mandag 16. desember 2013

Forestillinger om et hjem


Linn Rottem: Forstillinger om et hjem

Dette var ei ubehageleg bok å lesa. Ikkje fordi det er så mykje fælt i ho eigentleg, men fordi boka får tydeleg fram at ein kan meina det godt, men gjera skade likevel.

I boka møter me ein liten familie, Hallvard som er skodespelar, Sara som er forlagsredaktør og 15 år gamle Agnes. Forteljarstemma byter på å ligga hjå Hallvard og Agnes. Sara kjem ut for ei ulukke og blir svært skada, så skada at lite tyder på at ho nokon gong blir seg sjølv igjen. Det er òg tvil om kor mykje ho får med seg av det som skjer rundt henne. Slik sett blir ho utan stemme.

 Hallvard bestemmer likevel at Sara skal flytta heim, ho skal vera ein del av familien fortsatt. Han prøver å ta dei rette vala. Men er dette dei rette vala? Dottera Agnes meiner òg dette er det beste, eller gjer ho det? Me kjem altså nær innpå far og dotter. Det er ikkje alltid det er like god samanheng mellom det dei seier og gjer og det dei eigentleg meiner. Forestillinger om et hjem blir difor ei bok som skildrar tankar ein gjer seg  om kva andre meiner og forventar, men ei «forestilling» er ikkje alltid rett.

Sjølv om eg i starten skriv at dette er ei ubehageleg bok, tykte eg det var ei god bok. Dette er faktisk ein situasjon som ein familie kan komma oppi, og boka gir difor eit realistisk bileta av dei dilemma dette kan gi.

Boka går raskt å lesa, 233 sider.

Anne

mandag 9. desember 2013

Jeg nekter


Per Petterson: Jeg nekter

Jim og Tommy har vore venner heile oppveksten. Dei er ulike som personar og har ulik bakgrunn, men veit likevel at dei alltid har einannan. Ei hending i slutten av tenåra endrar totalt på dette. Jim begynner å stilla seg spørsmålet om han held mål som venn? Må ein fortena vennskap?

Etter å ha levd utan kontakt i 35 år, møtest dei igjen i eit kort glimt. Boka startar med dette møtet, og me får livet deira i tilbakeblikk, samtidig som me ser at dette møtet får begge til å begynna å tenkja over livet her og nå.

Tematikken i boka er kanskje ikkje så original, men spørsmåla boka stiller til oss lesarar, hevar henne over bøker flest. I tillegg er språket uvanleg godt. Dette er ei av ei beste bøkene eg har lese på lenge.

Anne

mandag 2. desember 2013

Hyperpubertet


Vera Michaelsen: Hyperpubertet

Likar du å lesa om dumme foreldre, fjortis-jenter, uklok mobilbruk og kjendishysteri? Ja, då er dette boka for deg. Men mest av alt handlar boka om Camilla som ikkje er kommen særleg langt i puberteten, men som plutseleg opplever at alt skjer på ein gong og i giganttempo. Ja, rett og slett blir dette så unormalt at ho blir kjendis mot sin vilje.

Midt i alt strevar Camilla med forholdet til venner og med å finna seg sjølv. Kven er ho midt oppi alt som skjer med kroppen hennar og i alt virvaret som ho brått står i? Dette høyrest kanskje noko traurig ut, men det er det ikkje. Dette er ei underhaldande og morosam bok, lettlesen og godt skriven, men med ein viktig bodskap.

Og sist, men ikkje minst: Endeleg ei ungdomsbok der læraren er eit fornuftig menneske. Det tykte sjølvsagt eg  var eit pluss.

Anne

mandag 25. november 2013

Carmen Zita og døden


Karin Fossum: Carmen Zita og døden

Dette er ei litt annleis krimbok. Ja, det er ei kriminalsak som skal løysast, men boka er mykje meir enn det.

Carmen og Nicolai er eit svært ungt par. Ein dag druknar sonen deira, Tommy, i ein dam nær huset, eller gjer han det? Dette er sjølve krimsaka som etterforskar Sejer skal prøva å finna ut av.

Tommy var ein gut på 16 månadar med downs syndrom, og boka handlar mykje om dette. Koss er det å få eit barn med downs syndrom? Kva hjelp har desse unge foreldra fått? Koss reagerer folk rundt dei på barnet? Og kanskje er boka òg eit innspel i debatten om tidleg ultralyd og sorteringssamfunnet? Les sjølv og vurder.

Boka har i tillegg med nokre filosoferingar rundt tru og ikkje-tru. Me møter politibetjent Skarre. Han er kristen og god venn og medarbeidar av Sejer. Skarre framstår ikkje som nokon stor apologet akkurat, men eg tykte det var fint å lesa ei bok der ein med kristent livssyn blir gitt positive trekk og er framstilt som normal.

Slutten av boka var det eg likte minst. Men det er vel difor eg vanlegvis ikkje les så mykje krim, eg tykkjer som regel avslutninga blir det svake punktet i ei krimbok. Det er «det rundt» som fascinerer meg mest, medan det jo er sjølve krimgåta som er poenget å få avslutta.

Ei god bok på berre 217 sider!

Anne

 

mandag 18. november 2013

Tusen ulevde liv


Tomas Sjödin: Tusen ulevde liv

Sjödin er ein forfattar som har skrive mange bøker om det kristne livet, ikkje minst om det å vera kristen i møte med sorg og smerte. Eg var difor litt spent på koss han klarte seg over i romansjangeren. Og konklusjonen min er nok litt slik både og.

Boka handlar om pastor Bengt Erikson som «rømmer» frå kyrkjelyden sin. Etter at kona døydde har han slite meir og meir og nådd det punktet der noko må skje, noko må bli endra. Denne hemmelege ferien han nå tar, der han har tenkt å vera aleine og blant anna skriva, er noko han kjenner på som nærast livsnødvendig.

Så går det slik det ofte går, nemleg ikkje heilt etter planen, men i dette tilfellet faktisk i positiv retning. Sjølve romanforteljinga, ramma rundt, er på mange måtar heilt grei med humoristiske og varme skildringar, men ho forsvinn litt i forfattarens store og eigentlege prosjekt: å skriva om Birger Norman og livsvisdommen i forfattarskapen hans. Dette blir etter mi meining same fella som mange «kristne» romanforfattarar går i. Det teologiske prosjektet blir så viktig at det stel historia. Kvifor ikkje heller gi ut ei fagbok?

Norman sine tankar er sitert på svensk og er i tillegg av eit slag som krev tid og mogning. Eg tykte mykje var bra og interessant, men i romanform  tykte eg dette blei litt tungt. Dette går på forventningar ein har til ei bok. Eg sette meg ned for å lesa ei roman, men burde hatt tid og ro på meg som om eg las ei oppbyggeleg bok. Difor må du setja av tid dersom du skal lesa denne boka, då er det mykje godt innhald å få med seg. Men er du ute etter ei god roman, så vel heller ei anna bok.

Språkleg er boka god samanlikna med andre bøker i same sjanger.

Anne

mandag 11. november 2013

Motstanderne


Arne Norlin og Andreas Palmaer: Motstanderne

Dette er første boka i serien Fans!, ein ny fotballserie for ungdom. Tove og Noel har akkurat blitt kjende med kvarandre, begge elskar fotball, men problema oppstår når det viser seg at dei heiar på ulike lag. Ikkje berre er laga ulike, men dei er erkefiendar. Dette skapar sjølvsagt vanskar for vennskapen.

Kanskje blir dette eit noko enkelt problem, iallfall for oss som ikkje er fotballnerdar, til å skapa så store konfliktar som i denne boka. Elles går boka greitt inn i sjangeren fotball-kjærleik-drama, og er det det du likar å lesa om, vil du lika denne boka.

Slutten er litt «teit» i følgje ein lesar, og det kan eg vera einig i. Dette er første boka i ein triologi, og til forskjell frå det som er vanleg i seriar, er ikkje denne  bok avsluttande. Det gjer at ein sit noko spørjande igjen og må venta på neste bok.
Anne

tirsdag 5. november 2013

Min DNAgbok


Ellen Økland Blinkenberg: Min DNAgbok

Det er vel få område det har skjedd ei like stor utvikling dei siste åra som innan genteknologi/bioteknologi. Dette er ei bok som både får fram kva moglegheiter som er nå, som kanskje kjem etter kvart og eit kritisk blikk på ein del av tilboda som kan komma. Ikkje minst er forfattaren kritisk til manglande informasjon rundt «Mor-barn-prosjektet».

Boka er svært lettlesen til å vera ei fagbok innan dette emnet, forfattaren skriv personleg og engasjert, ja, meir i dagbokstil. Her er ikkje berre fakta om emnet, men òg filosoferingar rundt arv og miljø. Ho har i tillegg intervjua ei rekkje personar om temaet og får slik fram litt ulike synspunkt.

 Alle ho intervjuar spør ho om dei trur på Gud, ikkje fordi ho sjølv gjer det, men fordi ho kjenner at det høyrer med når ein er inne på eksistensielle spørsmål. Mot slutten av boka skriv ho om at ho vurderte å oppsøka MF for å samtala med nokon der om etikk og bioteknologi, kanskje det kunne blitt ein god samtale, undrar ho. Men så gjer ho det ikkje likevel fordi ho fryktar meir frontar og moralisme enn dialog. Dette tykkjer eg er dumt. Boka hadde styrka seg på å ta med meir fagleg etisk refleksjon. Frykta ho har for å bli sabla ned av tilsette på MF, trur eg er ugrunna.

Elles er dette ei bok eg kan anbefala for dei som ønskjer å setja seg inn i kor genforskinga står i dag, sjølv om ein fagleg etisk refleksjon må hentast andre stader.

Anne

mandag 28. oktober 2013

Brobyggerne


Jan Guillou: Brobyggerne

Dette er ei bok som eg i første omgang ikkje hadde valt meg ut sjølv, men etter tips frå ein kollega, har eg lese ho i sommar. Og  ja, dette var ei interessant bok.

Tre gutar veks opp i fiskeværet Osterøya, men som så mange andre, blir dei tidleg farlause. Dei blir sende inn til onkelen i Bergen for å brødfø seg sjølv. Litt tilfeldig blir deira evne til båtbygging oppdaga, og det blir bestemt å gi dei ingeniørutdanning i Tyskland. Målet er at dei skal komma tilbake og bygga jernbane mellom Bergen og Oslo.

Boka gir eit innsyn i det imponerande slitet og utfordringa det var å bygga jernbanen mellom Bergen og Oslo, og den framtidstrua som rådde i starten av 1900-talet. Nå har me komme så langt at krig er gammaldags og ikkje aktuelt, meinte mange. Me veit jo kva som skjer, første verdskrig er ikkje langt unna. Ikkje minst gir boka eit fokus på første verdskrig som iallfall for meg var ganske ukjent, nemleg krigen i Afrika. Her blir det rokka med førestellingane me kanskje har på førehand om kven som var gode og vonde.

Er du historisk interessert, er det berre å setja i gong og lesa. Dette er første bind i ein historisk romanserie. Neste bok i serien  er Dandy.

Anne

mandag 21. oktober 2013

Verdens ende


Ketil Bjørnstad: Verdens ende

Aslak Timbereid er aleinefar og skal følgja dottera, Emma, opp til mora til Helgeland. Planen er at Emma skal vera der i haustferien. Men det endar tragisk med at Emma blir skada på flyet og døyr. Kven si skuld er dette?

Sjølve handlinga er altså opp i dagen og raskt avklara, men kva skjer med dei som lever vidare? Boka tar opp tema som mobbing, hemn, vondskap, skuld og hat, men handlar og om forsoning og det å leva vidare etter eit stort tap.

Eg tykkjer dette er ei god bok om desse tema. Ein følgjer i første rekke hovudpersonen Aslak Timbereid ut over i romanen, men får i tillegg sjå koss mora prøver å komma vidare. Eitt av tema eg nemner over tenkjer de kanskje at ikkje passar inn med handlinga elles, nemleg mobbing. Dette er likevel fletta inn i boka på ein fin måte. Emma har på skulen blitt utestengd utan at dei vaksne har greidd å gjera noko med det. Boka får godt fram kor hjelpelaus ein som foreldre då kan kjenna seg. Koss taklar skulen at ein av elevane som er blitt mobba er død?

Eg har ikkje lese noko av Bjørnstad før, men denne boka var så god at det fekk eg lyst til å gjera.

 Boka er på 306 sider.

Anne

tirsdag 15. oktober 2013

Charliblogg


Eldrid Johansen: Charliblogg

 

Det har vore mange debattar rundt bokblogging, både på Facebook og på bloggane. Difor er det kanskje aktuelt med ei bok som nettopp er om blogging, men på ein heilt annan måte. Bloggen i denne boka får alle våre til å verke som konstruktive og av god kvalitet, for er det ei som ikkje har følgt god folkeskikk, er det Charlotte i boka til Eldrid Johansen.

Charlotte flyttar frå byen til ein utkantsstad i Noreg, og velkomsten ho får kan ein ikkje akkurat seie at er av den hyggjelege versjonen. Det er veldig typisk, når det er flytting i ungdomsromanar. Den som flyttar blir veldig sjeldan teken godt i mot i slike bøker, og eit klassisk eksempel er "stå-framfor-klassen-og-presenter-deg."

 

Alle stirrer undersøkende på meg. Måler meg fra øverst til nederst. Selvfølgelig. (...) Jeg hadde garantert gjort det samme selv. Hvem er det som kommer hit og tror hun kan bli en av oss, tenker de sikkert. (...) Jeg mumler "hallå" og blir stående rådvill. Med det samme jeg sier det, hører jeg hvor overdrevent østlandsk det høres ut. Hvorfor sa jeg ikke bare "hei"?
- Vil du fortelle oss litt om deg selv, Charlotte? spør Solgunn.
- Ja begynner jeg. Stemmen min er svak. Jeg må kremte for å tvinge den på plass. - Jeg heter Charlotte Jansen, kommer fra Norge, og jeg liker å dan...
Høye stønn fra overalt i rommet. Jeg blir stående forvirret og vente. - Eh...
- Vi kommer også fra
Norge, sier Solgunn, med smilende munn, men med et glimt av noe annet i øynene.

 

Det er sikkert mange som kjenner igjen denne scenen frå andre bøker - og filmar - og det er ein veldig klassisk scene. Ein forstår at Charlotte kjem til å dumme seg ut, at dei kjem til å stønne høgt og at dette øydelegg heile inntrykket deira av henne og hennar inntrykk av dei. Slik held det fram. Allereie første friminutt får ho kjenne på utestenging og mobbing.

 

 Etterkvart som Charlotte blir buande på staden, og får merke meir av mobbinga, startar ho sin eigen blogg, Charliblogg, kor ho disser alt og alle i bygda. Særleg er det Josefine som får gjennomgå, jenta ho sit på sida av og som er den absolutt verste mobbaren på skulen. I tillegg er ho dottera til inspektøren på skulen. Josefine er ein karakter eg synes verkar veldig stereotyp. Dette gjeld òg for ein del andre personar i boka. Likevel liker eg ideen om bloggen, og eg synes det er eit viktig tema å ta opp. Det handlar om kva du kan legge ut på internett, og kva du ikkje kan legge ut på internett.  Johansen tar dette med blogging litt på kornet, og Charlotte er ein interessant karakter å følgje. Det at Charlotte både er eit mobbeoffer og ein mobbar - over nettet - gjer at boka med eitt blir meir interessant enn kva ho kunne ha vore.

 

Boka er velskriven, og eg trur denne ungdomsboka vil falle i smak, særleg hos ein del jenter.

Mai Lene

tirsdag 1. oktober 2013

Hele livet på en dag


Alyson Richman: Hele livet på en dag

Boka startar i Praha på 1930-talet. Studentane Lenka og Josef møter einannan og forelskar seg. Etter kvart blir det problematisk for dei å leva der sidan begge er jødar. Dei giftar seg, men vegane blir skilde då krigen og jødeforfølgjingane startar for fullt.

Mange år seinare møtest dei tilfeldig igjen i eit bryllaup der dei begge er gjester.  Boka blir nærast eit tilbakeblikk på den tida dei har levd kvar for seg. Spenninga ligg altså ikkje i om dei møtest att, men kva som skjer med dei i mellomtida. Særleg Lenka si historie er sterk. Gjennom henne får me innsyn i kva som skjedde med jødane i Praha. Me følgjer henne til ulike leirar og då ho etter kvart skal stabla livet sitt på beina igjen. Dette er inga lettvindt bok, men ei svært lærerik bok med mykje historisk stoff.

Omtrent samtidig med denne boka, fekk me òg inn Fortellingen i fiolinen. Ho handlar òg om andre verdskrig og jødane sin situasjon. Her følgjer me ei jødisk jente som klarer å komma seg ut frå Wien og blir tenestejente i England. Denne boka har ikkje dei same kvalitetane som Hele livet på en dag. Dersom du berre skal lesa ei av desse, vil eg anbefala Hele livet på en dag.
 
Anne

tirsdag 24. september 2013

Bøker om sjukdom


Bøker om sjukdom

I sommar hadde eg med meg to bøker heim som hadde sjukdom som tema: Kjersti Annesdatter Skomvold Monstermenneske og Linnea Myhre Evig søndag.

 

Den første boka, Monstermenneske, er ei sjølvbiografisk roman og handlar om ME. Eg hadde relativt høge forventningar til denne boka ut frå eit par bokomtalar eg hadde lese, eksempel på dette finn de her: http://www.nrk.no/kultur/monstermenneske-1.8376216   http://www.dagbladet.no/2012/10/29/kultur/bok/litteratur/litteraturanmeldelser/anmeldelser/24060474/

Sjølv om boka er på 600 sider, gjekk eg i gong med friskt mot. I starten tykte eg ho var interessant, men etter ein del sider med små hendingar og filosoferingar, så må eg innrømma at eg gjekk lei. Det blei for lite som skjedde. Nå er det kanskje eit av hovudpoenga, at har ein ME er det nettopp dei lange dagane og det at ingenting hender som er problemet. Slik sett er nok boka svært truverdig og gir eit korrekt bilete av denne lidinga.

Betre gjekk det dessverre ikkje då eg seinare på sommaren ga meg i kast med Evig søndag. Dette er trass alt ei kort bok på berre 190 sider. Linnea Myhre var visst ein kjent «sinnabloggar» frå før og skriv ei bok om dobbeltlivet, perfekt på bloggen, men store problem i forhold til mat i det verkelege livet. Denne boka var òg omtalt som ei viktig  og sterk bok: http://www.nrk.no/nyheter/kultur/litteratur/1.8283725 , sjølv om det blir sagt at boka ikkje har litterære kvalitetar. Det kan godt henda at boka er viktig, men ei sterk bok tykkjer eg ikkje det er.  Her blir det òg mange detaljar om lite som skjer. Denne boka lir mest av at me ikkje ein gong kjem nært inn på personen det handlar om, alt er ganske laust og overflatisk etter mi meining. Det er vel nærast blitt ein trend at «alle» bloggar om problema sine, men kan henda skal dette berre vera i bloggs form. Det krev nok ganske mykje meir å skriva ei roman. For lesaren er det vel òg enklare å ta inn litt etter litt om  detaljar om andre personar frå dag til dag enn det er å lesa det i eitt i ei bok.

Etter desse to bøkene begynte eg å lura på om eg er så kjenslekald og likegyldig til andre menneske at eg ikkje orkar lesa om sjukdommane deira. Eg tenkte: Har eg lese bøker om andre folks sjukdom før som eg har funne nyttige, interessante og gripande? Og det har eg faktisk. Eit par eksempel er Idas dans av Gunhild Corwin og  En dåre fri av Beate Grimsrud   Kva var forskjellen på desse bøkene og dei eg har omtalt over? Eg trur det var det at bilete blei heilare og større. Dei var ikkje like sentrerte om dei små detaljane i eige liv og filosofering rundt desse. Det var rett og slett meir handling. Og ikkje minst er Grimsrud si bok svært godt skriven. Ein kom tettare på henne som person og ho makta å gjera sitt eige indre meir interessant for lesaren(Iallfall for meg). Så ja, lesverdige bøker om sjukdom finst:
 
 

Anne

 

mandag 16. september 2013

Kroken og Kolden - krim


Kroken og Kolden: Døden kjem med bussen og Evig skal døden vere

Kroken og Kolden er frå Lom, og på mange måtar er desse bøkene like mykje heimstaddikting som krim. For oss som likar litt meir finsleg krim utan utbrodert råskap og røft språk, er dette kjekke krimbøker. Når ein i tillegg kan få med seg småhumoristisk bygdeskildring, var dette bøker som passa meg bra. Eg skriv om begge bøkene under eitt, fordi dei er ganske like, men ein bør lesa første boka først: Evig skal døden vere. Eit ekstra pluss er det at bøkene er lettleste og på nynorsk, så desse bøkene kan gjerne brukast for dei som ønskjer å lesa litt nynorsk litteratur. Begge er i pocketutgåve og svært greitt ferielesestoff.
Anne

mandag 9. september 2013

Livsvisdom


To bøker som handlar om det å takla livet og det som livet kan ha å by på av gode og mindre gode opplevingar. Den første, Ingvard Wilhelmsen: Det er ikke mer synd på deg enn andre, tok eg med som sommarlektyre fordi eg hadde fått ho anbefalt av ein kollega. Den andre, Isachsen og Høydal: I all fortrolighet,  les eg fordi eg gjekk tom for lesestoff ved bassengkanten på ferie.
 

Wilhelmsen arbeider på hypokonderklinikken ved sjukehuset i Bergen. Han presenterer personar han har møtt i arbeidet og kva endringar dei har fått i livet sitt ved å begynna å tenkja annleis. Hovudpoenget til Wilhelmsen er at ein kan ikkje endra på det ein har opplevd eller på andre personar, men ein kan endra på koss ein sjølv tenkjer omkring det og koss ein tillet det å prega livet sitt. Her er i tillegg ein god del teori som for meg var litt tung sidan eg ikkje er inne i helsevesenet sjølv, men mykje ny og nyttig informasjon.

Isachsen og Høydal si bok har på mange måtar same hovudpoeng, men er mindre tung fagleg, og for meg som altså ikkje har helsefagleg bakgrunn, var dette ei bok eg fann meg meir til rette med. Begge bøkene legg vekt på at me kan velja koss ein vil tenkja om både livet me har levd og personane rundt oss.

Eg trur det kan vera bra innimellom å lesa bøker som gjer oss meir bevisst på kva rolle me tar i forhold til arbeid, familie og venner. Den einaste ein kan endra på, er jo faktisk seg sjølv.
 
Ta gjerne òg ein kikk over nye bøker me har fått inn i haust. Sjølv meiner eg det er ein del interessant lesestoff der. Har du sjølv lese ei eller fleire gode bøker i sommar, så er det kjekt om du tipsar oss om innkjøp.
Anne

tirsdag 27. august 2013

Rookie


Stein Morten Lier: Rookie

Stein Morten Lier har tidlegare skrive mest krim for vaksne, men no har han òg teke til på thrillarar for ungdom. Tinius er namnet på hovudpersonen, men han blir òg kalla Rookie, som er tittelen på den første Tinius-thrillaren. Krim og thrillarar for ungdommar plar ikkje alltid å vere like bra, synes eg, men denne vart eg positivt overraska over.

Tinius er ein heilt normal ungdom med litt for stor interesse i politiarbeid. Han hackar seg innpå læraren si facebook-side, og dei andre elevane oppdagar det. Jenta som avslører han, Malin, får gjennomgå, for når han kjem heim, hackar han seg innpå hennar facebook. Det viser seg at ikkje alt er perfekt i Malins verd. Ho er med i ei gruppe for jenter som vil bli modellar, men denne gruppa er danna av ein mistenkeleg mann som kanskje ikkje vil desse jentene noko bra. På same tid går det ein mann rundt i nabolaget og lokkar jenter til seg, og Tinius byrjar å lure på om det kan vere same personen.

Tittelen på boka, Rookie, har med hovudpersonen å gjere. Rookie tyder fersking, og det er det Rookie er i denne boka, for han vil så gjerne løyse mysteriet med mannen bak facebookgruppa og han som går rundt og lurer folk. Du kan trygt seie at etterforskinga gjekk litt over styr. Han vil gjerne klare det sjølv og vere heilt "sikker", før han seier noko til mora, som er politi.

Boka er velskriven, og du blir godt kjent med dei ulike karakterane. Han har ein flott måte å skildre på. Eg vil tru at dette er ei bok som mange ungdommar vil like, fordi det er litt action og mykje ungdommar kan kjenne seg igjen i. Boka er på berre 150 sider, ho er lettlesen og bokstavane er i vanleg storleik.


Så då er det vel berre å venta på neste bok i serien?
Mai Lene

mandag 19. august 2013

Bøker om Israel


Velkommen tilbake frå ferie.  Andreklassingane er snart klare for tur, og difor tenkte eg det var greitt å begynna med å omtala eit par bøker om Israel først i haust.

Hanne Eggen Røislien: Israelerne – kampen for å høre til

Denne boka prøver å gi svar på kven israelaren er. Røislien har vore mange gonger i Israel og har snakka med ulike israelarar for å forsøka å forstå kven dette folket er. Biletet utanpå boka viser noko av mangfaldet og difor nokre av utfordringane Israel har med ein svært brokete folkesetnad.

Fokuset her er altså israelarane som folk og mindre på konfliktane i området, sjølv om mykje av stoffet vil komma i kontakt med desse sidene òg. Det er jo ein grunn til at mange ungdommar er tre år i militærteneste. « Kva gjer dette med ungdommane?» er eitt av spørsmåla boka stiller.

Eg tykte dette var ei veldig informativ og tankevekkande bok, ho var i tillegg godt skriven. Det er mest så eg tenkjer at denne boka burde vore obligatorisk lesing for dei som skal til Israel.

 

Guy Delisle: Opptegnelser fra Jerusalem

Delisle reiser rundt i verda på ulike oppdrag og teiknar opplevingane sine. Frå før har me boka han har teikna/skrive frå Pyongyang på biblioteket. (Det er òg ei bok eg kan anbefala).

Kona skal arbeida for Leger uten grenser i Gaza, medan han skal ta seg av barn og driva på med teikneseriar så langt det går. Boka er ei blanding av dagbok og reiseskildring. Eg tykkjer det er kjekt med teikna historie, og boka har ofte eit humoristisk blikk på situasjonane som oppstår.

Denne boka får òg fram kor mangfaldig det israelske samfunnet er, men her er meir om palestinarane og konflikten israelarar-palestinarar i tillegg. Det er jo ikkje så rart sidan kona arbeider i ein organisasjon som prøver å hjelpa det palestinske folket. Forfattaren kjem difor nært på vonde og tragiske hendingar.

Les/kikk deg i gjennom denne boka, ho gir innsyn i koss det kan vera å leva å Israel.

Anne

 

onsdag 19. juni 2013

God sommar!

Då vil me ønskja alle ein god sommar. Kom gjerne innom før ferien og lån med deg ei bok eller fleire. Skulle du lesa nokre gode bøker i sommar som me ikkje har inne, er det fint om du tipsar oss om desse når me startar opp til hausten. Eg har iallfall planar om å kosa meg mykje med godt lesestoff i ferien. Her er noko av det som står på mi "leseliste":

               Skjønnlitteratur: Det syvende barnet, Den usynlige broen, Forestillinger om et hjem, Brobyggerne, Døden kjem med bussen, Monstermenneske, Hele livet på en dag, Det siste du skal se er et ansikt av kjærlighet.

               Sakprosa: Vi som elsket Jesus - og fortsatt gjør det, Opptegnelser fra Jerusalem, Det er ikke mer synd på deg enn andre, Min islamske reise, Min DNAgbok.

Så då er det berre å gle seg til sommaren!
Anne

fredag 14. juni 2013

Tschick - Adjø, Berlin!


Wolfgang Herrndorf: Tschick – Adjø, Berlin!

Dersom du vil ha ei småmorosam bok som likevel kan seia nok fornuftig om viktige sider ved livet, er dette ei bok eg kan anbefala for ungdom, men faktisk òg for godt vaksne. Ein av fordelane med å vera bibliotekar, er at eg får lese ein god del bra ungdomsbøker som er underhaldande for oss vaksne òg.

Mike Klingenberg har ei alkoholisert mor, ein far som er mest interessert i sekretæren, bur i eit flott hus, er avstandsforelska i Tatjana i klassen, men har ingen venner. Sommaren står for tur, mora skal på avrusing, faren på «konferanse» og dei fleste andre i klassen er invitert på fest til Tatjana. Det er ikkje vanskeleg å sjå at dette ikkje er nokon god start på ferien. Det er då Tschick dukkar opp. Ein innvandrande russerunge som har gått i same klasse, men som Mike til då har prøvd å skygga unna. Sjølv om Tschick ytre sett er ein tapar, har han absolutt kvalitetar som kjem fram etter kvart. Mike og Tschick drar av garde i ein stolen Lada, litt på måfå i Tyskland. Dette blir ei morosam og lærerik reise. Mike oppdagar at mykje er annleis enn han har trudd og blitt fortalt. Les sjølv og finn ut kva han oppdagar.

Litt røft språk i eit par sekvensar, men i det heile ei fin og varm bok.

Les gjerne Svein Egil Omdal sin omtale av boka i Stavanger Aftenblad:


Anne

fredag 7. juni 2013

Himmelstormeren


Cecilie Enger: Himmelstormeren

Dette er ei biografisk roman om Ellisif Wessel. Eg sjølv hadde ikkje høyrt om denne personen før, men i si samtid var ho ei klar og ofte provoserande røyst i avisene.

Ellisif Wessel blei fødd i 1866 og vaks opp i ein overklassefamilie på Dovre. Ho var blant dei få jentene på den tida som blei sendt til Kristiania for å gå på skule. Her bur ho i same hus som syskenbarnet Andreas. Han studerer til lege. Dei blir etter kvart eit par, giftar seg og flyttar til Kirkenes.

I Kirkenes møter dei begge ein fattigdom dei før ikkje har sett. Dette gjer noko med dei. Andreas Wessel går inn i politikken, men Ellisif har ikkje denne moglegheita, ho er trass alt kvinne. Begge prøver dei å gi hjelp der nauda er størst, men særleg Ellisif ser etter kvart behov òg for systemendringar. Ho blir stadig meir radikal, lærer seg russisk og omset revolusjonær litteratur derifrå. I tillegg skriv ho artiklar og lesarinnlegg sjølv og får mange motstandarar.

Eg tykte dette var ei svært interessant bok om ei historie eg ikkje kjende til frå før. Boka gir òg eit tidsbilete av tilhøva i slutten av 1800-talet og starten på 1900-talet. I denne perioden blir det starta gruvedrift ved AS Syd-Varanger, Noreg riv seg laus frå Sverige, og den russiske revolusjonen nærmar seg. Ikkje minst får me sjå dei harde tilhøva menneske levde under.

Dette var lærerik og nyttig lesing!

Anne

fredag 31. mai 2013

Vareopptelling


Erlend Loe: Vareopptelling

Skal du ha med deg ei lita bok i veska for litt tidtrøyte på reisa, er Vareopptelling ei kjekk bok. Ho er humoristisk og godt skriven, med andre ord underhaldande.

Vareopptelling handlar om lyrikaren Nina Faber som etter mange år skal gi ut ei ny lyrikksamling. Ho har vore i Istanbul på eit lengre opphald og har skrive om ulike kjensler og tankar ho har fått når ho har sett ut over Bosporus-sundet. Rykta har gått både om alkoholbruk i litt vel store mengder og om eit kjærleiksforhold i Tyrkia. Me har i litteraturgruppa nett lese Snakk til meg av Vigdis Hjort, og eg tenkte kanskje Loe har fått ideen til hovudpersonen derifrå, for det finst ein del trekk ved desse personane som er like.

Heile boka handlar om dagen lyrikksamlinga kjem ut. Det viser seg at dikta ikkje blir like godt mottatt, særleg er det nokre bokomtalar som er tunge å svelgja. Faber går grundig til verks, og utan å røpa for mykje, blir det tid for hemn. Slik sett er boka kanskje meint som ein kritikk av enkelte litteraturkritikarar.

Vareopptelling har fått alt frå slakt til gode omtalar. Les gjerne omtalen på nrk.no:


Anne

onsdag 22. mai 2013

Gode mennesker


Nir Baram: Gode mennesker

Gode mennesker er ei annleis bok frå 2.verdskrig i Europa. Me følgjer to personar i to ulike totalitære statar annakvart kapittel gjennom heile boka.

Den eine hovudpersonen er Aleksandra Weisberg i Sovjet. Ho er dottera til ein jødisk intellektuell i Leningrad. Foreldra og vennene deira blir vurdert som farlege for det kommunistiske regimet. For å redda seg sjølv og tvillingbrørne sine, går Aleksandra i teneste hjå fienden.

Den andre hovudpersonen er Thomas Heiselberg, reklamemann og glad i alt amerikansk, noko som ikkje blir populært etter kvart som nasjonalismen vinn fram i Tyskland. Han er ein person som prøver å snu kappa etter vinden, og det å gi folk det dei vil ha, er hans sterkaste kort.

Då eg las på baksida av boka, trudde eg at desse to personane ville møtast relativt raskt og at boka vidare ville handla om vegen vidare for dei i lag. Dei møtest, men ikkje før etter cirka 400 sider, så boka handlar meir om koss dei kjempar i kvar sitt land mot diktatur og undertrykkande system.

Bak på boka står det:» Gode mennesker er Nir Barams fjerde bok , og den første israelske romanen som tar for seg den andre verdenskrig sett fra overløpernes perspektiv. Den lå på bestselgerlister i seksten uker, og ble nominert til Sapir-prisen, Israels mest prestisjefylte litterære utmerkelse.» Dette er likevel ikkje ei lettlesen bok. Eg sleit med å forstå alt, blant anna blei hendingar rundt dei tolka av hovudpersonane som at nå hadde det skjedd noko alvorleg, sjølv om eg ikkje heilt fatta kvifor. Men det har vel kanskje noko med at det er vanskeleg å setja seg inn i koss det er å leva under slike regime, og at ein sjølv ikkje er vane med å tolka alt og alle rundt seg heile vegen for å finna ut om dei er med eller mot ein.

Boka er på vel  500 sider.

Søk gjerne opp i Atekst Eskil Skjeldal si bokmelding i Vårt Land: Da Europa kollapset
Anne

fredag 3. mai 2013

Det syvende barnet


Erik Valeur: Det syvende barnet

Medan eg las denne boka, tenkte eg fleire gonger: Liker eg Det syvende barnet? Er det ei bok eg kan anbefale vidare? Som bokbloggar sit ein av og til og berre leitar etter feil i bøker, særleg i bøker på over åtte hundre sider. Ein ser etter det som berre er med for å ha det der, det som eigentleg ikkje trengs, men som forfattaren har spedd på med. Ein ser etter skrivefeila eller eit lite brot i skrivestilen. Ein ser etter lekkasjar og stader der forfattaren skriv noko heilt anna enn for hundre sider sidan. Kva så når ein ikkje finn dette?

Året er 1961, året som blir mest vektlagt i Valeurs debut om Kongslund barneheim, ein barneheim i Danmark det i følgje denne boka er knytt store mysterium til. Eg elskar jo krim, og då særleg nyskapande krim som skil seg ut og greier å lage eit anna dilemma enn berre ein drepen person utan mordar. Takk og pris klarte Valeur dette, og sjølv om eg har likt å lese Läckberg og Kallentoft, vil eg seie at Valeur verkeleg scorar høgt hjå meg berre ved å tenkje nytt! For sjølve plottet dreier seg ikkje berre om kven som har drepe personen på stranda i nærleiken av barneheimen Kongslund, men saka rundt alle adopsjonane og barna som var på Kongslund i 1961. For på den tida var det sju barn på Kongslund. Forstanderinna på Kongslund, frøken Ladegaard, òg kalla Magna, gjer alt som står i hennar makt for å finne familiar til barna som er passande, men dette året skjer det noko som forandrar alt for barneheimen. Det har i lang tid gått rykte om at mange av barna på barneheimen har fedrar som er høgt oppe i samfunnet og at mødrene har blitt tvungne til å adoptere bort barna til alle sitt  beste. Magna er dyktig og gjer alt så diskret som mogleg - utan spor.

Det er mange synsvinklar i boka, men ein utmerkar seg. Magna har ei pleiedotter som ho har namngitt Inger Marie Ladegaard, men som berre blir kalla Marie. Sjølve historia blir fortalt frå hennar synsvinkel i første person mykje av tida, samstundes som det er med ein allvitande forteljar som fortel om dei andre karakterane i tredje person. Ein får tilgang på kjenslene til dei fleste, men løyndommane kjem ikkje på samlande band. Utover i boka blir kvar av karakterane si historie så smått om sen fortalt, men ein må vente på avsløringar av den store karakteren. Dette må vere Danmarks beste debut på lang tid. Han fekk prisen for Nordens beste krim i 2012.

Samstundes som boka handlar om adopsjon og ein barneheim, handlar ho òg om andre meir djupe spørsmål: Identitet, familie, universet og  Gud. Eg syntes kanskje identitet var det mest interessante. For dei som ikkje får vite at dei er adoptert, veit dei kven dei er? Er dei seg sjølv? Bør dei få vite sanninga og finne ut kven dei eigentleg er og har adopsjon noko som helst med den du blir å gjere? Marie Ladegaard i boka er for at alle adopterte barn skal få vite kven dei er. Ho skuldar foreldra for å vere løgnarar som ikkje fortel noko. For henne er opphavet noko av det viktigaste, kanskje fordi ho ikkje veit noko om sitt eige opphav.
 
Dette er heilt klart ei av dei beste bøkene eg har lese. Storleiken har ikkje noko å seie. Og som de sikkert har forstått, er svaret på mitt første spørsmål ja. Ja, eg likte boka utruleg godt.

Mai Lene

fredag 26. april 2013

Lengsel etter frihet


Chai Ling: Lengsel etter frihet

I 1989 leier Chai Ling studentopprøret på Den himmelske freds plass i Kina. Ho er ein av dei som overlever,  og ho greier å flykta frå Kina og endar etter kvart opp i USA. Over tjue år etter fortel Chai Ling si historie.

Boka handlar både om oppvekst i Kina og om det å vera overlevande etter ein massakre, men òg om å finna nytt håp og meining i livet. Igjen får me sjå inn i eit samfunn der enkeltpersonar har lite å seia. Eg tykkjer Chai Ling får godt fram koss alt blir bestemt for deg og at både samfunn og foreldre forventar svært mykje. Men me blir òg kjent med ei jente som etter kvart begynner å stilla seg spørsmål og som ser baksidene ved eit lukka og autoritært samfunn. I tillegg tykkjer eg boka viser at det er store utfordringar å arbeida for demokrati og å begynna å tenkja sjølv i eit slikt samfunn. Koss organiserer me oss  og  kjem fram til felles standpunkt i ein organisasjon når me alltid har blitt fortalt kva me skal gjera?

Andre del av boka handlar om livet i USA. Chai Ling blir tillagt meiningar om at ho ønska eit blodbad på Den himmelske freds plass. Opposisjonen til kinesiske styresmakter i utlandet er splitta. Sjølv slit ho med skuldkjensle og skam. Likevel klarer ho å etablera eit tilsynelatande vellukka liv, men noko manglar. Til slutt blir ho kristen, og me får sjå kor frigjerande dette er for henne, men òg at dette gir ho eit nytt, stort oppdrag: kampen for det ufødde liv i Kina.

Eit interessant vitnesbyrd.

Me har òg denne boka på engelsk.

Anne

 

fredag 19. april 2013

Mamma er en countrysang


Cathrine Evelid: Mamma er en countrysang

Dette er ei roman frå Stavanger på 80-talet. Det gjorde at eg i første omgang fann boka interessant. Me blir kjende med ein liten familie: Mor Gry, far Terje og sonen Stig. Sjølv ønskjer dei å sjå på seg som ein moderne familie. Gry er likevel ikkje meir fri og moderne enn at ho fortsatt bryr seg om kva familien heime på Ogna meiner, og der er livet noko heilt anna enn moderne.  Den store draumen for Gry er å bli songstjerne, men medan ho ventar på «gjennombrotet», arbeider ho på Grillen som servitør. Terje er nordsjødykkar, barsk og uredd. Han er veldig interessert i musikk, kan teksten på alle låtane og alle strofene av Terje Vigen. Midt i dette lever Stig. Han er nært knytt til Gry og «les» henne for å finna ut kva sinnsstemning ho er i. Livet er enklast og kjekkast når Gry er glad. Faren er han meir halvredd for. Terje kan for eksempel få for seg at nå er det på tide at Stig lærer å symja, og då veit Stig at det nyttar ikkje å protestera. Samtidig er Terje den som gjer livet trygt. Han kan ordna opp i alt.

 Det er stort sett tankane og livet til Stig me får sjå alt gjennom. Han har ein livlig fantasi og er samtidig ein vàr gut. Kanskje er tankegodset innimellom noko over middels avansert for ein gutunge, men skildringane er likevel gode. Utover i boka får nemleg Stig meir og meir å tenkja på. Gry drøymer om songtilbod i radioen hjå ein mindre tiltalande mann, noko Terje ikkje likar. Og er arbeidet til faren farleg? Og kvifor er forholdet mellom mora og familien på Ogna så vanskeleg?

Ei interessant og godt skriven bok på 188 sider! Men eg tykkjer  miljøet på Ogna er skildra vel gammaldags til å vera på 80-talet. Eg hugsar jo dette tiåret sjølv, men kan ikkje seia at eg kjenner meg igjen. Nå var Ryfylke staden eg vaks opp, så det var kanskje annleis på Jæren? Forfattaren har nok tenkt å gi eit tidsbilete av 80-talet, men blir til dels for urealistisk og noko klisjèprega.
Anne

fredag 12. april 2013

Fresh


Krish Kandiah: Fresh – ressursbok for ferske studenter

Skal du studera til hausten? Då bør du investera i denne boka. Fresh gir konkrete råd til deg som ønskjer å vera ein kristen og samtidig skal starta livet som student.

Fordelen med denne boka, er at ho er så målretta. Boka tar for seg ulike sider ved studentliv og kristenliv, kva moglegheiter og utfordringar du kan møta på. Forfattaren kjenner studentlivet og kva val ein kan bli stilt overfor, og her finst mange gode råd. Ønsket er at du òg som student skal vera deg  bevisst at du er ein kristen.

Eg les eigentleg denne boka på feil måte,( for  raskare å kunna omtala henne her), for eg brukte 2-3 ettermiddagar, men opplegget er at du skal bruka fem veker og lesa eitt stykke kvar dag i starten av studentlivet. Slik sett har eg nok ikkje dvelt lenge nok med alt, men eg har fått med meg nok til å anbefala boka.

Og til dykk som er foreldre eller venner av nokon som skal begynna på studiar til hausten: send gjerne med dei mors kjøttkaker og nye gardiner, men legg  med denne boka òg!

Til slutt må eg kommentera språket. Alle slurvefeila  irriterte meg  frykteleg. Har forlaget slutta å lesa korrektur? Dette er for dårleg Lunde! Det er å håpa at andre lesarar blir mindre frustrerte over dette enn meg.

Anne

fredag 5. april 2013

Røverens siste seks timer


Willi R.Garvi: Røverens siste seks timer

Denne boka fekk me tilsendt rett før påske. Det tykte eg passa bra, og tok ho med heim i ferien som ei «meditasjonsbok».  Bak på omslaget står det:» Røverens siste seks timer er en historie om røveren som ble omvendt da han var korsfestet på Golgata sammen med Jesus. Forfatteren tenker seg hvordan han kan ha opplevd Jesus.» Dette tykte eg var eit annleis og interessant utgangspunkt, men må nok dessverre seia at for meg blei ikkje dette ei gripande bok.

Boka inneheld mange flotte illustrasjonar. På venstresidene står det om tilhøva i Israel på den tida eller andre forklarande opplysningar. Slik blir dette ei lett tilgjengeleg bok for alle. På høgre sida er det tankane til røvaren som kjem fram. Denne vekslinga tykkjer eg likevel øydelegg noko av opplevinga med å lesa om røvaren på korset. Boka er kort, så eg les ho ein gong til, då berre høgresidene, og tykte det fungerte noko betre. Likevel, eg saknar å komma nærare inn på denne røvaren. Eg meiner forfattaren skapar avstand ved språklege val som han gjer, blant anna med å skildra i fortid det som kunne vore skildra i nåtid, til dømes: «Jesus hadde vært taus hele tiden, men så bryter han stillheten og sier: «Far, tilgi dem, for de vet ikke hva de gjør.» Noe så utrolig! Jeg kom til å tenke på hva profeten Jesaja sa om Herrens tjener.» Første gongen eg las blei eg i tillegg forvirra over alle namna på personar forfattaren omtalar, og eg lurer på kvifor han har valt å kalla desse personane Judas Bartimeus, Jakob Barnabas og Jesus Barabbas. Men kanskje er det som skurrar mest dei lange tankerekkene og filosoferingane medan han heng på krossen. Er dette truverdig? Dette står i sterk kontrast til Bibelen si framstilling av Jesus. Lidinga er stor og me forstår det òg gjennom dei korte, ordknappe setningane. Jesus seier ikkje eitt ord for mykje.

Likevel, ta gjerne med deg boka og les ho. Ho er kort, 58 sider med lite tekst på kvar side, og me er jo ikkje like, så du kan oppleva henne annleis enn meg.
Anne

fredag 22. mars 2013

Apollomannen


Anne Mette Sannes og Knut Jørgen Røed Ødegaard: Apollomannen

Er du over middels interessert i romfart og astrologi og i tillegg drøymer deg vekk i framtidsscenario? Då er dette boka for deg. Sannes og Røed Ødegaard har gitt ut første boka i ein triologi: Ad Astra-triologien.

Handlinga er lagt til 2222, og menneska skal for første gong reisa til eit anna solsystem. Det er lagt opp til ein tur som vil ta 23 år og relativt mange folk blir med på turen. Romferja  er eigentleg  eit skikkeleg lite samfunn med fleire familiar. Det kunne jo blitt berre fest og gaman, men det viser seg at alt ikkje går som det skal. Er det nokon som ikkje burde vore med på turen, har dei fått med ein sabotør?

Forfattarane har gjort det noko vanskeleg for seg. Her skal dei laga tre bøker frå ei ukjent tid, med eit svært avgrensa rom og har nok samtidig lyst å driva opplysningsarbeid. Dette fører til at me blir presentert for eit stort persongalleri, og sjølv om me stort sett følgjer ein hovudperson, 15 år gamle Steve, blir det vanskeleg å få heilt oversikt over alle. I tillegg får me altfor mange detaljar om koss alt fungerer og ser ut. Sidan me blir ført inn i ein heilt ny setting, er det mykje som skal formidlast. På denne romferda skal barna/ungdommane i tillegg gå på skule og læra om verdsrommet. Det blir atter nye opplysningar. Dersom du er interessert i verdsrommet og klarer å leva deg inn i denne framtidsverda, er dette sikkert kjekt og spennande, men sjølve handlinga i boka forsvinn litt. Det skjer nemleg ganske mykje spennande og dramatisk, så idèen er god, men oppbygginga mot desse hendingane og skildringane av dei, blir for enkle og raske. Det skin for tydeleg gjennom at det ikkje er forteljinga som er det viktigaste. Det tykkjer eg er dumt, men eg er kanskje ikkje i målgruppa?

Anne

fredag 15. mars 2013

Livet - skapelse eller tilfeldighet?


Kjell Tveter: Livet –skapelse eller tilfeldighet?

Hovudtesen til denne boka er at sidan livet er så komplekst, må det stå ein skapar bak. Dette er ei oppfatning som dei fleste med ei gudstru vil kjenna seg igjen i.

Vidare byggjer boka på ei tydeleg ID-forklaring(Intelligent Design), og har ein klar kreasjonistisk og anti-darwinistisk argumentasjon. I utgangspunktet er boka tiltenkt ungdom, ho er i tillegg delt i to, ein enklare del først mynta på ungdomsskuleelevar(Boka er anbefalt gåve til konfirmantar), og ein meir avansert del for noko eldre ungdom. Det er òg blitt sagt at denne boka er tenkt som ei hjelp for dei som seinare skal studera biologi i møte med evolusjonslæra på universiteta. Boka legg òg vekt på at evolusjonslæra i denne boka blir imøtegått med vitskaplege argument.

Eg går ikkje inn på synet som ligg til grunn for denne boka her i omtalen, men meir om boka når det målet ho så tydeleg har: ei vitskapleg bok for ungdom som hjelp til å argumentera mot evolusjonsteorien.

Eg tykkjer ikkje boka oppnår målet sitt og skal sjølvsagt grunngi dette.

Vitskapleg? Ja, her er mykje naturfag om celler og DNA m.m. Og dei som har lese denne type bøker før, kjenner eksempla og fagstoffet igjen. Det er kanskje mitt største ankepunkt, at eg tykkjer det er lite nytt og at t.d. ny forsking innan genfeltet er lite synleg. Samstundes er eit av hovudpoenga for forfattaren å nærast hevda at dei som ser for seg ei evolusjonær utvikling, gjer dette fordi dei for all del ikkje kan tru på ein skapar. Han framstiller desse vitskapsfolka som om dei innerst inne veit at dei ikkje har gode forklaringar, men at dei held på sitt og ikkje vil ta inn over seg nyare funn. Eg tek med eit eksempel for å forklara kva eg meiner.  Boka har i første del med ein illustrasjon av evolusjonstreet nærast som eit juletre. Dette er i den enkle delen, men gir ikkje lesaren inntrykk av at boka er fagleg seriøs her. Kan henda har illustratøren, Vivian Zahl Olsen, fått litt for frie taumar, og fleire plasser fungerer illustrasjonane hennar godt til teksten i boka, men eg tykkjer ei fagbok bør ha kvalitet òg på forklarande figurar.  Seinare i boka problematiserer Tveter at vitskapsfolk ikkje tar inn over seg at mykje tyder på at det tradisjonelle «utviklingstreet» ikkje stemmer med nyare funn. Eg er sjølv ingen biolog og mi oppdatering på stoffet er stort sett kurs retta mot lærarar i naturfag, men eg veit at akkurat om «utviklingstreet» pågår det ein fagleg debatt ut frå ny genforsking om koss ein ser for seg at utviklinga har vore. Nye modellar av» utviklingstreet» heller mot ei meir kompleks framstilling enn før .  Det er rart at Tveter ikkje er klar over dette.  Forfattaren kjem òg fleire gonger med påstandar som at: dette har evolusjonsbiologar ingen forklaring på/ikkje gode forklaringar på i staden for å peika på kva forklaringar evolusjonsbiologar har og deretter seia noko om kvifor Tveter meiner desse teoriane ikkje held mål.


For ungdom? Del 1 For ungdom begynner slik: «Unge mennesker tenker kanskje ikke så mye over livet.» Språket vender seg vel meir til oss godt etablerte her  enn direkte til ungdom? Elles skal denne delen av boka ha honnør for eit relativt enkelt språk med god flyt. Likevel trur eg at mange ungdommar i konfirmasjonsalder vil oppleva boka som litt vanskeleg, det gjeld nok både innhald og språk. For ungdom som er over gjennomsnittet interessert i temaet og som er gode lesarar, vil boka kunna fungera, men eg ville nok ikkje satsa på denne gåva til så mange konfirmantar.

Til hjelp? Eg meiner boka er til lita hjelp for dei elevane som skal studera vidare på universiteta dersom tanken er å gi dei gode argument mot evolusjonslæra. Dersom studenten berre kjem med haldninga: dette er det inga forklaring på, og så blir møtt med forklaringar, kanskje ikkje berre ei, men fleire, så er han/ho like langt. Eg skulle ønska Tveter hadde referert til forklaringar som blir gitt i fagmiljøa og eventuelt argumentert mot dei. Dette gjeld for eksempel på område som den kambriske eksplosjonen og koss fuglane har funne ut at dei skal trekka mot sørlegare stader i vinterhalvåret.

Det boka gir kunnskapar om, er kva ID går ut på. Ho gir god innføring i mange komplekse system i kroppen vår og naturen elles, og ho har ei tydeleg antievolusjonistisk haldning. Er det dette ein er på leit etter ei bok om, så fungerer boka bra.

Boka er totalt på182 sider, men del 1(for ungdom) er berre på 60 sider.

Anne

 

 

fredag 8. mars 2013

Ho tok av seg blusen og sa ho var bibliotekar


Bjørn Sortland: Ho tok av seg blusen og sa ho var bibliotekar

Dette er ei småmorosam bok om 40 år gamle, kristne og ugifte Ivar som har eit stort ønske i livet: å bli gift. I starten av boka seier han det slik: «-eg kunne glatt ha gifta meg med den første som ville det. Ho kan ha tre ungar med tre ulike menn, problem med både det eine og det andre, vera frå kva som helst land i Afrika, eller frå Vadsø. Den første som så vidt hadde hinta, på eitt eller anna vis, ville eg ha fridd til og støtta økonomisk og på alle vis elles».

Ivar er i tillegg forfattar, ikkje ein kjend og rik, men ein som skriv litt, men har vanleg bankjobb utanom. Men på grunn av skrivekunnskapane, blir han spurt om å ha skrivekurs for to tidlegare(?) rusavhengige jenter som nå skal starta eit nytt og betre liv og som  treng litt tidsfordriv. Det viser seg når han møter opp, at det er blitt til tre jenter. Etter kvart kjem det fram at iallfall ikkje alle tre er fri frå bindingar til fortida, og Ivar får ein god idè: Han tek dei med til feriehuset til tanta i Syden, vekk frå alt, trur han.

Det er likevel ikkje spenninga i historia som gjer denne boka lesverdig, men skildringa av hovudpersonen, Ivar. Denne naive og samtidig heilstøypte, sjølvoppofrande personen skapar ei lun, sår og humoristisk historie.

Boka er skriven på lettleseleg nynorsk og har berre 205 sider inkludert nokre sider med teikningar. Denne boka går altså fort unna.

Les gjerne òg bokmeldinga til Live Lundt i Vårt Land 06.12.12 under overskrifta: Ironiens høysang (søk opp i atekst). Ho avsluttar med:» Navnet på boka oppsummerer på ingen måte romanens tema, slik en tittel ofte gjør. Snarere setter den tonen for en kontrastfylt, varm og morsom bok: Et must for en hver moderne -bedehus-gjenger med selvironi.»

Anne