar det ikkje lang tid å lese.
  
 

Kerstin Gier: Safirblå
 

Dette er ein spennande etterfølgjar etter boka Rubinrød. Gwendolyn er framleis ikkje vant med det nye livet det er å kvar dag tilbringe tid med folk som snakkar om henne og genet og store møter med greven. I denne boka må ho lære seg å snakke danna, oppføre seg i eit selskap på 1700-talet og danse pardans. Alt er ikkje bare lett med å reise tilbake i tida, og det faktum at den guten ho er forelska i (som har same genet) ofte skal vere med henne og hjelpe, men oppfører seg som ein overlegen storebror, gjer henne ikkje mindre nervøs.
 
Veldig god oppfølgjar med spennande scenar, men òg mange morosamme. Gwendolyn er i ferd med å tilpasse seg livet, og det ventar på både oppturar og nedturar. Som i Rubinrød  er det gode skildringar og forfattaren veit korleis ho skal skrive. Serien held fram med å vere morosam. Det er ikkje like godt å kjenne seg igjen i denne boka som i den andre, men ho er likevel svært god.

Bok er på 382 sider, og det er verdt å pløye seg gjennom dei.

Mai Lene

fredag 27. januar 2012

Så høyt var du elsket


Nikolaj Frobenius: Så høyt var du elsket

Denne boka er ei svært gripande og god bok. Ikkje fordi ho handlar om noko veldig spesielt, dramatisk eller overraskande, men fordi ho kort og godt handlar om koss livet kan vera.

Emil Ulvdal har eit nært og godt forhold til faren, Viktor, men så får faren slag. Gradvis blir faren dårlegare og endrar òg personlegdom. Emil tykkjer dette er vanskeleg. I tillegg må han kjempa ein kamp for å få hjelp til faren. Boka kan difor òg lesast som ein kritikk av norsk helsevesen, ikkje minst norsk eldreomsorg. Men det er skildringane av Emil og Viktor som eg tykkjer er det sentrale.  Framstillinga av dei og forholdet mellom dei er truverdig, og det er kanskje akkurat det som gjer boka så sterk.

Boka er på 323 sider.

Les gjerne intervju med forfattaren om denne boka her: http://www.dagbladet.no/tag/s%C3%A5_h%C3%B8yt_var_du_elsket

Anne

mandag 23. januar 2012

Skumring-serien


Skumring-serien

To nye bøker i Skumring-serien er komme inn til biblioteket. Skumringserien er ein spenning/krim-serie for ungdom. Begge bøkene er lettlesne og er kanskje i første rekkje skrivne for unge gutar.

Widar Aspeli: Psyko

Boka handlar om ein gut, (eg-personen), som er forelska i Pia, men Pia er ikkje interessert i han i det heile. Eg-personen er utanfor ungdomsgjengen, han blir ikkje rekna med. Koss skal han få Pia til å forstå at det må bli dei? Pia og bestevenninna, Jenny, tykkjer at eg-personen er både ekkel og psyko. Det er nok Jenny som øydelegg, tenkjer eg-personen. Bare eg får bort henne, vil nok Pia bli mi. Men har eg-personen oppfatta verda slik ho er?

 Me får heile tida vita kva eg-personen tenkjer og gjer. Boka er på 60 lettlesne sider. Ein del står «mellom linjene», så slik sett krev boka litt av lesaren.



Tor Arve Røssland: Gamer

Denne boka handlar om ein gutegjeng og ei jente som blir hekta på eit nytt dataspel. For eg-personen og resten av gjengen held spelinga på å ta over heile livet. Til slutt får òg spelinga følgjer inn i den verkelege verda. Men kven er venn og kven er fiende? Er alle den som dei utgjer seg for å vera?

Eg likte Gamer betre enn Psyko. Historia fanga betre og ho var godt fortalt. Minuset er ein del ureint språk. 128 lettlesne sider gjekk raskt unna.

Anne



fredag 20. januar 2012

Tro seriøst


Tone Dalhaug: Tro seriøst

Er du ung og kristen, eller lurer du på om du skal seia ja til Jesus og bli ein kristen? I boka Tro seriøst møter du sju ulike ungdommar som har valt å følgja Jesus. Dei har ulik bakgrunn og går i/kjem frå ulike kristne miljø.

 Det som er fint med denne boka, er at desse ungdommane snakkar så ærleg om det å tru og om det kristne livet. Kanskje var nokre av dykk på UL sommaren 2010 og høyrde Svein Brede Mella? Han er ein av ungdommane som er med i boka.

Dette er ikkje ei tung teologisk bok, men korte vitnesbyrd. Boka er på 119 lettlesne sider med mange bilete, men kanskje får du noko å tenka på vidare?
Anne

Saganatt


Saganatt blir òg kalla Lunde-triologien. Ho inneheld tre ulike historier som kan lesast heilt frittståande. Likevel er det ein samanheng. Første del; Kom søndag, handlar om Arvid Lunde og jappetida på 80-talet. Andre del; I morgon er det måndag, handlar om Harold, far til Arvid, og vi får her følgja utviklinga på 90-talet.  I siste del; Den åttande dagen, er me i nåtid og son til Arvid, Robby, dukkar opp. Robby er langt frå hovudpersonen i siste del, men blir trekt inn mot slutten. Dette er likevel ikkje ei familiekrønike, men ein triologi som skildrar ei samfunnsutvikling.
 

Sjølv likte eg best del to. Harold Lunde har vore møbelhandlar, som i følgje han sjølv, gjekk konkurs på grunn av IKEA. Denne delen kan difor bli hard kost for Ikea-fans. Men Harold har ikkje bare mista arbeidet sitt, han har òg på mange måtar mista sin store kjærleik gjennom alle år, kona Marny. Ho er blitt senil og kjenner knapt Harold igjen. Kva gjer ein mann som har levd eit godt liv, men nå har mista alt? Jo, han dreg av garde til Sverige for å kidnappa Ingvar Kamprad, grunnleggaren av Ikea. Gjennom heile forteljinga får me innsyn i Harold sitt forhold til Marny og det livet dei har levd i lag. Skildringa av dette tykkjer eg er svært god.

Første del av boka er kanskje den mest humoristiske framstillinga. Men bak god humor er det alltid mykje alvor. Siste del blei for absurd for meg, med Gerhardsen og Bratteli blant dei ulevande, men denne delen tykkjer tydelegvis andre er veldig bra, (sjå link under), så det er vel ein genistrek eg ikkje har fått med meg heilt.

Frode Grytten skriv på lett tilgjengeleg nynorsk. Han har ein humoristisk stil, men språket kan innimellom vera litt røft. Heile triologien er på 443 sider.

Les gjerne omtalane på: http://marius.bokklubben.no/?p=2363 og

                                            http://www.nrk.no/nyheter/kultur/litteratur/1.7775552



Anne

mandag 16. januar 2012

For Leas skyld


Marianne Terjesen: For Leas skyld

Miriam og Peter prøver å begynna eit nytt liv i Israel etter 2.verdskrig. Peter reiste frå Europa før jødeforfølgingane tok til for fullt, Miriam overlevde krigen i Europa og kjem til Israel etter at krigen er slutt. Begge får etter kvart ein bagasje som gjer det utfordrande å gå vidare.

For mange jødar blir Israel eit håp om eit land der dei kan få leva i fred. Så enkelt blir det ikkje. Kva med dei som bur der frå før? Boka handlar òg om opprettinga av staten Israel og dei oppgåvene som landet står over for når stadig nye jødiske folkegrupper kjem til det nye heimlandet og utfordringane i forhold til nabolanda. I denne boka kjem fleire stemmer til orde. Her er ingenting svart-kvitt. Me får sjå at vald og krig bare har taparar.

Språkleg er boka midt på treet, men innhaldet gjer dette til ei bok eg kan anbefala. Boka er på 544 sider, men ho er lettlesen, så det går raskt.
Anne

Jeg er et ubeskrivelig ondt geni og jeg vil bli elevrådsleder


Jeg er et ubeskrivelig ondt geni og jeg vil bli elevrådsleder


Tittel: Jeg er et ubeskrivelig ondt geni og jeg vil bli elevrådsleder

Forfattar: Josh Lieb

Handling: Oliver Watson har ikkje noko godt forhold til faren. Faren trur nemleg han er ei pyse av ein fettklump som aldri kjem til å bli noko. Feil. Oliver Watson er mellom verdas rikaste personar, men skjular det gjennom Lionel Sheldrake. Når Oliver får veta at faren vann elevrådet, vil Oliver og det bare for å irritere. Det er då kampen byrjar.

Passar for: Boka passar for folk som elskar overdriving, humor og litt action.

Forlag: Cappelen damm

Terningkast: 6

Karina

fredag 13. januar 2012

Forførende ondskap


 Rebecca James: Forførende ondskap

 Kathrine er klar til å flytte i frå foreldra og inn til tanta, ikkje bare for å kome seg vekk i frå byen, men òg for å kome vekk frå den forferdelige tragedien med litlesøstera. Etter det som skjedde har Kathrine vanskelig for å binde seg til andre, men når Alice, ei populær og nesten uimotståelig jente, uventa dukkar opp i Kathrines liv, blir livet gradvis forandra. Dei to jentene binder seg snart til kvarandre, men Kathrine ser snart at under den sikre og perfekte overflata gøymer det seg ei heilt anna Alice, ei som liker å ha kontroll.

Boka er ein spennande psykologisk thriller, som ikkje bare er fengande, men òg visar kor mykje eit menneske kan gjere for å oppnå det det vil. Heilt i frå første side fengar boka lesaren og det held ho fram med til siste side. Me får ikkje bare eit innblikk i kva som skjer når ho møter Alice, men òg av framtida og fortida. Mange gonger i boka får me ei kjensle av å kunne sjå kva som skjer, men utover i boka kjem det mange overraskingar og uventa hendingar. Handlinga passar verkeleg til tittelen.

Boka er kanskje ikkje mest berekna på gutar, men eg har høyrt at det er ikkje bare jenter som har lese denne boka. Begge kjønn kan lese denne boka, som ikkje bare er ei vanlig ungdomsbok om veninner kjærastar og kropp, men òg om meir viktige ting. Litt stygt språk av og til, men ikkje i overkant.

Boka er på 366 sider og det anbefalast å lese ho.

Mai Lene

Frihet, likhet, farskap


Audun Lysbakken: Frihet, likhet, farskap

Audun Lysbakken er barne- likestillings, og inkluderingsminister. Han har skrive ei  bok som argumenterer sterkt for pappapermisjon og fedrekvote. På mange måtar vil difor boka vera ei « annleis stemme» enn det ein ofte høyrer i «vårt miljø».  Slik sett er dette ei bok det er verd å lesa om ein ønskjer å forstå bakgrunnen til dei som kjempar for pappapermisjon og fars rettar.

Boka er lett å lesa, med mange kvardagsglimt og eit humoristisk blikk. Og endeleg ein politikar som kan gi ut ei bok på bare 125 sider!

Anne

mandag 9. januar 2012

Mo Yan: Store bryster og brede hofter


Mo Yan: Store bryster og brede hofter
Boka handlar om Shangguan Lu, ei kinesisk kvinne på 1900-talet, og sonen hennar Jintong. Men boka handlar òg om det kinesiske samfunnet og dei skiftande forholda for menneska i Kina  på 1900-talet. Det som gjer mest inntrykk, er å sjå kor lite eit menneskeliv er verd og kor utrygt samfunnet er. I ein augneblink er dei  blant dei respekterte og har det greitt med mat og det dei treng, i neste blir dei hundsa og svelt. Me får òg innsyn i fleire kvinneliv og dei tøffe forholda mange må leva under med undertrykking og vald. Ikkje minst blir me kjent med mora Shangguan Lu. Ho får først sju jenter  før ho til sist får tvillingar , ein gut og ei jente.  Hennar plikt i ekteskapet var nettopp å skaffa ein mannleg arving, og for kvar jente som kjem, blir ho dårlegare behandla av svigerfamilien.  Innsynet me får i samfunnsforhold og familieforhold, tykkjer eg er den interessante sida av boka.

Det er eit stort persongalleri i boka, og det å halda styr på alle personane, kan vera eit problem. Til og med forlaget har gått i surr på omslaget og omtalar hovudpersonen som Shangguan Lü i staden for Shangguan Lu. Shangguan Lü er svigermora. Boka gir oss litt hjelp med å ha eit oversyn over personane i starten. Sjølv måtte eg ty til dette ein del gonger. Personane blir detaljert skildra, og me får blant anna òg sjå koss menneska ofte får namn/kallenamn etter skavankar og svake sider. Det er elles mykje direkte skildring av vald, fattigdom og skit.  I tillegg var det ganske mange puppeskildringar som eg gjekk litt lei av etter kvart. Alle puppeskildringane har samanheng med at sonen, Jintong, hadde store problem med å slutta å bli amma, så difor blei han altså ganske puppefiksert heile livet…….

Boka er på 573 sider.  Ei interessant bok, men ikkje direkte lettlesen.
Anne

3096 dager

Natascha Kampusch: 3096 dager
Natasch Kampusch blei kidnappa då ho var ti år. I åtte år blei ho halden som fange i ein kjellar før ho til slutt klarte å rømma. I boka fortel ho om bortføringa og tida i fangenskap.

Kva gjorde at ho trass alt overlevde? Er nokre menneske bare vonde, eller har alle menneske moglegheiter både til det gode og det vonde? Er menneske som kan gjera slike uhyrlege handlingar eit "ikkje-menneske", totalt ulik alle andre i samfunnet, eller er det noko med samfunnsstruktur  og oppvektsforhold som kan skapa eit slikt "monster"?

Eg tykkjer Kampusch både greier  å få fram det forferdelege fangenskapet ho levde under og  å stilla nokre viktige spørsmål.
Les gjerne òg bokmeldinga i Dagbladet: http://www.dagbladet.no/2011/03/03/kultur/litteratur/bok/anmeldelser/litteraturanmeldelser/14339565/

Anne

søndag 8. januar 2012

Andre sida av Paris

Rønnaug Kleiva: Andre sida av Paris
Susi går siste året på ungdomsskulen. Boka handlar om Susi sine opplevingar i klassen og heime dette året. Me får kjennskap til eit usunt og rått klassemiljø. Hadde mora og ho bare budd i Paris, kunne dei ha flytta til andre sida av byen og ho kunne ha gått på skule der, men byen ho bur i er for liten til det. Ryktet vil følgja henne på vegen. Kva kan ein då stilla opp med når ein blir mobba?

Boka følgjer tankane Susi gjer seg om det som hender. Språket er enkelt og prega av understatement og ironi. Dei korte setningane og ein god nynorsk, gjer boka lettlesen. Ho er delt inn i korte kapittel og heile boka er på 90 sider.

Eg håpar at boka skildrar ei verd som er noko meir rå og brutal enn det dei fleste kjenner seg igjen i. Men måten jenteintrigar og utestenging føregår på, er kanskje ikkje like ukjent?

Ei grundingare bokmelding finn de på:

Anne