Anne
Mette Sannes og Knut Jørgen Røed Ødegaard: Apollomannen
Er du over middels interessert i romfart og astrologi og i
tillegg drøymer deg vekk i framtidsscenario? Då er dette boka for deg. Sannes
og Røed Ødegaard har gitt ut første boka i ein triologi: Ad Astra-triologien.

Handlinga er lagt til 2222, og menneska skal for første gong
reisa til eit anna solsystem. Det er lagt opp til ein tur som vil ta 23 år og
relativt mange folk blir med på turen. Romferja er eigentleg eit skikkeleg lite samfunn med fleire
familiar. Det kunne jo blitt berre fest og gaman, men det viser seg at alt
ikkje går som det skal. Er det nokon som ikkje burde vore med på turen, har dei
fått med ein sabotør?
Forfattarane har gjort det noko vanskeleg for seg. Her skal
dei laga tre bøker frå ei ukjent tid, med eit svært avgrensa rom og har nok
samtidig lyst å driva opplysningsarbeid. Dette fører til at me blir presentert
for eit stort persongalleri, og sjølv om me stort sett følgjer ein hovudperson,
15 år gamle Steve, blir det vanskeleg å få heilt oversikt over alle. I tillegg
får me altfor mange detaljar om koss alt fungerer og ser ut. Sidan me blir ført
inn i ein heilt ny setting, er det mykje som skal formidlast. På denne romferda
skal barna/ungdommane i tillegg gå på skule og læra om verdsrommet. Det blir
atter nye opplysningar. Dersom du er interessert i verdsrommet og klarer å leva
deg inn i denne framtidsverda, er dette sikkert kjekt og spennande, men sjølve
handlinga i boka forsvinn litt. Det skjer nemleg ganske mykje spennande og
dramatisk, så idèen er god, men oppbygginga mot desse hendingane og
skildringane av dei, blir for enkle og raske. Det skin for tydeleg gjennom at
det ikkje er forteljinga som er det viktigaste. Det tykkjer eg er dumt, men eg
er kanskje ikkje i målgruppa?
Anne
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar