fredag 25. mai 2012

Historien om Fru Berg


Ingvild H.Rishøi: Historien om Fru Berg

Dette er ei novellesamling med fem noveller. Til forskjell frå mange andre novellesamlingar, inneheld denne samlinga gode noveller som det går an å få noko ut av utan å vera litteraturmeldar. Dersom ein tek seg tid til å lesa lengre noveller i klasserommet, vil fleire av dei kunna fungera godt til det, etter mi meining. Dette er ei tynn, lita bok som òg vil vera kjekk å ha med seg på reise.

Novellene handlar om menneske som slit anten med problem dei har sjølv, eller med relasjonar til andre i familien som slit. Eit par av novellene er fortalt gjennom barneauge, der barnet er tilskodar til ei mor eller ein bror som har psykiske problem. Novellene er veldig godt fortalt, og ein kan nærast kjenna på det såre og hjelpelause.

Novellesamlinga var nominert til Brage-prisen i 2011.

Les gjerne bokmeldinga på: http://www.nrk.no/nyheter/kultur/litteratur/1.7481281  i tillegg.

Anne

mandag 21. mai 2012

Omtale av The first wife av Emily Barr og Interrupted-life beyond words av Rachel Coker



I dag kjem det to omtalar av to engelske bøker i eitt innlegg, ei er for vaksne og ei for ungdom. Først ut er The first wife av Emily Barr

The first wife er boka om Lily, jenta som nettopp har mista dei to einaste personane ho har vore med dei siste åra. Tapet etter besteforeldra gjer at ho plutselig er aleine i verda utan nokon andre. Dette nye livet er totalt ukjent for henne. Noko av det første ho gjer, er å busette seg hjå ein annan familie mot å av og til vere barnevakt. Seinare får ho òg jobb som vaskehjelp, blant anna i huset til Cornwalls mest kjente advokat, Harry Summers, og kona hans Sarah. 

Ho har bare jobba for dei i nokre få månadar når Sarah Summers tek livet av seg i Barcelona. Igjen er bare Harry, og eit heilt spesielt forhold utviklar seg mellom han og Lily. Likevel, er det noko meir rundt dødsfallet til Sarah som Lily ikkje veit om?

Boka er veldig god og fengande. Sjølv om ho er på engelsk, er ho lett å forstå og lett å lese. Av og til nokre avsnitt eg måtte lese fort i gjennom, for at det var litt vanskelig å få med seg alt. Gled deg til å lese denne, ei verkeleg god bok. 


Den andre boka ut er Interrupted-life beyond words av Rachel Coker

Denne boka foregår på 30 - og 40-talet. Hovudpersonen er Alcyone (Allie) som har vokst opp aleine saman med mora. I byrjinga av boka er mora alvorlig sjuk, og bare etter rundt femti sider kjem dødsfallet. Allie er bitter og sur etter dette, og særlig naboguten Sam får kjenne sinnet hennar, bare fordi han dukka opp akkurat då mora trengte henne. Etter dette blir Allie adoptert av miss Beatrice i nabostaten. Først kan ikkje Allie utstå den positive utstrålinga til adoptivmora, men etter ei stund lærer ho seg igjen å leve. Heilt til Sam dukkar opp igjen i nabolaget og eit forhold utviklar seg mellom han og Allie. Igjen blir dei vennar, men kan Allie la det bli noko meir? Særlig kviar ho seg for det når Sam må ut i krigen. 

Ei ekstremt god bok skriven av ein kristen forfattar. Boka gir eit positivt innblikk i kristendommen og i slutten blir dette meir sentralt enn i byrjinga. Boka får deg til å både gråte og le. Særleg noko av det miss Beatrice seier er komisk som : A good appetite for books, leads to a girl with more than looks. Eller: Often late to bed makes a girl unfit to wed. Ei bok du hugsar! 

Boka er skriven for ungdom.

Mai Lene


mandag 14. mai 2012

Gjøre alle ting nye


Henri J.M. Nouwen: Gjøre alle ting nye

Ei lita bok som ein fort les, men som er skriven for å gjera oss meir bevisste som kristne. Kva vil det seia å leva eit åndeleg liv? Det er ikkje mindre enn dette forfattaren prøver å gi oss svar  på med ei bok på bare 72 sider.

Forfattaren prøver å peika på ein veg der ein frigjer seg frå dei daglege bekymringane, og heller lar seg prega av at ein tilhøyrer Guds rike. For meg som eigentleg lever etter mottoet:» Ingenting er så lite at ein ikkje kan bekymra seg over det», var dette ei utfordrande bok. Det eg sette pris på med boka, var at her er verken lettvinte løysingar eller oppskrifter med så tronge rammer at det bare kan passa for få personar. Dette gjer boka truverdig. Mot slutten kjem forfattaren med konkrete råd, men viser samtidig koss ein sjølv må ta utgangspunkt i eige liv. Dette er absolutt ei bok det er vel verdt å lesa.

Det som eg likevel kjenner irriterer meg litt med denne boka, og som ho har til felles med ein del andre kristne bøker, er eit gammalmodig språk. Boka er utgitt i 2002, då meiner eg t.d. ord som «efter» ikkje er naturleg å bruka.  I tillegg burde ein del setningar vore skrivne om.


Anne

fredag 11. mai 2012

Fjorden


Lars Ove Seljestad: Fjorden

Dette var boka vår denne gongen i litteraturgruppa her på skulen. Dei fleste av oss var einige om at dette var ei bok me var glade for å ha lese. Det er ei var og sår bok som gav oss mykje å tenka over.

 Det meste i denne boka skjer på det indre planet. Eg-personen er i rommet der faren nett er død, og han begynner å tenka over forholdet mellom dei. Kvifor lika aldri faren han? Kva gjekk galt? Var det bare faren si skuld, eller var det hans eiga skuld? Einaste gongen han kjente at han og faren var på lag, var då dei arbeidde i båten. Turen då dei skulle henta denne båten, er ei sentral hending i boka.

Eg-personen hadde planar om at han sjølv skulle bli ein heilt annleis og betre far for sine barn, men tviler på at han lukkast i det. Kva gjekk galt?

Boka er skriven på «Odda-nynorsk» og i eit poetisk språk, men er lett å lesa,  237 sider.


Anne