Johan Theorin: Nattefokk
"Jeg er i Stockholm," sa han. "Eller på vei
herfra... jeg er utenfor Södertälje."
"Så du er på vei ned til Öland?"
"Ja," sa han. "Jeg har med meg det siste flyttelasset fra huset vårt i Stockholm." Han ville virke klar og tydelig og få politikvinnene til å begynne å svare på spørsmål. "Kan du fortelle hva som har skjedd? Er det noen av..."
"Nei, avbrøt hun. "Jeg kan ikke si noe. Men det hadde vært fint om du kom hit så fort som mulig."
"Er det..."
"Hold fartsgrensen," sa politikvinnen og brøt forbindelsen.
"Så du er på vei ned til Öland?"
"Ja," sa han. "Jeg har med meg det siste flyttelasset fra huset vårt i Stockholm." Han ville virke klar og tydelig og få politikvinnene til å begynne å svare på spørsmål. "Kan du fortelle hva som har skjedd? Er det noen av..."
"Nei, avbrøt hun. "Jeg kan ikke si noe. Men det hadde vært fint om du kom hit så fort som mulig."
"Er det..."
"Hold fartsgrensen," sa politikvinnen og brøt forbindelsen.
Dette er bare ein av to samtalar i bilen, og Joakim får livet snudd opp ned. Kona er død, han har to ungar som skal følgjast opp utan Katrine, og sjølv er han knust av sorg. Planane for garden blir lagt til side, og mykje av tida går med til å finne ut kvifor Katrine gjekk ut på steinane den dagen ho drukna.
Gerlof Davidson, som me får bli godt kjent med i første boka til Theorin, er sjølvsagt òg med, og han prøver så godt han kan å fortelje politikvinna, som han er grandonkel til, om farfaren hennar, samstundes som han tenkjer på dødsfallet til Katrine Westin. Parallelt med denne historia får me òg lese Mirja Rambe, mor til Katrine, si historie, og historiene som går om at det spøker på Åludden, skaper rykte på Öland. Til og med Joakim får kjenne på dette, og typiske ting som hemmelege rom og at låste dører plutseleg er opne er ingrediensar i denne boka. Ein kan nesten ta og føle på heile stemninga.
Den tredje gruppa med personar i denne historia er tjuvane Henrik, Freddy og Tommy. Freddy og Tommy oppsøker Henrik for å få han med på nokre tjuveri som i utgangspunktet skal vere ufarlege. Öland blir nok ein stad kor tjuvar herjar, og menneske blir skada i jakta på verdisaker. Den natta når fokket kjem inn over Öland, natta til julaftan, møtes alle personane i boka i ein blodig samanstøyt. Nattefokk er fantastisk spennande og til å få mareritt av.
Theorin sine bøker gjer at ein sit og tenkjer: "Korleis skal han få alt dette til å gå saman? Kor vil han hen?" Likevel er det noko som driv ein vidare gjennom sidene og bøkene. Språket er ikkje avansert, men veldig bra, og ein les ikkje om Öland, ein er på Öland i desse bøkene. Han har heller ikkje mange stereotype karakterar slik som mange andre krimromanar og krimseriar har. Det er få av desse, og ein forfattar som klarer å skape karakterar som er realistiske i ei historie som er på grensa til urealistisk, er bra. Nå seier eg ikkje at Theorin skriv innanfor fantasysjangaren, men han skriv litt urealistisk etter mi meining, og han har med litt overnaturlege faktorar, som spøkelse, i bøkene sine. Likevel kjenner me oss igjen i karakterane og får eit sterkt ønske om å møte dei "face to face".
Personleg liker eg best Gerlof Davidson, den gamle mannen som hjelper til med mysterium og har mange historier å kome med om det meste.
Mai Lene
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar