Nir Baram: Gode
mennesker
Gode mennesker er
ei annleis bok frå 2.verdskrig i Europa. Me følgjer to personar i to ulike
totalitære statar annakvart kapittel gjennom heile boka.
Den eine hovudpersonen er Aleksandra Weisberg i Sovjet. Ho
er dottera til ein jødisk intellektuell i Leningrad. Foreldra og vennene deira
blir vurdert som farlege for det kommunistiske regimet. For å redda seg sjølv
og tvillingbrørne sine, går Aleksandra i teneste hjå fienden.
Den andre hovudpersonen er Thomas Heiselberg, reklamemann og
glad i alt amerikansk, noko som ikkje blir populært etter kvart som
nasjonalismen vinn fram i Tyskland. Han er ein person som prøver å snu kappa
etter vinden, og det å gi folk det dei vil ha, er hans sterkaste kort.
Då eg las på baksida av boka, trudde eg at desse to
personane ville møtast relativt raskt og at boka vidare ville handla om vegen
vidare for dei i lag. Dei møtest, men ikkje før etter cirka 400 sider, så boka
handlar meir om koss dei kjempar i kvar sitt land mot diktatur og
undertrykkande system.
Bak på boka står det:» Gode
mennesker er Nir Barams fjerde bok , og den første israelske romanen som
tar for seg den andre verdenskrig sett fra overløpernes perspektiv. Den lå på bestselgerlister i
seksten uker, og ble nominert til Sapir-prisen, Israels mest prestisjefylte
litterære utmerkelse.» Dette er likevel ikkje ei lettlesen bok. Eg sleit
med å forstå alt, blant anna blei hendingar rundt dei tolka av hovudpersonane
som at nå hadde det skjedd noko alvorleg, sjølv om eg ikkje heilt fatta kvifor.
Men det har vel kanskje noko med at det er vanskeleg å setja seg inn i koss det
er å leva under slike regime, og at ein sjølv ikkje er vane med å tolka alt og
alle rundt seg heile vegen for å finna ut om dei er med eller mot ein.
Boka er på vel 500
sider.
Søk gjerne opp i Atekst Eskil Skjeldal si bokmelding i Vårt
Land: Da Europa kollapset
Anne
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar