I
dag kjem det to omtalar av to engelske bøker i eitt innlegg, ei er for vaksne
og ei for ungdom. Først ut er The first wife av
Emily Barr
The
first wife er
boka om Lily, jenta som nettopp har mista dei to einaste personane ho har vore
med dei siste åra. Tapet etter besteforeldra gjer at ho plutselig er aleine i
verda utan nokon andre. Dette nye livet er totalt ukjent for henne. Noko av det
første ho gjer, er å busette seg hjå ein annan familie mot å av og til vere
barnevakt. Seinare får ho òg jobb som vaskehjelp, blant anna i huset til
Cornwalls mest kjente advokat, Harry Summers, og kona hans Sarah.
Ho har bare
jobba for dei i nokre få månadar når Sarah Summers tek livet av seg i
Barcelona. Igjen er bare Harry, og eit heilt spesielt forhold utviklar seg
mellom han og Lily. Likevel, er det noko meir rundt dødsfallet til Sarah som
Lily ikkje veit om?
Boka er veldig
god og fengande. Sjølv om ho er på engelsk, er ho lett å forstå og lett å lese.
Av og til nokre avsnitt eg måtte lese fort i gjennom, for at det var litt
vanskelig å få med seg alt. Gled deg til å lese denne, ei verkeleg god
bok.
Den
andre boka ut er Interrupted-life beyond words av Rachel Coker
Denne boka
foregår på 30 - og 40-talet. Hovudpersonen er Alcyone (Allie) som har vokst opp
aleine saman med mora. I byrjinga av boka er mora alvorlig sjuk, og bare etter
rundt femti sider kjem dødsfallet. Allie er bitter og sur etter dette, og
særlig naboguten Sam får kjenne sinnet hennar, bare fordi han dukka opp akkurat
då mora trengte henne. Etter dette blir Allie adoptert av
miss Beatrice i nabostaten. Først kan ikkje Allie utstå den positive
utstrålinga til adoptivmora, men etter ei stund lærer ho seg igjen å leve. Heilt til Sam dukkar opp igjen i
nabolaget og eit forhold utviklar seg mellom han og Allie. Igjen blir dei
vennar, men kan Allie la det bli noko meir? Særlig kviar ho seg for det når Sam
må ut i krigen.
Ei ekstremt
god bok skriven av ein kristen forfattar. Boka gir eit positivt innblikk i
kristendommen og i slutten blir dette meir sentralt enn i byrjinga. Boka får
deg til å både gråte og le. Særleg noko av det miss Beatrice seier er komisk
som : A good appetite for books, leads to a girl with more than looks. Eller: Often
late to bed makes a girl unfit to wed. Ei bok du hugsar!
Boka er
skriven for ungdom.
Mai Lene
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar