Hei
Då reknar eg med dei fleste har oppdaga, eller fått informasjon om at det ikkje blir lagt ut nye omtalar og informasjon om nye bøker på denne bloggen. I staden kan du registrera deg under "Meg og mitt" på http://websok.mikromarc.no/Mikromarc3/tryggheim-vgs/default.aspx?db=tryggheim-vgs&unit=6473 Her kan du òg abonnera på informasjon om nye bøker ved å "klikka" på "feeden"(oransje firkant til høgre over nye titlar for vaksne/born/multimedia). Kort omtale av bøkene vil de få opp via søkesida. Kom gjerne innom og spør dersom de ikkje får dette til å fungera.
Så er det berre å sjå fram til ein lang og god haust med mykje kjekt lesestoff ein kan ta fatt på.
Anne
Tryggheim skulebibliotek
fredag 29. august 2014
mandag 16. juni 2014
Skapelse og/eller evolusjon
Andreas
Årikstad, Jogeir Lianes og Johan Samuel Årikstad-Nielsen: Skapelse og/eller evolusjon
Det er rart å få inn ei bok til biblioteket som i forordet
hyllar det ikkje-faglege og det å vera ikkje-lærd. Elles brukar fagbøkene me
får inn å vera opptatt av at kunnskap er eit gode. Her er 1.Kor 1,26 trekt inn
for å «rettferdiggjera» at boka er skriven meir på trass av utdanning, enn på
grunn av utdanning. Skal ein ta eit oppgjer med gjeldande vitskaplege oppfatningar,
er dette eit noko snodig utgangspunkt. Les ein bibelverset i samanhengen, ser
ein at det her gjeld Jesu frelsesverk, og ikkje det at ein ikkje skal bruka menneskelege evner elles. Men
allereie her ser ein noko av det eg er kritisk til med boka: Korte bibelsitat
blir litt for ofte tatt ut av samanhengen og brukt til å underbygga det
forfattarane vil ha fram.
Det største problemet er likevel påstanden om at alle som
ikkje er einige i at jorda er 6000 år gammal, eigentleg ønskjer ein liten Gud
for å unngå å forplikta seg på noko som helst i Bibelen. Dei som ikkje trur som
forfattarane, spottar Gud. Det er altså ingen mellomting mellom deira ståstad
og rein ateisme. Då eg las boka, opplevde eg difor boka som ureieleg. Skal ein
gå imot andre syn, bør det vera eit mål, òg for kristne, å gjengi andre sitt
syn på ein mest mogleg riktig måte. Dette tykkjer eg ikkje boka gjer. Òg i
konservative krinsar har det vore tradisjon for at ein kan tenka ulikt om
kor gammal jorda er. Det nye her er eit krav til å tenka som forfattarane for å kunna vera
sanne kristne. Eg kan ikkje sjå at eit slikt standpunkt kan føra til noko godt
blant truande.
Eg skal ikkje gå inn på forklaringane boka gir for ei ung
jord, men eg likar ikkje måten seriøse forskarar og vitskapsfolk blir framstilt
på. Det blir gitt inntrykk av at desse eigentleg veit at det dei seier ikkje
stemmer, men så må dei halda på gamle og usanne
teoriar likevel fordi dei ikkje trur på Gud. Dersom det er slik, kvifor
er det då fleire ateistiske vitskapsmenn som etter at dei har blitt kristne,
ikkje forkastar det dei har forska på og lært t.d. innan feltet biologi, men
heller set kunnskapen inn i ein større samanheng? Les gjerne Alister Mc Grath: Surprised by Meaning; Science, Faith and How
We Make Sense of Things.
Les gjerne òg Jon Kvalbein sin omtale: http://www.dagen.no/Meninger/Tidsrom_-_test_p%C3%A5_bibeltroskap-75578
og Bjørn Are Davidsen sin omtale: http://dekodet.blogspot.no/2014/06/den-kreasjonistiske-fristelse.html
Men boka treng de ikkje å lesa.
Anne
tirsdag 10. juni 2014
Dette er mine gamle dager
Tore
Renberg: Dette er mine gamle dager
Dette er ei god bok! Jarle Klepp har nå blitt vaksen og
familiemann. Han har ei kone han er glad i og to flotte barn, dottera Åshild og
sonen Sven. Men fortida klarer han ikkje heilt å legga bak seg. Dersom du har følgt
hovudpersonen, Jarle, gjennom tidlegare år, veit du at han vaks opp med ein far
som var alkoholikar. Faren er nå død, og sjølv om Jarle ønskjer å legga dette
bak seg, kjem hendingar frå fortida inn i livet nå og mørklegg det.
Det er skildringane som gjer denne boka til ei flott bok.
Forfattaren er ein tydeleg observatør. Dette er i første rekke ei bok som
handlar om relasjonar. Familien er omtala med varme og kjærleik, og barna får
komma fram som dei ulike individa dei er. Jarle har blitt ein stolt far. Men
fortsatt slit han altså med øydelagde relasjonar til faren. Det påverkar òg
familielivet han nå lever. Ei truverdig og lærerik bok.
Anne
tirsdag 3. juni 2014
Alligatorvannet
Lynne Bryant: Alligatorvannet
Me er i sørstatane, nærare bestemt i Mississipi rundt år
2000. Avery Pritchett tar med seg dottera Celi heim på besøk etter ti år i
Colorado. Broren Mark skal gifta seg og ønskjer at Celi skal vera blomsterpike
og Avery brudepike.
Men det er ein viktig grunn til at Avery ikkje har vore
heime på lang tid. Ho rømte derifrå for å begynna livet på nytt etter at ho
vart gravid med Aaron, ein mørkhuda gut. I Mississipi er det fortsatt viktig å
halda kvite og svarte skilt. Koss vil det vera å komma tilbake med ei dotter
som ikkje er kvit?
I tillegg har Avery eit spørsmål ho gjerne skulle hatt svar
på. Celi har sigdcelleanemi. Dette er ein recessiv sjukdom som i første rekkje
rammar svarte, men sidan sjukdomen er recessiv, må ho ha fått gen for denne
sjukdommen frå begge foreldra. Koss kan Avery vera berar av dette genet?
Samtidig som me følgjer Avery og Celi sitt møte med Greendale i Mississipi
rundt år 2000, får me mange tilbakeblikk på hendingar frå 1940 og framover.
Språk og oppbygging er enkel. Kapitla vekslar mellom å vera
stemma til Avery, Marion – mor til Avery og Willadean – mormor til Avery. Det
er gjennom desse kvinnene historia blir fortalt. Boka har blitt samanlikna med
Barnepiken, og tematikken: raseskilje, er lik, men litterært er Barnepiken
nokre hakk betre etter mi meining.
Likevel, ei interessant og underhaldande bok. Det er rart å
lesa om hendingar frå 1990-2000 som du tenkte var eit tilbakelagt stadium for
lenge sidan.
Anne
mandag 26. mai 2014
The rise and fall of Gøran Trovåg
Gaute
M.Sortland: The rise and fall of Gøran
Trovåg
Det er ein del ungdomsbøker som handlar om ungdom som ikkje
er blant dei mest populære. Dette er òg ei slik bok. Hovudpersonen Gøran, eller
Stuart, som han har begynt å kalla seg sjølv, er berre trygg når vennen Eivind
er saman med han. Utan Eivind blir han mobba og kjenner seg heilt aleine i
verda. Me forstår òg at heime er det lite støtte å få.
Men Stuart er den oppfinnsame og initiativrike. Han elskar å
planlegga og likar draumane betre enn realitetane. Saman med Jokke og Eivind
startar dei band, og det er Stuart som skriv låtane. Eivind har meldt dei på ein konsert, og alle
er spente på korleis det skal gå når dei skal opptre for første gong. Utan å
røpa for mykje, kan eg vel seia at tittelen på boka seier mykje om korleis det
vekslar i livet til Stuart.
Sjølv om det med første augekast på bokomslaget kan sjå ut
til at her er det skikkeleg hardbarka ungdom det handlar om, tek boka heller
opp kor usikker ein kan vera i ungdomsskulealderen og kor viktig vennskap er.
Språket er litt røft innimellom, men forfattaren har ikkje prøvd å vera «overkul
« og språket verkar ikkje overdrive. Elles er boka småhumoristisk og er skriven på lett nynorsk.
Ho er berre på 108 sider og går raskt å lesa.
Anne
mandag 19. mai 2014
Jentene fra balletten
Monika N.
Yndestad: Jentene fra balletten
Ei krimbok som eigentleg ikkje er krimbok likevel. Iallfall
dersom ein er opptatt av at eit mysterium skal løysast. Her veit ein allereie i
starten kven som er skurken, og dersom ein tenkjer spenning, må det vera om den
skuldige blir tatt. Er boka då keisam? Nei, det tykkjer eg ikkje. Boka har
nemleg eit anna viktig ærend enn berre underhaldning, slik eg ser det.
Jentene på balletten viser til fenomenet med ressurssterk
ungdom frå ressurssterke heimar som plutseleg endrar veremåte sterkt. Boka
fokuserer på at dette har ein grunn. Kvifor stiller så få spørsmål og
undersøker kva som ligg bak? I tillegg får boka fram kor øydeleggjande overgrep
er. Hovudpersonen i boka er Mina, ei femten år gammal jente som har livet føre
seg. Plutseleg begynner ho å rasera seg sjølv og livet sitt. Lesaren får veta
både kva som har skjedd og korleis ho har det, og me blir vitne til at dei
rundt henne sviktar eller ikkje klarer å hjelpa henne. Men så får ho ein dag
lesa førstesida i BA, ei jente har meldt ein politimann for valdtekt.
Ein høyrer ofte at media heng ut personar utan lov og dom og
at media slik øydelegg uskuldige menneske. Det har nok ofte skjedd òg. I denne
boka er det motsett. Avisene blir her dei svake sin talsperson og trykker på
for å få saka oppklart og samarbeider med personar og hjelpeinstansar elles for
å få overgriparen tatt.
Eit ekstra spark har boka til foreldre som tenker at nå er
barna så store dei greier seg sjølv, og difor har det for travelt til å følgja
med på kva som skjer med barna deira.
Ei gripande og underhaldande bok, men altså ikkje ei heilt
vanleg krimbok.
Anne
tirsdag 6. mai 2014
Fugletribunalet
Ravatn, Agnes: Fugletribunalet (Samlaget 2013)
Boka Fugletribunalet har hausta mange
positive lovord, og eg har endå til gode å sjå nokon slakte den. Etter denne
bokmeldinga vil det heller ikkje vere annleis. Samlaget har vore heldige når
dei har fått henne med på laget. Ho er i frå “mitt” fylke, Rogaland (Riktig nok
på “feil” side av Boknafjorden) og gav ut Fugletribubnalet på Samlaget i
fjor. Ho debuterte med Veke 53 i 2007.
Hovudpersonen
i Fugletribunalet, Allis Hagtorn, forlét alt i livet sitt og flyttar ut
på landet og byrjar som hushjelp hos Sigurd Bagge. Planen er at ho skal vere
der fram til kona hans kjem tilbake, men det er ei rar stemning på garden, og
eigaren oppfører seg merkeleg. Kva er det som har skjedd, og har Bagge noko i
mot henne? Allis spør seg desse spørsmåla fleire gonger i løpet av romanen, og
hovudhandlinga ligg ikkje i noko actionfylt drama, men heller menneskelege
relasjonar og korleis ein møter kvarandre.
Det
første som fekk meg til å legge merke til boka var omslaget. Det er rett og
slett nydeleg. Fuglane har noko over seg som eg ikkje kan forklare. Det er
enkelt, men likevel fylt av meining. Det same er språket. Ho bruker få ord for
å seie mykje. Det er null hermeteikn og replikkstrekar med, men dialogane flyt
lett og fint, akkurat som resten av boka. Orda rommar mykje, og eg trur det kan
ha vore ein del av planen òg. Legge mykje meining bak orda for å skape stemninga
og handlinga. Det er heller ikkje dei veldige sitata, og eg sat ikkje og
noterte for livet for å hugse fine setningar og ord.
Boka er
sår og vakker. Den får ein òg til å trekke på smilebandet på mange måtar. Mest
av alt er den litt melankolsk. Noko anna spesielt med romanen er kor godt ho
har isolert dei, og lesaren veit ikkje kor ein er. Tid og rom er borte. Det er
byen, landet og nærbutikken. Kva by då? Kor på landet? Kva nærbutikk? Lesaren
vil få ei kjensle av å bli teken bort frå den reelle verda og til staden kor
Allis jobbar for Sigurd. Ho har laga nokre spennande hovudkarakterar med både
feil og manglar, men som òg morer lesaren. Eg vart nysgjerrig på kva dei hadde
gjort, og bit for bit røper ho kva det er som gjer at dei har trekt seg
tilbake.
No har
eg prøvd å få folk til å lese nynorskbøker i samband med bokbloggarprisen, men
hadde denne vore dårleg hadde eg ikkje skrytt av henne. Likevel handlar det om
korleis du meistrer språket. Ravatn meistrar språket. Ho meistrar nynorsk, og
det gjer boka bra!
Mai Lene
mandag 28. april 2014
Så
Morris Gleitzman: Så
Dette er andre boka om Felix, ein jødisk gut under
2.verdskrig. Første boka er En gang.
Desse bøkene fekk eg anbefalt av ein elev på ungdomsskulen, og det er eg glad
for.
Boka Så tar oss
med til Polen og til jødeforfølgingane under andre verdskrig. Innhaldet er realistisk og til tider fælt, men ikkje
utmalande. Felix har til nå
greidd å unngå å bli drepen, men han er i konstant fare. Nokre menneske
er villige til å hjelpa jødane, alle er ikkje like vonde, dette gjer boka meir
nyansert enn mykje anna av barne- og ungdomslitteratur.
Forteljarstilen er uvanleg. Kvart kapittel begynner med
ordet så. Det er Felix som fortel historia, og han har sans for gode
formuleringar og lett ironi. Sjølv om boka har ei svært alvorleg handling, er
det likevel innimellom humoristiske
innslag. Boka har i tillegg ein munnleg stil og er veldig lettlest. Det er
heller ikkje noko lang innleiing, her er dei første setningane i boka:
«Så løp vi for livet, jeg og Zelda, opp en
bakke så fort vi kunne. Det var ikke så veldig fort. Selv om jeg holdt Zelda i
hånda og hjalp henne opp skråningen.»
Boka gjer inntrykk. Så
dette er ei bok eg gjerne vil anbefala for ungdomsskuleelevar, både gutar og
jenter. Ho kan i tillegg fungera godt som høgtlesingsbok.
Anne
tirsdag 22. april 2014
Hvorfor skriver ikke Gud på himmelen?
Espen
Ottosen: Hvorfor skriver ikke Gud på
himmelen?
Boka har
undertittelen: Litt om min tvil Mest om
min tro. Og undertittelen får klarare fram at dette kanskje mest er ei
apologetisk bok. Ja, utgangspunktet er tvil og spørsmål mange kan stilla seg
sjølv eller bli stilt av andre, men svara har tydeleg forankring i kristen tru.
Boka tar opp spørsmål som finst det ein Gud? Kva med
forholdet mellom skapingsforteljingane i Bibelen og moderne vitskap? Dersom Gud
vil at alle skal bli frelst, kvifor gjer han ikkje då slik at alle blir frelst?
Og til slutt: Kvifor skriv ikkje Gud på himmelen slik at alle kan sjå at han finst?
Eg tykkjer Ottosen er flink til å bruka eit enkelt språk,
men samtidig drøfta emna grundig og fagleg. Dette er det ikkje alle som greier,
og difor meiner eg boka kan og bør få ei breiare lesargruppe enn det andre
bøker med same tematikk får. Eg sjølv tykte spesielt del III, «Et signert
skaperverk», var interessant og godt drøfta. Der eg tykkjer svaret blir minst
godt, er nok på spørsmålet om kvifor Gud ikkje gir alle (iallfall alle som
ønskjer det) ei tru, når trua er ei gåve. Det er vel mykje å forlanga at ein
skal få gode svar på alle spørsmål av denne typen i ei bok, og kva som er gode
og mindre gode svar, vil nok òg avhenga av utgangspunktet til oss som les.
Sjå
gjerne òg Atle Ottesen Søvik sin kommentar på: http://www.verdidebatt.no/debatt/cat12/subcat14/thread11489637/#post_11489637
og følg gjerne debatten vidare, men dette er absolutt ei bok
du bør lesa!
Anne
mandag 7. april 2014
Landskaper fra dødens metropol
Otto Dov Kulka: Landskaper
fra dødens metropol
Kulka er ein av dei få overlevande og gjenlevande jødane etter
Auschwitz. Han er forskar og professor i historie ved Universitetet i Jerusalem
og har arbeidd med jødane si historie. Heile tida har han hatt eit skarpt
skilje mellom yrke og personlege opplevingar frå 2.verdskrig. Dette gjer han
noko med i boka Landskaper fra dødens metropol. Denne boka er blitt ei
spesiell bok med dagboktekstar, dikt, refleksjonar og bilete frå hans eiga
historie som barn i konsentrasjonsleir. Så sjølv om du har lese mange bøker om
dette temaet, vil denne boka gi ny innsikt.
Otto
Dov Kulka var ti år då han først blei sendt til ghettoen i Theresienstadt og
seinare til Auschwitz. Han skriv om dei små grensene mellom liv og død, koss
det er å leva under ein sikker dødsdom og kor tilfeldig det er at han
overlevde. Men han skriv òg om kva dette har gjort med livet hans vidare. Og
midt i alt som var elendig, greier han i tillegg å skildra minne om gode
augneblinkar.
Dette
er ei lita bok på berre 153 sider, og blant desse er ein del bilete. Likevel må
ein bruka tid på boka. Det kjem tydeleg fram at Kulka er ein lærd person, og
innimellom krev det noko av lesaren å følgja han i refleksjonane han gjer seg.
Dette er altså ikkje ei lettlesen bok, men ei bok som er lærerik, interessant
og nyttig.
Anne
Abonner på:
Innlegg (Atom)