Kroken og Kolden: Døden kjem med bussen og Evig skal døden
vere
Kroken og Kolden er frå Lom, og på mange måtar er desse
bøkene like mykje heimstaddikting som krim. For oss som likar litt meir finsleg
krim utan utbrodert råskap og røft språk, er dette kjekke krimbøker. Når ein i
tillegg kan få med seg småhumoristisk bygdeskildring, var dette bøker som passa
meg bra. Eg skriv om begge bøkene under eitt, fordi dei er ganske like, men ein
bør lesa første boka først: Evig skal døden vere. Eit ekstra pluss er det at
bøkene er lettleste og på nynorsk, så desse bøkene kan gjerne brukast for dei
som ønskjer å lesa litt nynorsk litteratur. Begge er i pocketutgåve og svært
greitt ferielesestoff.
Anne
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar