fredag 1. juni 2012

Maya


Isabel Allende: Maya

Dette er ei kjekk bok å ta med på ferie, men ho er nok mest for jenter/damer. Allende skriv som alltid frodig og med mykje chilensk krydder.

Maya Vidal har vakse opp i California hjå besteforeldra. Bestemora er frå Chile og bestefaren er afroamerikansk. Dei gir barnebarnet ein heller utradisjonell oppvekst, sett med amerikanske auge. Då bestefaren dør, fell verda i saman både for bestemora og Maya, og for Maya går det riktig ille. For å redda Maya, sender bestemora henne til landsbygda i Chile, med mål om at ho skal få ein ny start i livet.

Boka vekslar mellom å fortelja om oppvekst, perioden då det går bratt nedover og livet på øya Chiloé i Chile. Mest spennande, men òg verst, var det å lesa om då ho levde på «livets skuggeside». Landsbylivet i Chile blir òg godt skildra, men blir kanskje vel langdrygt? Eg tykkjer likevel det er interessant å få innsyn i chilensk liv og kultur.

Men aller mest likar eg nok boka fordi ho så sterkt får fram verdien av familie. Den er aldri utan håp som har ein familie som bryr seg!

Boka er på 398 sider.
Anne

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar