Ellen Økland Blinkenberg: Min DNAgbok
Det er vel få område det har skjedd ei like stor utvikling
dei siste åra som innan genteknologi/bioteknologi. Dette er ei bok som både får
fram kva moglegheiter som er nå, som kanskje kjem etter kvart og eit kritisk
blikk på ein del av tilboda som kan komma. Ikkje minst er forfattaren kritisk
til manglande informasjon rundt «Mor-barn-prosjektet».
Boka er svært lettlesen til å vera ei fagbok innan dette
emnet, forfattaren skriv personleg og engasjert, ja, meir i dagbokstil. Her er
ikkje berre fakta om emnet, men òg filosoferingar rundt arv og miljø. Ho har i
tillegg intervjua ei rekkje personar om temaet og får slik fram litt ulike
synspunkt.
Alle ho intervjuar
spør ho om dei trur på Gud, ikkje fordi ho sjølv gjer det, men fordi ho kjenner
at det høyrer med når ein er inne på eksistensielle spørsmål. Mot slutten av
boka skriv ho om at ho vurderte å oppsøka MF for å samtala med nokon der om
etikk og bioteknologi, kanskje det kunne blitt ein god samtale, undrar ho. Men
så gjer ho det ikkje likevel fordi ho fryktar meir frontar og moralisme enn
dialog. Dette tykkjer eg er dumt. Boka hadde styrka seg på å ta med meir fagleg
etisk refleksjon. Frykta ho har for å bli sabla ned av tilsette på MF, trur eg
er ugrunna.
Elles er dette ei bok eg kan anbefala for dei som ønskjer å
setja seg inn i kor genforskinga står i dag, sjølv om ein fagleg etisk
refleksjon må hentast andre stader.
Anne
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar