Per
Petterson: Jeg nekter
Jim og
Tommy har vore venner heile oppveksten. Dei er ulike som personar og har
ulik bakgrunn, men veit likevel at dei alltid har einannan. Ei hending i
slutten av tenåra endrar totalt på dette. Jim begynner å stilla seg spørsmålet
om han held mål som venn? Må ein fortena vennskap?
Etter å ha levd utan kontakt i 35 år, møtest dei igjen i eit
kort glimt. Boka startar med dette møtet, og me får livet deira i tilbakeblikk,
samtidig som me ser at dette møtet får begge til å begynna å tenkja over livet
her og nå.
Tematikken i boka er kanskje ikkje så original, men
spørsmåla boka stiller til oss lesarar, hevar henne over bøker flest. I tillegg
er språket uvanleg godt. Dette er ei av ei beste bøkene eg har lese på lenge.
Anne
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar