mandag 25. november 2013

Carmen Zita og døden


Karin Fossum: Carmen Zita og døden

Dette er ei litt annleis krimbok. Ja, det er ei kriminalsak som skal løysast, men boka er mykje meir enn det.

Carmen og Nicolai er eit svært ungt par. Ein dag druknar sonen deira, Tommy, i ein dam nær huset, eller gjer han det? Dette er sjølve krimsaka som etterforskar Sejer skal prøva å finna ut av.

Tommy var ein gut på 16 månadar med downs syndrom, og boka handlar mykje om dette. Koss er det å få eit barn med downs syndrom? Kva hjelp har desse unge foreldra fått? Koss reagerer folk rundt dei på barnet? Og kanskje er boka òg eit innspel i debatten om tidleg ultralyd og sorteringssamfunnet? Les sjølv og vurder.

Boka har i tillegg med nokre filosoferingar rundt tru og ikkje-tru. Me møter politibetjent Skarre. Han er kristen og god venn og medarbeidar av Sejer. Skarre framstår ikkje som nokon stor apologet akkurat, men eg tykte det var fint å lesa ei bok der ein med kristent livssyn blir gitt positive trekk og er framstilt som normal.

Slutten av boka var det eg likte minst. Men det er vel difor eg vanlegvis ikkje les så mykje krim, eg tykkjer som regel avslutninga blir det svake punktet i ei krimbok. Det er «det rundt» som fascinerer meg mest, medan det jo er sjølve krimgåta som er poenget å få avslutta.

Ei god bok på berre 217 sider!

Anne

 

mandag 18. november 2013

Tusen ulevde liv


Tomas Sjödin: Tusen ulevde liv

Sjödin er ein forfattar som har skrive mange bøker om det kristne livet, ikkje minst om det å vera kristen i møte med sorg og smerte. Eg var difor litt spent på koss han klarte seg over i romansjangeren. Og konklusjonen min er nok litt slik både og.

Boka handlar om pastor Bengt Erikson som «rømmer» frå kyrkjelyden sin. Etter at kona døydde har han slite meir og meir og nådd det punktet der noko må skje, noko må bli endra. Denne hemmelege ferien han nå tar, der han har tenkt å vera aleine og blant anna skriva, er noko han kjenner på som nærast livsnødvendig.

Så går det slik det ofte går, nemleg ikkje heilt etter planen, men i dette tilfellet faktisk i positiv retning. Sjølve romanforteljinga, ramma rundt, er på mange måtar heilt grei med humoristiske og varme skildringar, men ho forsvinn litt i forfattarens store og eigentlege prosjekt: å skriva om Birger Norman og livsvisdommen i forfattarskapen hans. Dette blir etter mi meining same fella som mange «kristne» romanforfattarar går i. Det teologiske prosjektet blir så viktig at det stel historia. Kvifor ikkje heller gi ut ei fagbok?

Norman sine tankar er sitert på svensk og er i tillegg av eit slag som krev tid og mogning. Eg tykte mykje var bra og interessant, men i romanform  tykte eg dette blei litt tungt. Dette går på forventningar ein har til ei bok. Eg sette meg ned for å lesa ei roman, men burde hatt tid og ro på meg som om eg las ei oppbyggeleg bok. Difor må du setja av tid dersom du skal lesa denne boka, då er det mykje godt innhald å få med seg. Men er du ute etter ei god roman, så vel heller ei anna bok.

Språkleg er boka god samanlikna med andre bøker i same sjanger.

Anne

mandag 11. november 2013

Motstanderne


Arne Norlin og Andreas Palmaer: Motstanderne

Dette er første boka i serien Fans!, ein ny fotballserie for ungdom. Tove og Noel har akkurat blitt kjende med kvarandre, begge elskar fotball, men problema oppstår når det viser seg at dei heiar på ulike lag. Ikkje berre er laga ulike, men dei er erkefiendar. Dette skapar sjølvsagt vanskar for vennskapen.

Kanskje blir dette eit noko enkelt problem, iallfall for oss som ikkje er fotballnerdar, til å skapa så store konfliktar som i denne boka. Elles går boka greitt inn i sjangeren fotball-kjærleik-drama, og er det det du likar å lesa om, vil du lika denne boka.

Slutten er litt «teit» i følgje ein lesar, og det kan eg vera einig i. Dette er første boka i ein triologi, og til forskjell frå det som er vanleg i seriar, er ikkje denne  bok avsluttande. Det gjer at ein sit noko spørjande igjen og må venta på neste bok.
Anne

tirsdag 5. november 2013

Min DNAgbok


Ellen Økland Blinkenberg: Min DNAgbok

Det er vel få område det har skjedd ei like stor utvikling dei siste åra som innan genteknologi/bioteknologi. Dette er ei bok som både får fram kva moglegheiter som er nå, som kanskje kjem etter kvart og eit kritisk blikk på ein del av tilboda som kan komma. Ikkje minst er forfattaren kritisk til manglande informasjon rundt «Mor-barn-prosjektet».

Boka er svært lettlesen til å vera ei fagbok innan dette emnet, forfattaren skriv personleg og engasjert, ja, meir i dagbokstil. Her er ikkje berre fakta om emnet, men òg filosoferingar rundt arv og miljø. Ho har i tillegg intervjua ei rekkje personar om temaet og får slik fram litt ulike synspunkt.

 Alle ho intervjuar spør ho om dei trur på Gud, ikkje fordi ho sjølv gjer det, men fordi ho kjenner at det høyrer med når ein er inne på eksistensielle spørsmål. Mot slutten av boka skriv ho om at ho vurderte å oppsøka MF for å samtala med nokon der om etikk og bioteknologi, kanskje det kunne blitt ein god samtale, undrar ho. Men så gjer ho det ikkje likevel fordi ho fryktar meir frontar og moralisme enn dialog. Dette tykkjer eg er dumt. Boka hadde styrka seg på å ta med meir fagleg etisk refleksjon. Frykta ho har for å bli sabla ned av tilsette på MF, trur eg er ugrunna.

Elles er dette ei bok eg kan anbefala for dei som ønskjer å setja seg inn i kor genforskinga står i dag, sjølv om ein fagleg etisk refleksjon må hentast andre stader.

Anne

mandag 28. oktober 2013

Brobyggerne


Jan Guillou: Brobyggerne

Dette er ei bok som eg i første omgang ikkje hadde valt meg ut sjølv, men etter tips frå ein kollega, har eg lese ho i sommar. Og  ja, dette var ei interessant bok.

Tre gutar veks opp i fiskeværet Osterøya, men som så mange andre, blir dei tidleg farlause. Dei blir sende inn til onkelen i Bergen for å brødfø seg sjølv. Litt tilfeldig blir deira evne til båtbygging oppdaga, og det blir bestemt å gi dei ingeniørutdanning i Tyskland. Målet er at dei skal komma tilbake og bygga jernbane mellom Bergen og Oslo.

Boka gir eit innsyn i det imponerande slitet og utfordringa det var å bygga jernbanen mellom Bergen og Oslo, og den framtidstrua som rådde i starten av 1900-talet. Nå har me komme så langt at krig er gammaldags og ikkje aktuelt, meinte mange. Me veit jo kva som skjer, første verdskrig er ikkje langt unna. Ikkje minst gir boka eit fokus på første verdskrig som iallfall for meg var ganske ukjent, nemleg krigen i Afrika. Her blir det rokka med førestellingane me kanskje har på førehand om kven som var gode og vonde.

Er du historisk interessert, er det berre å setja i gong og lesa. Dette er første bind i ein historisk romanserie. Neste bok i serien  er Dandy.

Anne

mandag 21. oktober 2013

Verdens ende


Ketil Bjørnstad: Verdens ende

Aslak Timbereid er aleinefar og skal følgja dottera, Emma, opp til mora til Helgeland. Planen er at Emma skal vera der i haustferien. Men det endar tragisk med at Emma blir skada på flyet og døyr. Kven si skuld er dette?

Sjølve handlinga er altså opp i dagen og raskt avklara, men kva skjer med dei som lever vidare? Boka tar opp tema som mobbing, hemn, vondskap, skuld og hat, men handlar og om forsoning og det å leva vidare etter eit stort tap.

Eg tykkjer dette er ei god bok om desse tema. Ein følgjer i første rekke hovudpersonen Aslak Timbereid ut over i romanen, men får i tillegg sjå koss mora prøver å komma vidare. Eitt av tema eg nemner over tenkjer de kanskje at ikkje passar inn med handlinga elles, nemleg mobbing. Dette er likevel fletta inn i boka på ein fin måte. Emma har på skulen blitt utestengd utan at dei vaksne har greidd å gjera noko med det. Boka får godt fram kor hjelpelaus ein som foreldre då kan kjenna seg. Koss taklar skulen at ein av elevane som er blitt mobba er død?

Eg har ikkje lese noko av Bjørnstad før, men denne boka var så god at det fekk eg lyst til å gjera.

 Boka er på 306 sider.

Anne

tirsdag 15. oktober 2013

Charliblogg


Eldrid Johansen: Charliblogg

 

Det har vore mange debattar rundt bokblogging, både på Facebook og på bloggane. Difor er det kanskje aktuelt med ei bok som nettopp er om blogging, men på ein heilt annan måte. Bloggen i denne boka får alle våre til å verke som konstruktive og av god kvalitet, for er det ei som ikkje har følgt god folkeskikk, er det Charlotte i boka til Eldrid Johansen.

Charlotte flyttar frå byen til ein utkantsstad i Noreg, og velkomsten ho får kan ein ikkje akkurat seie at er av den hyggjelege versjonen. Det er veldig typisk, når det er flytting i ungdomsromanar. Den som flyttar blir veldig sjeldan teken godt i mot i slike bøker, og eit klassisk eksempel er "stå-framfor-klassen-og-presenter-deg."

 

Alle stirrer undersøkende på meg. Måler meg fra øverst til nederst. Selvfølgelig. (...) Jeg hadde garantert gjort det samme selv. Hvem er det som kommer hit og tror hun kan bli en av oss, tenker de sikkert. (...) Jeg mumler "hallå" og blir stående rådvill. Med det samme jeg sier det, hører jeg hvor overdrevent østlandsk det høres ut. Hvorfor sa jeg ikke bare "hei"?
- Vil du fortelle oss litt om deg selv, Charlotte? spør Solgunn.
- Ja begynner jeg. Stemmen min er svak. Jeg må kremte for å tvinge den på plass. - Jeg heter Charlotte Jansen, kommer fra Norge, og jeg liker å dan...
Høye stønn fra overalt i rommet. Jeg blir stående forvirret og vente. - Eh...
- Vi kommer også fra
Norge, sier Solgunn, med smilende munn, men med et glimt av noe annet i øynene.

 

Det er sikkert mange som kjenner igjen denne scenen frå andre bøker - og filmar - og det er ein veldig klassisk scene. Ein forstår at Charlotte kjem til å dumme seg ut, at dei kjem til å stønne høgt og at dette øydelegg heile inntrykket deira av henne og hennar inntrykk av dei. Slik held det fram. Allereie første friminutt får ho kjenne på utestenging og mobbing.

 

 Etterkvart som Charlotte blir buande på staden, og får merke meir av mobbinga, startar ho sin eigen blogg, Charliblogg, kor ho disser alt og alle i bygda. Særleg er det Josefine som får gjennomgå, jenta ho sit på sida av og som er den absolutt verste mobbaren på skulen. I tillegg er ho dottera til inspektøren på skulen. Josefine er ein karakter eg synes verkar veldig stereotyp. Dette gjeld òg for ein del andre personar i boka. Likevel liker eg ideen om bloggen, og eg synes det er eit viktig tema å ta opp. Det handlar om kva du kan legge ut på internett, og kva du ikkje kan legge ut på internett.  Johansen tar dette med blogging litt på kornet, og Charlotte er ein interessant karakter å følgje. Det at Charlotte både er eit mobbeoffer og ein mobbar - over nettet - gjer at boka med eitt blir meir interessant enn kva ho kunne ha vore.

 

Boka er velskriven, og eg trur denne ungdomsboka vil falle i smak, særleg hos ein del jenter.

Mai Lene

tirsdag 1. oktober 2013

Hele livet på en dag


Alyson Richman: Hele livet på en dag

Boka startar i Praha på 1930-talet. Studentane Lenka og Josef møter einannan og forelskar seg. Etter kvart blir det problematisk for dei å leva der sidan begge er jødar. Dei giftar seg, men vegane blir skilde då krigen og jødeforfølgjingane startar for fullt.

Mange år seinare møtest dei tilfeldig igjen i eit bryllaup der dei begge er gjester.  Boka blir nærast eit tilbakeblikk på den tida dei har levd kvar for seg. Spenninga ligg altså ikkje i om dei møtest att, men kva som skjer med dei i mellomtida. Særleg Lenka si historie er sterk. Gjennom henne får me innsyn i kva som skjedde med jødane i Praha. Me følgjer henne til ulike leirar og då ho etter kvart skal stabla livet sitt på beina igjen. Dette er inga lettvindt bok, men ei svært lærerik bok med mykje historisk stoff.

Omtrent samtidig med denne boka, fekk me òg inn Fortellingen i fiolinen. Ho handlar òg om andre verdskrig og jødane sin situasjon. Her følgjer me ei jødisk jente som klarer å komma seg ut frå Wien og blir tenestejente i England. Denne boka har ikkje dei same kvalitetane som Hele livet på en dag. Dersom du berre skal lesa ei av desse, vil eg anbefala Hele livet på en dag.
 
Anne

tirsdag 24. september 2013

Bøker om sjukdom


Bøker om sjukdom

I sommar hadde eg med meg to bøker heim som hadde sjukdom som tema: Kjersti Annesdatter Skomvold Monstermenneske og Linnea Myhre Evig søndag.

 

Den første boka, Monstermenneske, er ei sjølvbiografisk roman og handlar om ME. Eg hadde relativt høge forventningar til denne boka ut frå eit par bokomtalar eg hadde lese, eksempel på dette finn de her: http://www.nrk.no/kultur/monstermenneske-1.8376216   http://www.dagbladet.no/2012/10/29/kultur/bok/litteratur/litteraturanmeldelser/anmeldelser/24060474/

Sjølv om boka er på 600 sider, gjekk eg i gong med friskt mot. I starten tykte eg ho var interessant, men etter ein del sider med små hendingar og filosoferingar, så må eg innrømma at eg gjekk lei. Det blei for lite som skjedde. Nå er det kanskje eit av hovudpoenga, at har ein ME er det nettopp dei lange dagane og det at ingenting hender som er problemet. Slik sett er nok boka svært truverdig og gir eit korrekt bilete av denne lidinga.

Betre gjekk det dessverre ikkje då eg seinare på sommaren ga meg i kast med Evig søndag. Dette er trass alt ei kort bok på berre 190 sider. Linnea Myhre var visst ein kjent «sinnabloggar» frå før og skriv ei bok om dobbeltlivet, perfekt på bloggen, men store problem i forhold til mat i det verkelege livet. Denne boka var òg omtalt som ei viktig  og sterk bok: http://www.nrk.no/nyheter/kultur/litteratur/1.8283725 , sjølv om det blir sagt at boka ikkje har litterære kvalitetar. Det kan godt henda at boka er viktig, men ei sterk bok tykkjer eg ikkje det er.  Her blir det òg mange detaljar om lite som skjer. Denne boka lir mest av at me ikkje ein gong kjem nært inn på personen det handlar om, alt er ganske laust og overflatisk etter mi meining. Det er vel nærast blitt ein trend at «alle» bloggar om problema sine, men kan henda skal dette berre vera i bloggs form. Det krev nok ganske mykje meir å skriva ei roman. For lesaren er det vel òg enklare å ta inn litt etter litt om  detaljar om andre personar frå dag til dag enn det er å lesa det i eitt i ei bok.

Etter desse to bøkene begynte eg å lura på om eg er så kjenslekald og likegyldig til andre menneske at eg ikkje orkar lesa om sjukdommane deira. Eg tenkte: Har eg lese bøker om andre folks sjukdom før som eg har funne nyttige, interessante og gripande? Og det har eg faktisk. Eit par eksempel er Idas dans av Gunhild Corwin og  En dåre fri av Beate Grimsrud   Kva var forskjellen på desse bøkene og dei eg har omtalt over? Eg trur det var det at bilete blei heilare og større. Dei var ikkje like sentrerte om dei små detaljane i eige liv og filosofering rundt desse. Det var rett og slett meir handling. Og ikkje minst er Grimsrud si bok svært godt skriven. Ein kom tettare på henne som person og ho makta å gjera sitt eige indre meir interessant for lesaren(Iallfall for meg). Så ja, lesverdige bøker om sjukdom finst:
 
 

Anne

 

mandag 16. september 2013

Kroken og Kolden - krim


Kroken og Kolden: Døden kjem med bussen og Evig skal døden vere

Kroken og Kolden er frå Lom, og på mange måtar er desse bøkene like mykje heimstaddikting som krim. For oss som likar litt meir finsleg krim utan utbrodert råskap og røft språk, er dette kjekke krimbøker. Når ein i tillegg kan få med seg småhumoristisk bygdeskildring, var dette bøker som passa meg bra. Eg skriv om begge bøkene under eitt, fordi dei er ganske like, men ein bør lesa første boka først: Evig skal døden vere. Eit ekstra pluss er det at bøkene er lettleste og på nynorsk, så desse bøkene kan gjerne brukast for dei som ønskjer å lesa litt nynorsk litteratur. Begge er i pocketutgåve og svært greitt ferielesestoff.
Anne