mandag 11. juni 2012

Jeg skal gjøre deg så lykkelig


Anne B. Ragde: Jeg skal gjøre deg så lykkelig

Denne boka kom i haust og eg har tenkt at det sikkert er ei passe grei bok til å ha med seg i ein eller annan ferie. Nå har eg altså endeleg fått lese ho, men eg må dessverre seia at dette ikkje er ei bok som engasjerer meg noko særleg.

Ragde skildrar familiane i ei blokk i Trondheim på 60-talet. Blokka har fått namnet: Ungdommens Egen Heim, og dette var visstnok namnet på blokka Ragde sjølv budde i då ho vaks opp. Boka er likevel ikkje ein sjølvbiografi, men gir meir Ragde sitt tidsbilete av 60-talet og moderniseringa som startar då. Skildringa av gleda over alle nye hjelpemiddel som etter kvart kjem og den store endringa mange opplever i forhold til eigen oppvekst, er interessant.

 I tillegg får ein presentert familiestrukturen med barn, (eller mangelen på barn), heimeverande koner og menn som slappar av med sitt etter arbeidsdagen er slutt. Ragde tar for seg kvar familie i alle leiligheitene i oppgangen. Me blir ikkje bare ein tilskodar eller kikkar, men kjem nært innpå og får innblikk i kva dei tenkjer og opplever. Men det er i dette eg tykkjer Ragde skildrar personane for stereotypt. Kort fortalt så er kvinnene anten opptatt av å gjera husarbeidet betre enn dei rundt seg,  og/eller dei er mest opptatt av koss dei skal få ein mest behageleg og avslappande dag. Mennene kjem heim frå arbeid, men dei tenkjer ikkje noko på det etter dei kjem heim. Nei, dei er stort sett opptatt av Vietnamkrigen og (det manglande) sexlivet. Boka har etter mi oppfatning ikkje noko handling eller  driv.

Les gjerne boka om du likar å mimra over ting og tang på 60-talet, eller om du treng fleire argument for kvifor kvinne bør ut i arbeid. Familielivet på 60-talet blir ikkje akkurat glorifisert.

Anne

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar