Jonathan
Safran Foer: Extremely loud and
incredibly close
Hendingane i denne boka foregår i storbyen New York. Det er
Oskar som er hovudpersonen, ein gut på åtte eller ni år som mista faren sin i
terrorhandlingane 11. september 2001. I ettertid har Oskar slite og han bruker
metaforar som "wear heavy boots" og "white clothes" for å
skildre korleis han har det, men på andre område er han ein unormal, oppvakt gut,
og eg vil seie at han er ei miniatyrform for rektor Humlesnurr i Harry Potter.
Oskar skriv brev til Stephen Hawking utan særleg hell (og alle svara er like).
Han skriv brev til andre og spør om å få vere assistenten deira i diverse forsking,
og han finn opp diverse nye ting før han sovnar. I tillegg er han glad i å snakke
fransk og lese i faktabøker om forskjellige rare fenomen. Oskar er ateist, men
han er òg i mot banning, noko som kan gi utruleg mange rare ord når han er
sint.
Plottet i boka dreier seg om ein nøkkel Oskar fann i faren
sine saker, og det går ikkje lenge før han knyter etternamnet Black opp til nøkkelen.
Nå er det likevel slik at det i New York er 162 millionar stader der denne
nøkkelen kan passe, men "heldigvis" er det bare 417 personar i byen
som heiter Black til etternamn. Kvar søndag reiser Oskar ut på eventyr for å
snakke med alle personane med Black som etternamn, og etter kvart får han seg
òg ein medhjelpar.
Parallelt med historia om Oskar får me følgje bestemora,
mora til faren, og den lenge sakna bestefaren til Oskar. Begge skriv brev og
dagbok om tidligare hendingar, bestemora til Oskar og bestefaren til faren til
Oskar. Dette gjer at lesaren heile tida sit med litt meir informasjon enn
hovudpersonane. Boka er fenomenal og plottet er fantastisk. Eg plar å seie at
hadde eg vore ti år yngre hadde eg vore forelska i denne guten. Trass i at
faren er død, er han på mange måtar livsglad, sjølv om han er ein pessimist.
Boka er kjempebra skriven, og den manglar faktisk ein del avsnitt, men det gir
ein effekt som gjer at me forstår meir korleis samtalar utspelar seg.
Det er òg heile sider med teikningar eller bilete i boka, så
for dei som liker dette, kan dette vere ei morosam, men bra bok.
Bare sånn heilt til slutt, slik ser standarsvaret ut som
Oskar får tilbake fire gonger frå Stephen Hawking
Thank you for your letter. Because of the large
volume of mail I receive, I am unable to write
personal responses. Nevertheless, know that I
read and save every letter, with the hope of one
day being able to give each the proper answer it
deserves. Until that day,
Most sincerely,
Stephen Hawking
volume of mail I receive, I am unable to write
personal responses. Nevertheless, know that I
read and save every letter, with the hope of one
day being able to give each the proper answer it
deserves. Until that day,
Most sincerely,
Stephen Hawking
Men til slutt...
Mai Lene
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar