Gaute
M.Sortland: The rise and fall of Gøran
Trovåg

Men Stuart er den oppfinnsame og initiativrike. Han elskar å
planlegga og likar draumane betre enn realitetane. Saman med Jokke og Eivind
startar dei band, og det er Stuart som skriv låtane. Eivind har meldt dei på ein konsert, og alle
er spente på korleis det skal gå når dei skal opptre for første gong. Utan å
røpa for mykje, kan eg vel seia at tittelen på boka seier mykje om korleis det
vekslar i livet til Stuart.
Sjølv om det med første augekast på bokomslaget kan sjå ut
til at her er det skikkeleg hardbarka ungdom det handlar om, tek boka heller
opp kor usikker ein kan vera i ungdomsskulealderen og kor viktig vennskap er.
Språket er litt røft innimellom, men forfattaren har ikkje prøvd å vera «overkul
« og språket verkar ikkje overdrive. Elles er boka småhumoristisk og er skriven på lett nynorsk.
Ho er berre på 108 sider og går raskt å lesa.
Anne
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar