mandag 16. desember 2013

Forestillinger om et hjem


Linn Rottem: Forstillinger om et hjem

Dette var ei ubehageleg bok å lesa. Ikkje fordi det er så mykje fælt i ho eigentleg, men fordi boka får tydeleg fram at ein kan meina det godt, men gjera skade likevel.

I boka møter me ein liten familie, Hallvard som er skodespelar, Sara som er forlagsredaktør og 15 år gamle Agnes. Forteljarstemma byter på å ligga hjå Hallvard og Agnes. Sara kjem ut for ei ulukke og blir svært skada, så skada at lite tyder på at ho nokon gong blir seg sjølv igjen. Det er òg tvil om kor mykje ho får med seg av det som skjer rundt henne. Slik sett blir ho utan stemme.

 Hallvard bestemmer likevel at Sara skal flytta heim, ho skal vera ein del av familien fortsatt. Han prøver å ta dei rette vala. Men er dette dei rette vala? Dottera Agnes meiner òg dette er det beste, eller gjer ho det? Me kjem altså nær innpå far og dotter. Det er ikkje alltid det er like god samanheng mellom det dei seier og gjer og det dei eigentleg meiner. Forestillinger om et hjem blir difor ei bok som skildrar tankar ein gjer seg  om kva andre meiner og forventar, men ei «forestilling» er ikkje alltid rett.

Sjølv om eg i starten skriv at dette er ei ubehageleg bok, tykte eg det var ei god bok. Dette er faktisk ein situasjon som ein familie kan komma oppi, og boka gir difor eit realistisk bileta av dei dilemma dette kan gi.

Boka går raskt å lesa, 233 sider.

Anne

mandag 9. desember 2013

Jeg nekter


Per Petterson: Jeg nekter

Jim og Tommy har vore venner heile oppveksten. Dei er ulike som personar og har ulik bakgrunn, men veit likevel at dei alltid har einannan. Ei hending i slutten av tenåra endrar totalt på dette. Jim begynner å stilla seg spørsmålet om han held mål som venn? Må ein fortena vennskap?

Etter å ha levd utan kontakt i 35 år, møtest dei igjen i eit kort glimt. Boka startar med dette møtet, og me får livet deira i tilbakeblikk, samtidig som me ser at dette møtet får begge til å begynna å tenkja over livet her og nå.

Tematikken i boka er kanskje ikkje så original, men spørsmåla boka stiller til oss lesarar, hevar henne over bøker flest. I tillegg er språket uvanleg godt. Dette er ei av ei beste bøkene eg har lese på lenge.

Anne

mandag 2. desember 2013

Hyperpubertet


Vera Michaelsen: Hyperpubertet

Likar du å lesa om dumme foreldre, fjortis-jenter, uklok mobilbruk og kjendishysteri? Ja, då er dette boka for deg. Men mest av alt handlar boka om Camilla som ikkje er kommen særleg langt i puberteten, men som plutseleg opplever at alt skjer på ein gong og i giganttempo. Ja, rett og slett blir dette så unormalt at ho blir kjendis mot sin vilje.

Midt i alt strevar Camilla med forholdet til venner og med å finna seg sjølv. Kven er ho midt oppi alt som skjer med kroppen hennar og i alt virvaret som ho brått står i? Dette høyrest kanskje noko traurig ut, men det er det ikkje. Dette er ei underhaldande og morosam bok, lettlesen og godt skriven, men med ein viktig bodskap.

Og sist, men ikkje minst: Endeleg ei ungdomsbok der læraren er eit fornuftig menneske. Det tykte sjølvsagt eg  var eit pluss.

Anne

mandag 25. november 2013

Carmen Zita og døden


Karin Fossum: Carmen Zita og døden

Dette er ei litt annleis krimbok. Ja, det er ei kriminalsak som skal løysast, men boka er mykje meir enn det.

Carmen og Nicolai er eit svært ungt par. Ein dag druknar sonen deira, Tommy, i ein dam nær huset, eller gjer han det? Dette er sjølve krimsaka som etterforskar Sejer skal prøva å finna ut av.

Tommy var ein gut på 16 månadar med downs syndrom, og boka handlar mykje om dette. Koss er det å få eit barn med downs syndrom? Kva hjelp har desse unge foreldra fått? Koss reagerer folk rundt dei på barnet? Og kanskje er boka òg eit innspel i debatten om tidleg ultralyd og sorteringssamfunnet? Les sjølv og vurder.

Boka har i tillegg med nokre filosoferingar rundt tru og ikkje-tru. Me møter politibetjent Skarre. Han er kristen og god venn og medarbeidar av Sejer. Skarre framstår ikkje som nokon stor apologet akkurat, men eg tykte det var fint å lesa ei bok der ein med kristent livssyn blir gitt positive trekk og er framstilt som normal.

Slutten av boka var det eg likte minst. Men det er vel difor eg vanlegvis ikkje les så mykje krim, eg tykkjer som regel avslutninga blir det svake punktet i ei krimbok. Det er «det rundt» som fascinerer meg mest, medan det jo er sjølve krimgåta som er poenget å få avslutta.

Ei god bok på berre 217 sider!

Anne

 

mandag 18. november 2013

Tusen ulevde liv


Tomas Sjödin: Tusen ulevde liv

Sjödin er ein forfattar som har skrive mange bøker om det kristne livet, ikkje minst om det å vera kristen i møte med sorg og smerte. Eg var difor litt spent på koss han klarte seg over i romansjangeren. Og konklusjonen min er nok litt slik både og.

Boka handlar om pastor Bengt Erikson som «rømmer» frå kyrkjelyden sin. Etter at kona døydde har han slite meir og meir og nådd det punktet der noko må skje, noko må bli endra. Denne hemmelege ferien han nå tar, der han har tenkt å vera aleine og blant anna skriva, er noko han kjenner på som nærast livsnødvendig.

Så går det slik det ofte går, nemleg ikkje heilt etter planen, men i dette tilfellet faktisk i positiv retning. Sjølve romanforteljinga, ramma rundt, er på mange måtar heilt grei med humoristiske og varme skildringar, men ho forsvinn litt i forfattarens store og eigentlege prosjekt: å skriva om Birger Norman og livsvisdommen i forfattarskapen hans. Dette blir etter mi meining same fella som mange «kristne» romanforfattarar går i. Det teologiske prosjektet blir så viktig at det stel historia. Kvifor ikkje heller gi ut ei fagbok?

Norman sine tankar er sitert på svensk og er i tillegg av eit slag som krev tid og mogning. Eg tykte mykje var bra og interessant, men i romanform  tykte eg dette blei litt tungt. Dette går på forventningar ein har til ei bok. Eg sette meg ned for å lesa ei roman, men burde hatt tid og ro på meg som om eg las ei oppbyggeleg bok. Difor må du setja av tid dersom du skal lesa denne boka, då er det mykje godt innhald å få med seg. Men er du ute etter ei god roman, så vel heller ei anna bok.

Språkleg er boka god samanlikna med andre bøker i same sjanger.

Anne

mandag 11. november 2013

Motstanderne


Arne Norlin og Andreas Palmaer: Motstanderne

Dette er første boka i serien Fans!, ein ny fotballserie for ungdom. Tove og Noel har akkurat blitt kjende med kvarandre, begge elskar fotball, men problema oppstår når det viser seg at dei heiar på ulike lag. Ikkje berre er laga ulike, men dei er erkefiendar. Dette skapar sjølvsagt vanskar for vennskapen.

Kanskje blir dette eit noko enkelt problem, iallfall for oss som ikkje er fotballnerdar, til å skapa så store konfliktar som i denne boka. Elles går boka greitt inn i sjangeren fotball-kjærleik-drama, og er det det du likar å lesa om, vil du lika denne boka.

Slutten er litt «teit» i følgje ein lesar, og det kan eg vera einig i. Dette er første boka i ein triologi, og til forskjell frå det som er vanleg i seriar, er ikkje denne  bok avsluttande. Det gjer at ein sit noko spørjande igjen og må venta på neste bok.
Anne

tirsdag 5. november 2013

Min DNAgbok


Ellen Økland Blinkenberg: Min DNAgbok

Det er vel få område det har skjedd ei like stor utvikling dei siste åra som innan genteknologi/bioteknologi. Dette er ei bok som både får fram kva moglegheiter som er nå, som kanskje kjem etter kvart og eit kritisk blikk på ein del av tilboda som kan komma. Ikkje minst er forfattaren kritisk til manglande informasjon rundt «Mor-barn-prosjektet».

Boka er svært lettlesen til å vera ei fagbok innan dette emnet, forfattaren skriv personleg og engasjert, ja, meir i dagbokstil. Her er ikkje berre fakta om emnet, men òg filosoferingar rundt arv og miljø. Ho har i tillegg intervjua ei rekkje personar om temaet og får slik fram litt ulike synspunkt.

 Alle ho intervjuar spør ho om dei trur på Gud, ikkje fordi ho sjølv gjer det, men fordi ho kjenner at det høyrer med når ein er inne på eksistensielle spørsmål. Mot slutten av boka skriv ho om at ho vurderte å oppsøka MF for å samtala med nokon der om etikk og bioteknologi, kanskje det kunne blitt ein god samtale, undrar ho. Men så gjer ho det ikkje likevel fordi ho fryktar meir frontar og moralisme enn dialog. Dette tykkjer eg er dumt. Boka hadde styrka seg på å ta med meir fagleg etisk refleksjon. Frykta ho har for å bli sabla ned av tilsette på MF, trur eg er ugrunna.

Elles er dette ei bok eg kan anbefala for dei som ønskjer å setja seg inn i kor genforskinga står i dag, sjølv om ein fagleg etisk refleksjon må hentast andre stader.

Anne

mandag 28. oktober 2013

Brobyggerne


Jan Guillou: Brobyggerne

Dette er ei bok som eg i første omgang ikkje hadde valt meg ut sjølv, men etter tips frå ein kollega, har eg lese ho i sommar. Og  ja, dette var ei interessant bok.

Tre gutar veks opp i fiskeværet Osterøya, men som så mange andre, blir dei tidleg farlause. Dei blir sende inn til onkelen i Bergen for å brødfø seg sjølv. Litt tilfeldig blir deira evne til båtbygging oppdaga, og det blir bestemt å gi dei ingeniørutdanning i Tyskland. Målet er at dei skal komma tilbake og bygga jernbane mellom Bergen og Oslo.

Boka gir eit innsyn i det imponerande slitet og utfordringa det var å bygga jernbanen mellom Bergen og Oslo, og den framtidstrua som rådde i starten av 1900-talet. Nå har me komme så langt at krig er gammaldags og ikkje aktuelt, meinte mange. Me veit jo kva som skjer, første verdskrig er ikkje langt unna. Ikkje minst gir boka eit fokus på første verdskrig som iallfall for meg var ganske ukjent, nemleg krigen i Afrika. Her blir det rokka med førestellingane me kanskje har på førehand om kven som var gode og vonde.

Er du historisk interessert, er det berre å setja i gong og lesa. Dette er første bind i ein historisk romanserie. Neste bok i serien  er Dandy.

Anne

mandag 21. oktober 2013

Verdens ende


Ketil Bjørnstad: Verdens ende

Aslak Timbereid er aleinefar og skal følgja dottera, Emma, opp til mora til Helgeland. Planen er at Emma skal vera der i haustferien. Men det endar tragisk med at Emma blir skada på flyet og døyr. Kven si skuld er dette?

Sjølve handlinga er altså opp i dagen og raskt avklara, men kva skjer med dei som lever vidare? Boka tar opp tema som mobbing, hemn, vondskap, skuld og hat, men handlar og om forsoning og det å leva vidare etter eit stort tap.

Eg tykkjer dette er ei god bok om desse tema. Ein følgjer i første rekke hovudpersonen Aslak Timbereid ut over i romanen, men får i tillegg sjå koss mora prøver å komma vidare. Eitt av tema eg nemner over tenkjer de kanskje at ikkje passar inn med handlinga elles, nemleg mobbing. Dette er likevel fletta inn i boka på ein fin måte. Emma har på skulen blitt utestengd utan at dei vaksne har greidd å gjera noko med det. Boka får godt fram kor hjelpelaus ein som foreldre då kan kjenna seg. Koss taklar skulen at ein av elevane som er blitt mobba er død?

Eg har ikkje lese noko av Bjørnstad før, men denne boka var så god at det fekk eg lyst til å gjera.

 Boka er på 306 sider.

Anne

tirsdag 15. oktober 2013

Charliblogg


Eldrid Johansen: Charliblogg

 

Det har vore mange debattar rundt bokblogging, både på Facebook og på bloggane. Difor er det kanskje aktuelt med ei bok som nettopp er om blogging, men på ein heilt annan måte. Bloggen i denne boka får alle våre til å verke som konstruktive og av god kvalitet, for er det ei som ikkje har følgt god folkeskikk, er det Charlotte i boka til Eldrid Johansen.

Charlotte flyttar frå byen til ein utkantsstad i Noreg, og velkomsten ho får kan ein ikkje akkurat seie at er av den hyggjelege versjonen. Det er veldig typisk, når det er flytting i ungdomsromanar. Den som flyttar blir veldig sjeldan teken godt i mot i slike bøker, og eit klassisk eksempel er "stå-framfor-klassen-og-presenter-deg."

 

Alle stirrer undersøkende på meg. Måler meg fra øverst til nederst. Selvfølgelig. (...) Jeg hadde garantert gjort det samme selv. Hvem er det som kommer hit og tror hun kan bli en av oss, tenker de sikkert. (...) Jeg mumler "hallå" og blir stående rådvill. Med det samme jeg sier det, hører jeg hvor overdrevent østlandsk det høres ut. Hvorfor sa jeg ikke bare "hei"?
- Vil du fortelle oss litt om deg selv, Charlotte? spør Solgunn.
- Ja begynner jeg. Stemmen min er svak. Jeg må kremte for å tvinge den på plass. - Jeg heter Charlotte Jansen, kommer fra Norge, og jeg liker å dan...
Høye stønn fra overalt i rommet. Jeg blir stående forvirret og vente. - Eh...
- Vi kommer også fra
Norge, sier Solgunn, med smilende munn, men med et glimt av noe annet i øynene.

 

Det er sikkert mange som kjenner igjen denne scenen frå andre bøker - og filmar - og det er ein veldig klassisk scene. Ein forstår at Charlotte kjem til å dumme seg ut, at dei kjem til å stønne høgt og at dette øydelegg heile inntrykket deira av henne og hennar inntrykk av dei. Slik held det fram. Allereie første friminutt får ho kjenne på utestenging og mobbing.

 

 Etterkvart som Charlotte blir buande på staden, og får merke meir av mobbinga, startar ho sin eigen blogg, Charliblogg, kor ho disser alt og alle i bygda. Særleg er det Josefine som får gjennomgå, jenta ho sit på sida av og som er den absolutt verste mobbaren på skulen. I tillegg er ho dottera til inspektøren på skulen. Josefine er ein karakter eg synes verkar veldig stereotyp. Dette gjeld òg for ein del andre personar i boka. Likevel liker eg ideen om bloggen, og eg synes det er eit viktig tema å ta opp. Det handlar om kva du kan legge ut på internett, og kva du ikkje kan legge ut på internett.  Johansen tar dette med blogging litt på kornet, og Charlotte er ein interessant karakter å følgje. Det at Charlotte både er eit mobbeoffer og ein mobbar - over nettet - gjer at boka med eitt blir meir interessant enn kva ho kunne ha vore.

 

Boka er velskriven, og eg trur denne ungdomsboka vil falle i smak, særleg hos ein del jenter.

Mai Lene