fredag 1. mars 2013

Den tomme stolen


J.K.Rowling: Den tomme stolen


Rowling er kjent som forfattaren bak fantasy-serien Harry Potter. I denne boka skriv ho realisme for vaksne.  Me er i ein småby/tettstad i England(Pagford), men avstanden til byen(Yarvil) er ikkje stor. Midt mellom her ligg fattigområdet, Fields. Desse menneska som lever her, har Pagfordfolka fått ufrivillig tett innpå seg. Barna går på skule i Pagford, og det er i tillegg ein rusklinikk i «deira» bygg. I det siste er det likevel krefter, òg i Yarvil, for å få Fields inn under Yarvil sitt ansvarsområde. Dette og utleige av bygg til rusklinikken skal soknerådet uttala seg om, men før dei kjem så langt, døyr ein markert person i soknerådet: Barry Fairbrother. Kven skal ta plassen etter han? Det er blitt ein tom stol.

Ut over i romanen ser me at Barry Fairbrother ha vore ein svært spesiell person. Det er mange som opplever at det forsvinn noko grunnleggande i livet deira når han døyr.  Me får innsyn i fleire heimar og mange liv. Rowling nyttar ein allvitande forteljarmåte og me blir kjent med mange, særleg kvinner, sine tankar og draumar. Det er mykje trist i denne boka, mange som opplever at livet ikkje blei slik dei håpa på. Alt er ikkje slik det ser ut frå utsida. Og det er kanskje her Rowling sitt forteljartalent er, ho viser at livet ikkje er svart/kvitt. I tillegg tykkjer eg ho minner oss på det ansvaret me har som enkeltmenneske.

I starten av boka er det mange namn og det tar litt tid å få oversikt og å komma inn i boka, men Rowling skriv godt og er dyktig i menneskeskildringane.  Mykje av handlinga er lagt til røffe miljø, og språket ber preg av det. Men eg likar å lesa bøker der forfattaren ønskjer å seia oss noko ut over å underhalda,  så dette er absolutt ei bok eg kan anbefala.

Anne

fredag 22. februar 2013

Hunger


Harald Rosenløw Eeg: Hunger

Endeleg blir det omtale av ei ungdomsbok igjen! Bak på omslaget står det:» En uhyggelig kjærlighetshistorie». Eg kan skrive under på at boka gir ei uhyggeleg stemning, men tykkjer ikkje dette er ei typisk kjærleikshistorie. Eg er heller ikkje sikker på at eg forstod alt i denne boka, men det skal ein vel kanskje ikkje alltid gjera. Då eg las boka tenkte eg: Er det hovudpersonen, Marius,  eller verda som er gal?

Marius bur i Tønsberg saman med mor, far og broren Sven. Broren har «stått opp frå dei døde». Han har altså vore alvorleg sjuk, men er blitt frisk igjen. Sven har fått mykje merksemd og mange gåver på grunn av sjukdommen medan Marius heime blir oversett og ute blir sett rart på som «broren til sjuke Sven». Det verkar ikkje som om Marius har venner før det flyttar inn ein gut i naboleilegheita, Kai. Kai og Marius leikar i ei fantasiverd, men blir leiken etter kvart verkelegheit?

Etter kvart blir foreldra skilde og det blir bestemt at Marius blir med mora. Det går heller ikkje så bra med han på den nye staden, så han bestemmer seg for å reisa tilbake til faren i Tønsberg. I mellomtida har faren blitt ein sjølvopptatt helse- og handlefrik. Marius prøver å rydda opp i det som blei vanskeleg før han reiste, og går i gang med friskt mot. Ein lærar prøver å hjelpa han, men leikar sjølv terapeut i staden for å senda Marius vidare i systemet.

Boka vekslar mellom å skriva om Nå og Da. Det er ei ganske sår bok som kanskje i første rekkje handlar om å ikkje bli sett. Likevel tykkjer eg denne boka hamnar i same grøfta som mange ungdomsbøker : foreldre og lærarar er hjelpelause, heilt utan sunn fornuft og sjølvopptatte.  Eg håpar jo i det lengste at denne stereotypien ikkje stemmer heilt på oss?

«Hunger» blei nominert til Brageprisen for beste ungdomsroman i 2012. Her er grunngjevinga frå juryen:

"Harald Rosenløw Eeg har skrevet en medrivende psykologisk thriller. Marius kommer tilbake til Tønsberg etter å ha vært borte en stund. Hva har skjedd? Eller har det egentlig skjedd noe? Hva er sant og hva er bare fantasier i Marius sitt hode? Dette er historien om en ung gutt og hans verden som er i ferd med å falle fra hverandre. Gjennom et intenst språk kommer vi tett på Marius og hans sinn, men Hunger gir ingen svar. Den provoserer med sin åpenhet, men trigger samtidig til diskusjon. God litteratur engasjerer, forfører og stiller spørsmål. Hunger er en slik bok."

Les gjerne òg omtalane under:



Anne

 

onsdag 6. februar 2013

Extremely loud and incredibly close


Jonathan Safran Foer: Extremely loud and incredibly close

 

Hendingane i denne boka foregår i storbyen New York. Det er Oskar som er hovudpersonen, ein gut på åtte eller ni år som mista faren sin i terrorhandlingane 11. september 2001. I ettertid har Oskar slite og han bruker metaforar som "wear heavy boots" og "white clothes" for å skildre korleis han har det, men på andre område er han ein unormal, oppvakt gut, og eg vil seie at han er ei miniatyrform for rektor Humlesnurr i Harry Potter. Oskar skriv brev til Stephen Hawking utan særleg hell (og alle svara er like). Han skriv brev til andre og spør om å få vere assistenten deira i diverse forsking, og han finn opp diverse nye ting før han sovnar. I tillegg er han glad i å snakke fransk og lese i faktabøker om forskjellige rare fenomen. Oskar er ateist, men han er òg i mot banning, noko som kan gi utruleg mange rare ord når han er sint. 

 

Plottet i boka dreier seg om ein nøkkel Oskar fann i faren sine saker, og det går ikkje lenge før han knyter etternamnet Black opp til nøkkelen. Nå er det likevel slik at det i New York er 162 millionar stader der denne nøkkelen kan passe, men "heldigvis" er det bare 417 personar i byen som heiter Black til etternamn. Kvar søndag reiser Oskar ut på eventyr for å snakke med alle personane med Black som etternamn, og etter kvart får han seg òg ein medhjelpar.

 

Parallelt med historia om Oskar får me følgje bestemora, mora til faren, og den lenge sakna bestefaren til Oskar. Begge skriv brev og dagbok om tidligare hendingar, bestemora til Oskar og bestefaren til faren til Oskar. Dette gjer at lesaren heile tida sit med litt meir informasjon enn hovudpersonane. Boka er fenomenal og plottet er fantastisk. Eg plar å seie at hadde eg vore ti år yngre hadde eg vore forelska i denne guten. Trass i at faren er død, er han på mange måtar livsglad, sjølv om han er ein pessimist. Boka er kjempebra skriven, og den manglar faktisk ein del avsnitt, men det gir ein effekt som gjer at me forstår meir korleis samtalar utspelar seg. 

Det er òg heile sider med teikningar eller bilete i boka, så for dei som liker dette, kan dette vere ei morosam, men bra bok.

 

Bare sånn heilt til slutt, slik ser standarsvaret ut som Oskar får tilbake fire gonger frå Stephen Hawking

Thank you for your letter. Because of the large
volume of mail I receive, I am unable to write
personal responses. Nevertheless, know that I
read and save every letter, with the hope of one
day being able to give each the proper answer it
deserves. Until that day,
Most sincerely,
Stephen Hawking

 

Men til slutt...

 

Mai Lene

 

onsdag 30. januar 2013

Natten drømmer om dagen


Ingvar Ambjørnsen: Natten drømmer om dagen

Sune er ein mann som ikkje finn seg til rette blant andre menneske. Han trivst best aleine på vandring frå hytte til hytte i fjellheimen. Her lever han av det han fangar og finn ute i naturen, eller av det andre har sett igjen på hyttene sine. Det er eigentleg utruleg at ein mann som sit i ein storby som Hamburg og sjølv er avgrensa i frå større fysisk aktivitet på grunn av kols, kan skriva så detaljert og nært om naturopplevingar i den norske fjellheimen. Sjølv seier han i eit intervju: «Nå har du skrevet en hel bok om alt det du selv ikke lenger kan gjøre».

Men Sune klarer ikkje heilt å unngå menneska rundt seg. Han har kjente som forventar tenester av han, og som han òg sjølv treng for å ha litt pengar å rutta med. Etter kvart dukkar det òg opp ei ung kvinne. Har han ansvar for henne? Sune blir med andre ord dregen mellom trongen til aleineliv og banda han har til menneska rundt seg. Denne sære personen og menneske som er annleis, er Ambjørnsen veldig dyktig til å skildra. Språkleg er dette ei bok å nyta.

Les gjerne òg intervju med forfattaren på: http://www.nrk.no/nyheter/kultur/litteratur/1.8330877

Anne

fredag 18. januar 2013

Alene sammen


Abraham Verghese: Alene sammen

Alene sammen er ei stor bok. Det er ei bok for dei som er interesserte i kirurgi, for alle som er interesserte i Etiopisk historie, ei bok for dei som har misjonærbakgrunn og ikkje minst ei bok for alle oss som likar ei god og lang familiehistorie. Boka er stor, òg i omfang, med 776 sider.

Verghese har tidlegare utgitt fagbøker, og fagmennesket skin godt igjennom i denne boka. Eg må nok innrømma at eg las litt fort over detaljerte kirurgiske opplysningar,  men det ga eit lite innsyn i eit ukjent miljø for meg. Heilt bak i boka har forfattaren i tillegg skrive ned kva som er faktiske hendingar og personar og kva som er oppdikta.

Men i første rekkje er dette ein roman om tvillingane Shiva og Marion og deira oppvekst på eit misjonssjukehus i Addis. Dei er einegga tvillingar, men relativt ulike likevel. Mora døyr under fødselen og faren stikk av. To medarbeidarar av foreldra på sjukehuset tar over foreldreansvaret. Tvillingane er frå starten av svært avhengige av kvarandre og opptrer ofte som ein person. Det at tvillingane både er like og samtidig forskjellige, skapar etter kvart konfliktar.  Men kanskje er dei fortsatt meir avhengige av kvarandre enn dei i utgangspunktet trur sjølv? Ei roman om store kjensler og dramatiske hendingar.

Boka er ikkje inne på biblioteket ennå, men er bestilt.

Anne

onsdag 9. januar 2013

Maleren fra Shanghai


Godt nytt år!

Då er me i gong med nytt leseår. Ta gjerne ein kikk på sida over nye bøker for å sjå kva me har fått inn etter jul.


Dessverre blir det utan bilete av boka , fordi dette ikkje fungerte i dag.
Jennifer Cody Epstein: Maleren fra Shanghai

Pan Yuliang, «Maleren fra Shanghai», blei fødd i Kina i 1899 og døydde i Paris i 1977. Foreldra døydde tidleg, og ho vaks opp hjå ein opiumrøykande onkel. Onkelen kom i stor gjeld og selde henne til eit bordell då ho var 14 år gammal. Etter ei stund blei ho berga derifrå av Pan Zanhua. Han gifta seg med henne og ho blei  andrekona hans. Det viste seg at Pan Yuliang hadde talent for maling, og ho blei ikkje minst kjent for aktmaleria sine, som ofte er sjølvportrett. Desse maleria skapte stor debatt i Kina og etter kvart blei det umogleg for henne å arbeida der. Ho reiste til Frankrike i 1937 og budde der resten av livet. Dette er altså faktaopplysningar om Pan Yuliang. Boka bygger på desse, men er elles fri fantasi, i følgje forfattaren sjølv.

Som de forstår, er dette ei veldig spesiell historie. Ei historie som både er grusom og fin på same tid. Det som er fint å lesa om, er måten Pan Yuliang blir berga ut frå eit øydeleggjande, fornedrande og håplaust liv og til eit liv med meining. Boka kjem i tillegg inn på kampen for å vera ein «fri» malar. Eg tykkjer òg det er interessant å lesa om brytningane politisk og samfunnsforholda i Kina på denne tida.
Anne

 

onsdag 19. desember 2012

God jul

Då vil me ønska dykk ei riktig god jul! Kom gjerne innom og lån med noko godt lesestoff til juleferien. Siste bokomtale for i år, er ei krimbok:


 Johan Theorin: Nattefokk

 Hovudpersonen i Nattefokk er Joakim Westin. Saman med kone og barn har han flytta til garden Åludden på Öland, og planane for den gamle garden er mange. Likevel går nesten aldri planar slik du vil, og aller minst i bøker. Spenninga i boka heilt frå første side, og Theorins vage hinting om at noko skal skje, gjer at her forstår ein at noko skal gå gale. Ein dag når Joakim reiser til Stockholm for å hente eit gammalt arvestykke, skjer det utenkelege. Politiet slår på tråden.

"Jeg er i Stockholm," sa han. "Eller på vei herfra... jeg er utenfor Södertälje."
"Så du er på vei ned til Öland?"
"Ja," sa han. "Jeg har med meg det siste flyttelasset fra huset vårt i Stockholm." Han ville virke klar og tydelig og få politikvinnene til å begynne å svare på spørsmål. "Kan du fortelle hva som har skjedd? Er det noen av..."
"Nei, avbrøt hun. "Jeg kan ikke si noe. Men det hadde vært fint om du kom hit så fort som mulig."
"Er det..."
"Hold fartsgrensen," sa politikvinnen og brøt forbindelsen.


Dette er bare ein av to samtalar i bilen, og Joakim får livet snudd opp ned. Kona er død, han har to ungar som skal følgjast opp utan Katrine, og sjølv er han knust av sorg. Planane for garden blir lagt til side, og mykje av tida går med til å finne ut kvifor Katrine gjekk ut på steinane den dagen ho drukna.

Gerlof Davidson, som me får bli godt kjent med i første boka til Theorin, er sjølvsagt òg med, og han prøver så godt han kan å fortelje politikvinna, som han er grandonkel til, om farfaren hennar, samstundes som han tenkjer på dødsfallet til Katrine Westin. Parallelt med denne historia får me òg lese Mirja Rambe, mor til Katrine, si historie, og historiene som går om at det spøker på Åludden, skaper rykte på Öland. Til og med Joakim får kjenne på dette, og typiske ting som hemmelege rom  og at låste dører plutseleg er opne er ingrediensar i denne boka. Ein kan nesten ta og føle på heile stemninga.

Den tredje gruppa med personar i denne historia er tjuvane Henrik, Freddy og Tommy. Freddy og Tommy oppsøker Henrik for å få han med på nokre tjuveri som i utgangspunktet skal vere ufarlege. Öland blir nok ein stad kor tjuvar herjar, og menneske blir skada i jakta på verdisaker. Den natta når fokket kjem inn over Öland, natta til julaftan, møtes alle personane i boka i ein blodig samanstøyt. Nattefokk er fantastisk spennande og til å få mareritt av.

Theorin sine bøker gjer at ein sit og tenkjer: "Korleis skal han få alt dette til å gå saman? Kor vil han hen?" Likevel er det noko som driv ein vidare gjennom sidene og bøkene. Språket er ikkje avansert, men veldig bra, og ein les ikkje om Öland, ein er på Öland i desse bøkene. Han har heller ikkje mange stereotype karakterar slik som mange andre krimromanar og krimseriar har. Det er få av desse, og ein forfattar som klarer å skape karakterar som er realistiske i ei historie som er på grensa til urealistisk, er bra. Nå seier eg ikkje at Theorin skriv innanfor fantasysjangaren, men han skriv litt urealistisk etter mi meining, og han har med litt overnaturlege faktorar, som spøkelse, i bøkene sine. Likevel kjenner me oss igjen i karakterane og får eit sterkt ønske om å møte dei "face to face".

Personleg liker eg best Gerlof Davidson, den gamle mannen som hjelper til med mysterium og har mange historier å kome med om det meste. 

Mai Lene

onsdag 12. desember 2012

Et brustent halleluja


Tomas Sjödin: Et brustent halleluja

Ein noko uvanleg tittel, som iallfall gjorde meg interessert i denne boka. Sjödin presenterer her eit djupare innhald i ordet halleluja enn det eg har lagt i dette ordet frå før. Eg likar bøker som kan fornye og gi meg noko å tenkja vidare på. Det gjorde denne boka.

Elles kan ein vel seia at boka spring ut av to personlege erfaringar. Sjödin har nett mista sitt andre barn i sjukdom og han har ei sterk oppleving ein sundag han er ute i byen og høyrer kyrkjeklokkene ringa. Kvifor blir han så sterkt bevega av kyrkjeklokkene? Kva skjedde? Dette vil han finna ut av. Boka blir difor òg ei bok om kyrkjeklokker, men der dette blir flette inn i og brukt som illustrasjonar på det kristne livet. Sjølvsagt har boka òg med seg den mørke klangbotn etter å ha mista to barn, men boka er ikkje dvelande ved sorg og sakn, men gir meir tankar om det å leva det kristne livet, midt i både det gode og vonde som livet kan by på.

Eg er nok innimellom ikkje heilt med på fascinasjonen og interessa for kyrkjeklokker, men boka har andre sider som absolutt gjer ho verdt å lesa. Sjødin skriv i tillegg lett og godt.

Anne

onsdag 5. desember 2012

Adventstid


 
Kanskje er du av dei som berre tenkjer på Nrks julekalender eller pakkekalender når du høyrer snakk om advent og kalenderar, men det finst òg adventsbøker, med eit kapittel for kvar dag. Kva er kjekkare enn å samlast rundt ei god bok i adventstida? (Bøkene kan sjølvsagt lesast på eiga hand òg). Dei to bøkene eg vil nemna i dag, får i tillegg tankane inn på det som jula faktisk handlar om.

Jostein H. Sandsmark: Mysteriet med Morgenstjernen

Boka handlar om guten Arve som plutseleg begynner å få mystiske e-postar. Avsendaren er «Veiviseren», men kven er han? Kva skjuler seg i den underlege historia om «Morgenstjernen» som «Veiviseren» fortel?

Kvar dag kan ein følgja Arve når han jaktar på avsendaren og løysinga på mysteriet.

 

Neste bok er Jostein Gaarder si Julemysteriet. Dersom ein har lese denne først, framstår dessverre Mysteriet med Morgenstjernen som keisam. Mysteriet i denne boka er meir undrande og betre fortalt.

 I Julemysteriet blir me kjent med Joakim som er ute i siste liten med å få seg adventskalender. Han finn ein gammal kalender hjå ein eldre bokhandlar. Denne kalenderen viser seg å innehalda små papirlappar med ei historie. Historia handlar om Elisabeth som spring av garde midt i julehandelen og blir borte, men som eigentleg berre har blitt med på ei reise til Betlehem. Denne reisa må gå føre seg både geografisk og i tid for å nå fram til at Jesus blir fødd. Joakim grublar og blir fasinert over det han les og må til slutt løysa sin del av mysteriet.

 Dessverre har me ikkje denne siste boka på biblioteket her, og eg brukar ikkje å omtala bøker me ikkje har, men eg gjer eit unntak for denne boka. Kos dykk i adventstida, og gjerne med ei god bok!

Anne

onsdag 28. november 2012

Balanse


 
 
Thorvald Steen: Balanse

Me høyrer ofte om dårlege opplevingar ulike menneske har i møte med helsevesenet, ikkje minst om kva mange erfarer på sjukeheimar rundt om i landet. Denne boka fører oss på innsida av ein sjukeheim og livet der, sett med auga til eg-personen, som er yngst blant bebuarane. Han er av dei få som er heilt klar i hovudet, men som på grunn av ein muskelsjukdom må bu der. Korleis er kvardagen? Korleis opplever han personalet? Korleis opplever han å bu på dobbeltrom? Dette skriv han om i eit fiktivt brev til dottera, Selma, som bur i Cape Town.

Forfattaren lir sjølv av ein muskelsjukdom og har difor god innsikt i emnet. Dette er tredje boka han skriv om denne personen. Første boka: Vekten av snøkrystaller , handlar om då han var ung og sjukdommen blei oppdaga. Andre boka: Det lengste svevet, tar for seg den vaksne personen. Kan han som har ein kronisk sjukdom og bare vil bli verre, satsa på kjærleik og framtid? Og altså , nå i siste bok, har kroppen svikta og han er plassert på sjukeheim. Bok nummer to har eg ikkje lese ennå, men det skal eg gjera, for eg tykkjer Steen skriv på ein måte som gjer at ein kjem nært inn på eg-personen, og han  gir oss eit realistisk bilete av det å få og leva med ein kronisk sjukdom. Første boka er katalogisert som ei ungdomsroman, men som vaksen har ein stor nytte av å lesa ho. De treng likevel verken lesa bok ein eller to for å gå laus på Balanse.

Det eg tykkjer kjem godt fram i boka Balanse, er at opplevinga me har med helsevesenet handlar mykje om personen/personane me møter på. Korleis blir me møtt som menneske? Difor meiner eg dette er ei viktig bok, ikkje minst for dei som arbeider/skal arbeida i helsesektoren. Ein kan òg seia at boka handlar om menneskeverd.

Les gjerne omtalane under:
http://www.dagsavisen.no/kultur/alle-anmeldelser/bokanmeldelse/besk-humor-fra-pleiehjemmet/


Søk gjerne opp intervjuet med forfattaren som stod i Vårt Land 25.08.2012: Balansegang på tallet tre

Anne