fredag 29. august 2014

Siste ord

Hei
Då reknar eg med dei fleste har oppdaga, eller fått informasjon om at det ikkje blir lagt ut nye omtalar og informasjon om nye bøker på denne bloggen. I staden kan du registrera deg under "Meg og mitt" på http://websok.mikromarc.no/Mikromarc3/tryggheim-vgs/default.aspx?db=tryggheim-vgs&unit=6473 Her kan du òg abonnera på informasjon om nye bøker ved å "klikka" på "feeden"(oransje firkant til høgre over nye titlar for vaksne/born/multimedia). Kort omtale av bøkene vil de få opp via søkesida. Kom gjerne innom og spør dersom de ikkje får dette til å fungera.

Så er det berre å sjå fram til ein lang og god haust med mykje kjekt lesestoff ein kan ta fatt på.
Anne

mandag 16. juni 2014

Skapelse og/eller evolusjon


Andreas Årikstad, Jogeir Lianes og Johan Samuel Årikstad-Nielsen: Skapelse og/eller evolusjon

Det er rart å få inn ei bok til biblioteket som i forordet hyllar det ikkje-faglege og det å vera ikkje-lærd. Elles brukar fagbøkene me får inn å vera opptatt av at kunnskap er eit gode. Her er 1.Kor 1,26 trekt inn for å «rettferdiggjera» at boka er skriven meir på trass av utdanning, enn på grunn av utdanning. Skal ein ta eit oppgjer med gjeldande vitskaplege oppfatningar, er dette eit noko snodig utgangspunkt. Les ein bibelverset i samanhengen, ser ein at det her gjeld Jesu frelsesverk, og ikkje det at ein ikkje  skal bruka menneskelege evner elles. Men allereie her ser ein noko av det eg er kritisk til med boka: Korte bibelsitat blir litt for ofte tatt ut av samanhengen og brukt til å underbygga det forfattarane vil ha fram.

Det største problemet er likevel påstanden om at alle som ikkje er einige i at jorda er 6000 år gammal, eigentleg ønskjer ein liten Gud for å unngå å forplikta seg på noko som helst i Bibelen. Dei som ikkje trur som forfattarane, spottar Gud. Det er altså ingen mellomting mellom deira ståstad og rein ateisme. Då eg las boka, opplevde eg difor boka som ureieleg. Skal ein gå imot andre syn, bør det vera eit mål, òg for kristne, å gjengi andre sitt syn på ein mest mogleg riktig måte. Dette tykkjer eg ikkje boka gjer. Òg i konservative krinsar har det vore tradisjon for at ein kan tenka ulikt om kor gammal jorda er. Det nye her er eit krav til å tenka som forfattarane for å kunna vera sanne kristne. Eg kan ikkje sjå at eit slikt standpunkt kan føra til noko godt blant truande.

Eg skal ikkje gå inn på forklaringane boka gir for ei ung jord, men eg likar ikkje måten seriøse forskarar og vitskapsfolk blir framstilt på. Det blir gitt inntrykk av at desse eigentleg veit at det dei seier ikkje stemmer, men så må dei halda på gamle og usanne  teoriar likevel fordi dei ikkje trur på Gud. Dersom det er slik, kvifor er det då fleire ateistiske vitskapsmenn som etter at dei har blitt kristne, ikkje forkastar det dei har forska på og lært t.d. innan feltet biologi, men heller set kunnskapen inn i ein større samanheng? Les gjerne Alister Mc Grath: Surprised by Meaning; Science, Faith and How We Make Sense of Things.



Men boka treng de ikkje å lesa.

Anne

tirsdag 10. juni 2014

Dette er mine gamle dager


Tore Renberg: Dette er mine gamle dager

Dette er ei god bok! Jarle Klepp har nå blitt vaksen og familiemann. Han har ei kone han er glad i og to flotte barn, dottera Åshild og sonen Sven. Men fortida klarer han ikkje heilt å legga bak seg. Dersom du har følgt hovudpersonen, Jarle, gjennom tidlegare år, veit du at han vaks opp med ein far som var alkoholikar. Faren er nå død, og sjølv om Jarle ønskjer å legga dette bak seg, kjem hendingar frå fortida inn i livet nå og mørklegg det.

Det er skildringane som gjer denne boka til ei flott bok. Forfattaren er ein tydeleg observatør. Dette er i første rekke ei bok som handlar om relasjonar. Familien er omtala med varme og kjærleik, og barna får komma fram som dei ulike individa dei er. Jarle har blitt ein stolt far. Men fortsatt slit han altså med øydelagde relasjonar til faren. Det påverkar òg familielivet han nå lever. Ei truverdig og lærerik bok.

Anne

tirsdag 3. juni 2014

Alligatorvannet


Lynne Bryant: Alligatorvannet

Me er i sørstatane, nærare bestemt i Mississipi rundt år 2000. Avery Pritchett tar med seg dottera Celi heim på besøk etter ti år i Colorado. Broren Mark skal gifta seg og ønskjer at Celi skal vera blomsterpike og Avery brudepike.

Men det er ein viktig grunn til at Avery ikkje har vore heime på lang tid. Ho rømte derifrå for å begynna livet på nytt etter at ho vart gravid med Aaron, ein mørkhuda gut. I Mississipi er det fortsatt viktig å halda kvite og svarte skilt. Koss vil det vera å komma tilbake med ei dotter som ikkje er kvit?

I tillegg har Avery eit spørsmål ho gjerne skulle hatt svar på. Celi har sigdcelleanemi. Dette er ein recessiv sjukdom som i første rekkje rammar svarte, men sidan sjukdomen er recessiv, må ho ha fått gen for denne sjukdommen frå begge foreldra. Koss kan Avery vera berar av dette genet? Samtidig som me følgjer Avery og Celi sitt møte med Greendale i Mississipi rundt år 2000, får me mange tilbakeblikk på hendingar frå 1940 og framover.

Språk og oppbygging er enkel. Kapitla vekslar mellom å vera stemma til Avery, Marion – mor til Avery og Willadean – mormor til Avery. Det er gjennom desse kvinnene historia blir fortalt. Boka har blitt samanlikna med Barnepiken, og tematikken: raseskilje, er lik, men litterært er Barnepiken nokre hakk betre etter mi meining.

Likevel, ei interessant og underhaldande bok. Det er rart å lesa om hendingar frå 1990-2000 som du tenkte var eit tilbakelagt stadium for lenge sidan.

Anne

mandag 26. mai 2014

The rise and fall of Gøran Trovåg


Gaute M.Sortland: The rise and fall of Gøran Trovåg

Det er ein del ungdomsbøker som handlar om ungdom som ikkje er blant dei mest populære. Dette er òg ei slik bok. Hovudpersonen Gøran, eller Stuart, som han har begynt å kalla seg sjølv, er berre trygg når vennen Eivind er saman med han. Utan Eivind blir han mobba og kjenner seg heilt aleine i verda. Me forstår òg at heime er det lite støtte å få.

Men Stuart er den oppfinnsame og initiativrike. Han elskar å planlegga og likar draumane betre enn realitetane. Saman med Jokke og Eivind startar dei band, og det er Stuart som skriv låtane.  Eivind har meldt dei på ein konsert, og alle er spente på korleis det skal gå når dei skal opptre for første gong. Utan å røpa for mykje, kan eg vel seia at tittelen på boka seier mykje om korleis det vekslar i livet til Stuart.

Sjølv om det med første augekast på bokomslaget kan sjå ut til at her er det skikkeleg hardbarka ungdom det handlar om, tek boka heller opp kor usikker ein kan vera i ungdomsskulealderen og kor viktig vennskap er. Språket er litt røft innimellom, men forfattaren har ikkje prøvd å vera «overkul « og språket verkar ikkje overdrive. Elles er boka  småhumoristisk og er skriven på lett nynorsk. Ho er berre på 108 sider og går raskt å lesa.

Anne

mandag 19. mai 2014

Jentene fra balletten


Monika N. Yndestad: Jentene fra balletten

Ei krimbok som eigentleg ikkje er krimbok likevel. Iallfall dersom ein er opptatt av at eit mysterium skal løysast. Her veit ein allereie i starten kven som er skurken, og dersom ein tenkjer spenning, må det vera om den skuldige blir tatt. Er boka då keisam? Nei, det tykkjer eg ikkje. Boka har nemleg eit anna viktig ærend enn berre underhaldning, slik eg ser det.

Jentene på balletten viser til fenomenet med ressurssterk ungdom frå ressurssterke heimar som plutseleg endrar veremåte sterkt. Boka fokuserer på at dette har ein grunn. Kvifor stiller så få spørsmål og undersøker kva som ligg bak? I tillegg får boka fram kor øydeleggjande overgrep er. Hovudpersonen i boka er Mina, ei femten år gammal jente som har livet føre seg. Plutseleg begynner ho å rasera seg sjølv og livet sitt. Lesaren får veta både kva som har skjedd og korleis ho har det, og me blir vitne til at dei rundt henne sviktar eller ikkje klarer å hjelpa henne. Men så får ho ein dag lesa førstesida i BA, ei jente har meldt ein politimann for valdtekt.

Ein høyrer ofte at media heng ut personar utan lov og dom og at media slik øydelegg uskuldige menneske. Det har nok ofte skjedd òg. I denne boka er det motsett. Avisene blir her dei svake sin talsperson og trykker på for å få saka oppklart og samarbeider med personar og hjelpeinstansar elles for å få overgriparen tatt.

Eit ekstra spark har boka til foreldre som tenker at nå er barna så store dei greier seg sjølv, og difor har det for travelt til å følgja med på kva som skjer med barna deira.

Ei gripande og underhaldande bok, men altså ikkje ei heilt vanleg krimbok.

Anne

tirsdag 6. mai 2014

Fugletribunalet


Ravatn, Agnes: Fugletribunalet (Samlaget 2013)

Boka Fugletribunalet har hausta mange positive lovord, og eg har endå til gode å sjå nokon slakte den. Etter denne bokmeldinga vil det heller ikkje vere annleis. Samlaget har vore heldige når dei har fått henne med på laget. Ho er i frå “mitt” fylke, Rogaland (Riktig nok på “feil” side av Boknafjorden) og gav ut Fugletribubnalet på Samlaget i fjor. Ho debuterte med Veke 53 i 2007.

Hovudpersonen i Fugletribunalet, Allis Hagtorn, forlét alt i livet sitt og flyttar ut på landet og byrjar som hushjelp hos Sigurd Bagge. Planen er at ho skal vere der fram til kona hans kjem tilbake, men det er ei rar stemning på garden, og eigaren oppfører seg merkeleg. Kva er det som har skjedd, og har Bagge noko i mot henne? Allis spør seg desse spørsmåla fleire gonger i løpet av romanen, og hovudhandlinga ligg ikkje i noko actionfylt drama, men heller menneskelege relasjonar og korleis ein møter kvarandre.

Det første som fekk meg til å legge merke til boka var omslaget. Det er rett og slett nydeleg. Fuglane har noko over seg som eg ikkje kan forklare. Det er enkelt, men likevel fylt av meining. Det same er språket. Ho bruker få ord for å seie mykje. Det er null hermeteikn og replikkstrekar med, men dialogane flyt lett og fint, akkurat som resten av boka. Orda rommar mykje, og eg trur det kan ha vore ein del av planen òg. Legge mykje meining bak orda for å skape stemninga og handlinga. Det er heller ikkje dei veldige sitata, og eg sat ikkje og noterte for livet for å hugse fine setningar og ord.

Boka er sår og vakker. Den får ein òg til å trekke på smilebandet på mange måtar. Mest av alt er den litt melankolsk. Noko anna spesielt med romanen er kor godt ho har isolert dei, og lesaren veit ikkje kor ein er. Tid og rom er borte. Det er byen, landet og nærbutikken. Kva by då? Kor på landet? Kva nærbutikk? Lesaren vil få ei kjensle av å bli teken bort frå den reelle verda og til staden kor Allis jobbar for Sigurd. Ho har laga nokre spennande hovudkarakterar med både feil og manglar, men som òg morer lesaren. Eg vart nysgjerrig på kva dei hadde gjort, og bit for bit røper ho kva det er som gjer at dei har trekt seg tilbake.

No har eg prøvd å få folk til å lese nynorskbøker i samband med bokbloggarprisen, men hadde denne vore dårleg hadde eg ikkje skrytt av henne. Likevel handlar det om korleis du meistrer språket. Ravatn meistrar språket. Ho meistrar nynorsk, og det gjer boka bra!
Mai Lene

mandag 28. april 2014


Morris Gleitzman:

Dette er andre boka om Felix, ein jødisk gut under 2.verdskrig. Første boka er En gang. Desse bøkene fekk eg anbefalt av ein elev på ungdomsskulen, og det er eg glad for.

Boka tar oss med til Polen og til jødeforfølgingane under andre verdskrig. Innhaldet er  realistisk og til tider fælt, men ikkje utmalande. Felix har til nå greidd å unngå å bli drepen, men han er i konstant fare. Nokre menneske er villige til å hjelpa jødane, alle er ikkje like vonde, dette gjer boka meir nyansert enn mykje anna av barne- og ungdomslitteratur.

Forteljarstilen er uvanleg. Kvart kapittel begynner med ordet så. Det er Felix som fortel historia, og han har sans for gode formuleringar og lett ironi. Sjølv om boka har ei svært alvorleg handling, er det likevel  innimellom humoristiske innslag. Boka har i tillegg ein munnleg stil og er veldig lettlest. Det er heller ikkje noko lang innleiing, her er dei første setningane i boka:

«Så løp vi for livet, jeg og Zelda, opp en bakke så fort vi kunne. Det var ikke så veldig fort. Selv om jeg holdt Zelda i hånda og hjalp henne opp skråningen.»

Boka gjer inntrykk.  Så dette er ei bok eg gjerne vil anbefala for ungdomsskuleelevar, både gutar og jenter. Ho kan i tillegg fungera godt som høgtlesingsbok.

Anne

tirsdag 22. april 2014

Hvorfor skriver ikke Gud på himmelen?


Espen Ottosen: Hvorfor skriver ikke Gud på himmelen?

Boka har undertittelen: Litt om min tvil Mest om min tro. Og undertittelen får klarare fram at dette kanskje mest er ei apologetisk bok. Ja, utgangspunktet er tvil og spørsmål mange kan stilla seg sjølv eller bli stilt av andre, men svara har tydeleg forankring i kristen tru.

Boka tar opp spørsmål som finst det ein Gud? Kva med forholdet mellom skapingsforteljingane i Bibelen og moderne vitskap? Dersom Gud vil at alle skal bli frelst, kvifor gjer han ikkje då slik at alle blir frelst? Og til slutt: Kvifor skriv ikkje Gud på himmelen slik at alle kan sjå at han finst?

Eg tykkjer Ottosen er flink til å bruka eit enkelt språk, men samtidig drøfta emna grundig og fagleg. Dette er det ikkje alle som greier, og difor meiner eg boka kan og bør få ei breiare lesargruppe enn det andre bøker med same tematikk får. Eg sjølv tykte spesielt del III, «Et signert skaperverk», var interessant og godt drøfta. Der eg tykkjer svaret blir minst godt, er nok på spørsmålet om kvifor Gud ikkje gir alle (iallfall alle som ønskjer det) ei tru, når trua er ei gåve. Det er vel mykje å forlanga at ein skal få gode svar på alle spørsmål av denne typen i ei bok, og kva som er gode og mindre gode svar, vil nok òg avhenga av utgangspunktet til oss som les.
 Sjå gjerne òg Atle Ottesen Søvik sin kommentar på: http://www.verdidebatt.no/debatt/cat12/subcat14/thread11489637/#post_11489637

og følg gjerne debatten vidare, men dette er absolutt ei bok du bør lesa!

Anne

mandag 7. april 2014

Landskaper fra dødens metropol


Otto Dov Kulka: Landskaper fra dødens metropol

Kulka er ein av dei få overlevande og gjenlevande jødane etter Auschwitz. Han er forskar og professor i historie ved Universitetet i Jerusalem og har arbeidd med jødane si historie. Heile tida har han hatt eit skarpt skilje mellom yrke og personlege opplevingar frå 2.verdskrig. Dette gjer han noko med i boka  Landskaper fra dødens metropol. Denne boka er blitt ei spesiell bok med dagboktekstar, dikt, refleksjonar og bilete frå hans eiga historie som barn i konsentrasjonsleir. Så sjølv om du har lese mange bøker om dette temaet, vil denne boka gi ny innsikt.

Otto Dov Kulka var ti år då han først blei sendt til ghettoen i Theresienstadt og seinare til Auschwitz. Han skriv om dei små grensene mellom liv og død, koss det er å leva under ein sikker dødsdom og kor tilfeldig det er at han overlevde. Men han skriv òg om kva dette har gjort med livet hans vidare. Og midt i alt som var elendig, greier han i tillegg å skildra minne om gode augneblinkar.

Dette er ei lita bok på berre 153 sider, og blant desse er ein del bilete. Likevel må ein bruka tid på boka. Det kjem tydeleg fram at Kulka er ein lærd person, og innimellom krev det noko av lesaren å følgja han i refleksjonane han gjer seg. Dette er altså ikkje ei lettlesen bok, men ei bok som er lærerik, interessant og nyttig.

Anne