onsdag 19. juni 2013

God sommar!

Då vil me ønskja alle ein god sommar. Kom gjerne innom før ferien og lån med deg ei bok eller fleire. Skulle du lesa nokre gode bøker i sommar som me ikkje har inne, er det fint om du tipsar oss om desse når me startar opp til hausten. Eg har iallfall planar om å kosa meg mykje med godt lesestoff i ferien. Her er noko av det som står på mi "leseliste":

               Skjønnlitteratur: Det syvende barnet, Den usynlige broen, Forestillinger om et hjem, Brobyggerne, Døden kjem med bussen, Monstermenneske, Hele livet på en dag, Det siste du skal se er et ansikt av kjærlighet.

               Sakprosa: Vi som elsket Jesus - og fortsatt gjør det, Opptegnelser fra Jerusalem, Det er ikke mer synd på deg enn andre, Min islamske reise, Min DNAgbok.

Så då er det berre å gle seg til sommaren!
Anne

fredag 14. juni 2013

Tschick - Adjø, Berlin!


Wolfgang Herrndorf: Tschick – Adjø, Berlin!

Dersom du vil ha ei småmorosam bok som likevel kan seia nok fornuftig om viktige sider ved livet, er dette ei bok eg kan anbefala for ungdom, men faktisk òg for godt vaksne. Ein av fordelane med å vera bibliotekar, er at eg får lese ein god del bra ungdomsbøker som er underhaldande for oss vaksne òg.

Mike Klingenberg har ei alkoholisert mor, ein far som er mest interessert i sekretæren, bur i eit flott hus, er avstandsforelska i Tatjana i klassen, men har ingen venner. Sommaren står for tur, mora skal på avrusing, faren på «konferanse» og dei fleste andre i klassen er invitert på fest til Tatjana. Det er ikkje vanskeleg å sjå at dette ikkje er nokon god start på ferien. Det er då Tschick dukkar opp. Ein innvandrande russerunge som har gått i same klasse, men som Mike til då har prøvd å skygga unna. Sjølv om Tschick ytre sett er ein tapar, har han absolutt kvalitetar som kjem fram etter kvart. Mike og Tschick drar av garde i ein stolen Lada, litt på måfå i Tyskland. Dette blir ei morosam og lærerik reise. Mike oppdagar at mykje er annleis enn han har trudd og blitt fortalt. Les sjølv og finn ut kva han oppdagar.

Litt røft språk i eit par sekvensar, men i det heile ei fin og varm bok.

Les gjerne Svein Egil Omdal sin omtale av boka i Stavanger Aftenblad:


Anne

fredag 7. juni 2013

Himmelstormeren


Cecilie Enger: Himmelstormeren

Dette er ei biografisk roman om Ellisif Wessel. Eg sjølv hadde ikkje høyrt om denne personen før, men i si samtid var ho ei klar og ofte provoserande røyst i avisene.

Ellisif Wessel blei fødd i 1866 og vaks opp i ein overklassefamilie på Dovre. Ho var blant dei få jentene på den tida som blei sendt til Kristiania for å gå på skule. Her bur ho i same hus som syskenbarnet Andreas. Han studerer til lege. Dei blir etter kvart eit par, giftar seg og flyttar til Kirkenes.

I Kirkenes møter dei begge ein fattigdom dei før ikkje har sett. Dette gjer noko med dei. Andreas Wessel går inn i politikken, men Ellisif har ikkje denne moglegheita, ho er trass alt kvinne. Begge prøver dei å gi hjelp der nauda er størst, men særleg Ellisif ser etter kvart behov òg for systemendringar. Ho blir stadig meir radikal, lærer seg russisk og omset revolusjonær litteratur derifrå. I tillegg skriv ho artiklar og lesarinnlegg sjølv og får mange motstandarar.

Eg tykte dette var ei svært interessant bok om ei historie eg ikkje kjende til frå før. Boka gir òg eit tidsbilete av tilhøva i slutten av 1800-talet og starten på 1900-talet. I denne perioden blir det starta gruvedrift ved AS Syd-Varanger, Noreg riv seg laus frå Sverige, og den russiske revolusjonen nærmar seg. Ikkje minst får me sjå dei harde tilhøva menneske levde under.

Dette var lærerik og nyttig lesing!

Anne

fredag 31. mai 2013

Vareopptelling


Erlend Loe: Vareopptelling

Skal du ha med deg ei lita bok i veska for litt tidtrøyte på reisa, er Vareopptelling ei kjekk bok. Ho er humoristisk og godt skriven, med andre ord underhaldande.

Vareopptelling handlar om lyrikaren Nina Faber som etter mange år skal gi ut ei ny lyrikksamling. Ho har vore i Istanbul på eit lengre opphald og har skrive om ulike kjensler og tankar ho har fått når ho har sett ut over Bosporus-sundet. Rykta har gått både om alkoholbruk i litt vel store mengder og om eit kjærleiksforhold i Tyrkia. Me har i litteraturgruppa nett lese Snakk til meg av Vigdis Hjort, og eg tenkte kanskje Loe har fått ideen til hovudpersonen derifrå, for det finst ein del trekk ved desse personane som er like.

Heile boka handlar om dagen lyrikksamlinga kjem ut. Det viser seg at dikta ikkje blir like godt mottatt, særleg er det nokre bokomtalar som er tunge å svelgja. Faber går grundig til verks, og utan å røpa for mykje, blir det tid for hemn. Slik sett er boka kanskje meint som ein kritikk av enkelte litteraturkritikarar.

Vareopptelling har fått alt frå slakt til gode omtalar. Les gjerne omtalen på nrk.no:


Anne

onsdag 22. mai 2013

Gode mennesker


Nir Baram: Gode mennesker

Gode mennesker er ei annleis bok frå 2.verdskrig i Europa. Me følgjer to personar i to ulike totalitære statar annakvart kapittel gjennom heile boka.

Den eine hovudpersonen er Aleksandra Weisberg i Sovjet. Ho er dottera til ein jødisk intellektuell i Leningrad. Foreldra og vennene deira blir vurdert som farlege for det kommunistiske regimet. For å redda seg sjølv og tvillingbrørne sine, går Aleksandra i teneste hjå fienden.

Den andre hovudpersonen er Thomas Heiselberg, reklamemann og glad i alt amerikansk, noko som ikkje blir populært etter kvart som nasjonalismen vinn fram i Tyskland. Han er ein person som prøver å snu kappa etter vinden, og det å gi folk det dei vil ha, er hans sterkaste kort.

Då eg las på baksida av boka, trudde eg at desse to personane ville møtast relativt raskt og at boka vidare ville handla om vegen vidare for dei i lag. Dei møtest, men ikkje før etter cirka 400 sider, så boka handlar meir om koss dei kjempar i kvar sitt land mot diktatur og undertrykkande system.

Bak på boka står det:» Gode mennesker er Nir Barams fjerde bok , og den første israelske romanen som tar for seg den andre verdenskrig sett fra overløpernes perspektiv. Den lå på bestselgerlister i seksten uker, og ble nominert til Sapir-prisen, Israels mest prestisjefylte litterære utmerkelse.» Dette er likevel ikkje ei lettlesen bok. Eg sleit med å forstå alt, blant anna blei hendingar rundt dei tolka av hovudpersonane som at nå hadde det skjedd noko alvorleg, sjølv om eg ikkje heilt fatta kvifor. Men det har vel kanskje noko med at det er vanskeleg å setja seg inn i koss det er å leva under slike regime, og at ein sjølv ikkje er vane med å tolka alt og alle rundt seg heile vegen for å finna ut om dei er med eller mot ein.

Boka er på vel  500 sider.

Søk gjerne opp i Atekst Eskil Skjeldal si bokmelding i Vårt Land: Da Europa kollapset
Anne

fredag 3. mai 2013

Det syvende barnet


Erik Valeur: Det syvende barnet

Medan eg las denne boka, tenkte eg fleire gonger: Liker eg Det syvende barnet? Er det ei bok eg kan anbefale vidare? Som bokbloggar sit ein av og til og berre leitar etter feil i bøker, særleg i bøker på over åtte hundre sider. Ein ser etter det som berre er med for å ha det der, det som eigentleg ikkje trengs, men som forfattaren har spedd på med. Ein ser etter skrivefeila eller eit lite brot i skrivestilen. Ein ser etter lekkasjar og stader der forfattaren skriv noko heilt anna enn for hundre sider sidan. Kva så når ein ikkje finn dette?

Året er 1961, året som blir mest vektlagt i Valeurs debut om Kongslund barneheim, ein barneheim i Danmark det i følgje denne boka er knytt store mysterium til. Eg elskar jo krim, og då særleg nyskapande krim som skil seg ut og greier å lage eit anna dilemma enn berre ein drepen person utan mordar. Takk og pris klarte Valeur dette, og sjølv om eg har likt å lese Läckberg og Kallentoft, vil eg seie at Valeur verkeleg scorar høgt hjå meg berre ved å tenkje nytt! For sjølve plottet dreier seg ikkje berre om kven som har drepe personen på stranda i nærleiken av barneheimen Kongslund, men saka rundt alle adopsjonane og barna som var på Kongslund i 1961. For på den tida var det sju barn på Kongslund. Forstanderinna på Kongslund, frøken Ladegaard, òg kalla Magna, gjer alt som står i hennar makt for å finne familiar til barna som er passande, men dette året skjer det noko som forandrar alt for barneheimen. Det har i lang tid gått rykte om at mange av barna på barneheimen har fedrar som er høgt oppe i samfunnet og at mødrene har blitt tvungne til å adoptere bort barna til alle sitt  beste. Magna er dyktig og gjer alt så diskret som mogleg - utan spor.

Det er mange synsvinklar i boka, men ein utmerkar seg. Magna har ei pleiedotter som ho har namngitt Inger Marie Ladegaard, men som berre blir kalla Marie. Sjølve historia blir fortalt frå hennar synsvinkel i første person mykje av tida, samstundes som det er med ein allvitande forteljar som fortel om dei andre karakterane i tredje person. Ein får tilgang på kjenslene til dei fleste, men løyndommane kjem ikkje på samlande band. Utover i boka blir kvar av karakterane si historie så smått om sen fortalt, men ein må vente på avsløringar av den store karakteren. Dette må vere Danmarks beste debut på lang tid. Han fekk prisen for Nordens beste krim i 2012.

Samstundes som boka handlar om adopsjon og ein barneheim, handlar ho òg om andre meir djupe spørsmål: Identitet, familie, universet og  Gud. Eg syntes kanskje identitet var det mest interessante. For dei som ikkje får vite at dei er adoptert, veit dei kven dei er? Er dei seg sjølv? Bør dei få vite sanninga og finne ut kven dei eigentleg er og har adopsjon noko som helst med den du blir å gjere? Marie Ladegaard i boka er for at alle adopterte barn skal få vite kven dei er. Ho skuldar foreldra for å vere løgnarar som ikkje fortel noko. For henne er opphavet noko av det viktigaste, kanskje fordi ho ikkje veit noko om sitt eige opphav.
 
Dette er heilt klart ei av dei beste bøkene eg har lese. Storleiken har ikkje noko å seie. Og som de sikkert har forstått, er svaret på mitt første spørsmål ja. Ja, eg likte boka utruleg godt.

Mai Lene

fredag 26. april 2013

Lengsel etter frihet


Chai Ling: Lengsel etter frihet

I 1989 leier Chai Ling studentopprøret på Den himmelske freds plass i Kina. Ho er ein av dei som overlever,  og ho greier å flykta frå Kina og endar etter kvart opp i USA. Over tjue år etter fortel Chai Ling si historie.

Boka handlar både om oppvekst i Kina og om det å vera overlevande etter ein massakre, men òg om å finna nytt håp og meining i livet. Igjen får me sjå inn i eit samfunn der enkeltpersonar har lite å seia. Eg tykkjer Chai Ling får godt fram koss alt blir bestemt for deg og at både samfunn og foreldre forventar svært mykje. Men me blir òg kjent med ei jente som etter kvart begynner å stilla seg spørsmål og som ser baksidene ved eit lukka og autoritært samfunn. I tillegg tykkjer eg boka viser at det er store utfordringar å arbeida for demokrati og å begynna å tenkja sjølv i eit slikt samfunn. Koss organiserer me oss  og  kjem fram til felles standpunkt i ein organisasjon når me alltid har blitt fortalt kva me skal gjera?

Andre del av boka handlar om livet i USA. Chai Ling blir tillagt meiningar om at ho ønska eit blodbad på Den himmelske freds plass. Opposisjonen til kinesiske styresmakter i utlandet er splitta. Sjølv slit ho med skuldkjensle og skam. Likevel klarer ho å etablera eit tilsynelatande vellukka liv, men noko manglar. Til slutt blir ho kristen, og me får sjå kor frigjerande dette er for henne, men òg at dette gir ho eit nytt, stort oppdrag: kampen for det ufødde liv i Kina.

Eit interessant vitnesbyrd.

Me har òg denne boka på engelsk.

Anne

 

fredag 19. april 2013

Mamma er en countrysang


Cathrine Evelid: Mamma er en countrysang

Dette er ei roman frå Stavanger på 80-talet. Det gjorde at eg i første omgang fann boka interessant. Me blir kjende med ein liten familie: Mor Gry, far Terje og sonen Stig. Sjølv ønskjer dei å sjå på seg som ein moderne familie. Gry er likevel ikkje meir fri og moderne enn at ho fortsatt bryr seg om kva familien heime på Ogna meiner, og der er livet noko heilt anna enn moderne.  Den store draumen for Gry er å bli songstjerne, men medan ho ventar på «gjennombrotet», arbeider ho på Grillen som servitør. Terje er nordsjødykkar, barsk og uredd. Han er veldig interessert i musikk, kan teksten på alle låtane og alle strofene av Terje Vigen. Midt i dette lever Stig. Han er nært knytt til Gry og «les» henne for å finna ut kva sinnsstemning ho er i. Livet er enklast og kjekkast når Gry er glad. Faren er han meir halvredd for. Terje kan for eksempel få for seg at nå er det på tide at Stig lærer å symja, og då veit Stig at det nyttar ikkje å protestera. Samtidig er Terje den som gjer livet trygt. Han kan ordna opp i alt.

 Det er stort sett tankane og livet til Stig me får sjå alt gjennom. Han har ein livlig fantasi og er samtidig ein vàr gut. Kanskje er tankegodset innimellom noko over middels avansert for ein gutunge, men skildringane er likevel gode. Utover i boka får nemleg Stig meir og meir å tenkja på. Gry drøymer om songtilbod i radioen hjå ein mindre tiltalande mann, noko Terje ikkje likar. Og er arbeidet til faren farleg? Og kvifor er forholdet mellom mora og familien på Ogna så vanskeleg?

Ei interessant og godt skriven bok på 188 sider! Men eg tykkjer  miljøet på Ogna er skildra vel gammaldags til å vera på 80-talet. Eg hugsar jo dette tiåret sjølv, men kan ikkje seia at eg kjenner meg igjen. Nå var Ryfylke staden eg vaks opp, så det var kanskje annleis på Jæren? Forfattaren har nok tenkt å gi eit tidsbilete av 80-talet, men blir til dels for urealistisk og noko klisjèprega.
Anne

fredag 12. april 2013

Fresh


Krish Kandiah: Fresh – ressursbok for ferske studenter

Skal du studera til hausten? Då bør du investera i denne boka. Fresh gir konkrete råd til deg som ønskjer å vera ein kristen og samtidig skal starta livet som student.

Fordelen med denne boka, er at ho er så målretta. Boka tar for seg ulike sider ved studentliv og kristenliv, kva moglegheiter og utfordringar du kan møta på. Forfattaren kjenner studentlivet og kva val ein kan bli stilt overfor, og her finst mange gode råd. Ønsket er at du òg som student skal vera deg  bevisst at du er ein kristen.

Eg les eigentleg denne boka på feil måte,( for  raskare å kunna omtala henne her), for eg brukte 2-3 ettermiddagar, men opplegget er at du skal bruka fem veker og lesa eitt stykke kvar dag i starten av studentlivet. Slik sett har eg nok ikkje dvelt lenge nok med alt, men eg har fått med meg nok til å anbefala boka.

Og til dykk som er foreldre eller venner av nokon som skal begynna på studiar til hausten: send gjerne med dei mors kjøttkaker og nye gardiner, men legg  med denne boka òg!

Til slutt må eg kommentera språket. Alle slurvefeila  irriterte meg  frykteleg. Har forlaget slutta å lesa korrektur? Dette er for dårleg Lunde! Det er å håpa at andre lesarar blir mindre frustrerte over dette enn meg.

Anne

fredag 5. april 2013

Røverens siste seks timer


Willi R.Garvi: Røverens siste seks timer

Denne boka fekk me tilsendt rett før påske. Det tykte eg passa bra, og tok ho med heim i ferien som ei «meditasjonsbok».  Bak på omslaget står det:» Røverens siste seks timer er en historie om røveren som ble omvendt da han var korsfestet på Golgata sammen med Jesus. Forfatteren tenker seg hvordan han kan ha opplevd Jesus.» Dette tykte eg var eit annleis og interessant utgangspunkt, men må nok dessverre seia at for meg blei ikkje dette ei gripande bok.

Boka inneheld mange flotte illustrasjonar. På venstresidene står det om tilhøva i Israel på den tida eller andre forklarande opplysningar. Slik blir dette ei lett tilgjengeleg bok for alle. På høgre sida er det tankane til røvaren som kjem fram. Denne vekslinga tykkjer eg likevel øydelegg noko av opplevinga med å lesa om røvaren på korset. Boka er kort, så eg les ho ein gong til, då berre høgresidene, og tykte det fungerte noko betre. Likevel, eg saknar å komma nærare inn på denne røvaren. Eg meiner forfattaren skapar avstand ved språklege val som han gjer, blant anna med å skildra i fortid det som kunne vore skildra i nåtid, til dømes: «Jesus hadde vært taus hele tiden, men så bryter han stillheten og sier: «Far, tilgi dem, for de vet ikke hva de gjør.» Noe så utrolig! Jeg kom til å tenke på hva profeten Jesaja sa om Herrens tjener.» Første gongen eg las blei eg i tillegg forvirra over alle namna på personar forfattaren omtalar, og eg lurer på kvifor han har valt å kalla desse personane Judas Bartimeus, Jakob Barnabas og Jesus Barabbas. Men kanskje er det som skurrar mest dei lange tankerekkene og filosoferingane medan han heng på krossen. Er dette truverdig? Dette står i sterk kontrast til Bibelen si framstilling av Jesus. Lidinga er stor og me forstår det òg gjennom dei korte, ordknappe setningane. Jesus seier ikkje eitt ord for mykje.

Likevel, ta gjerne med deg boka og les ho. Ho er kort, 58 sider med lite tekst på kvar side, og me er jo ikkje like, så du kan oppleva henne annleis enn meg.
Anne